Tildeling av status som verna skip

Denne rettleiaren tek føre seg dei handlingane og dokumenta som inngår i saksgangen når ein skal tildele eit fartøy status som verna skip. Status som verna skip har kome i stand i samarbeid mellom Sjøfartsdirektoratet og Riksantikvaren etter eit initiativ frå Norsk Forening for Fartøyvern.

Statusen har heimel i Sjøfartsdirektoratet si Forskrift 17. juni 2014 nr. 768 om særlige regler for skip som er vernet eller fredet og fører flere enn 12 passasjerer. Av § 1 i forskrifta går det fram at det berre er Riksantikvaren som kan gje tilgang til regelverket ved å tildele slik status eller ved å frede fartøy.

Denne ordninga må difor handsamast ved at fylkeskommunane mottek søknadene og deretter innstiller til Riksantikvaren om å fatte det formelle vedtaket om tildeling av slik status.

Last ned pdf Vent mens filen genereres

1Føremålet

Føremålet med å gje status som verna skip er å sikre historiske fartøy som kulturminne etter prinsippet om vern gjennom bruk.

2Heimel og rettar

Eigar, eller den eigar gjev fullmakt, kan søkje om status som verna skip. Vedtak om tildeling av status som verna skip er eit einskildvedtak etter forvaltingslova § 2 første ledd bokstav b jf. bokstav a.

Riksantikvaren kan tildele status som verna skip etter søknad frå eigar og positiv innstilling frå fylkeskommunen/Sametinget der fartøyet no høyrer heime. Status som verna skip er eit samarbeid mellom direktorata Riksantikvaren og Sjøfartsdirektoratet. Det er nedfelt i Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk at Riksantikvaren skal fatte vedtaket som gjev tilgang til statusen.

Status som verna skip gjev eigar tilgang til å søkje om tilskot til fartøyvern jf. punkt 2.1. i Føreskrift om tildeling av tilskot frå Statsbudsjettet kapittel 1429 post 74.

Status som verna skip gjev også eigar høve til å sertifisere fartøyet etter Sjøfartsdirektoratet sin Forskrift om særlige regler for skip som er vernet eller fredet og fører flere enn 12 passasjerer. Statusen er heimla i Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk, der Riksantikvaren kan gje tilgang til regelverket ved å frede eit fartøy eller tildele det status som verna skip jf. § 1 punkt (1) i føreskrifta.

Fleire andre offentlege og private instansar har etter eige initiativ teke i bruk status som verna skip som ei kvalitetssikring. Dette gjeld både ved tildeling av tilskot og tildømes for å skilje mellom verna fartøy og andre fartøy i hamnespørsmål. Status som verna skip gjev også fiskefartøy omfatta av kondemneringsordninga høve til å fiske og levere same kvote som fritidsfartøy.

3Krav til søknaden

Søknaden om status som verna skip skal innehalde følgjande:

1.       Utfylt søknadsskjema for status som verna skip.

Skjemaet skal innehalde sentrale tekniske og historiske opplysningar om fartøyet. Den historiske framstillinga skal leggjevekt på tekniske endringar fartøyet har vore gjennom og omfatte alle delar av skipet, som skrog, dekk, overbygg, rigg, innreiing og maskineri. Framstillinga skal også innehalde informasjon om kva type fart eller bruksområde fartøyet har tent til, eigarhistorie og dei ulike framdriftsmaskinene fartøyet har hatt. Det skal gjerast greie for heile fartøyet si historie, også tida etter at det gjekk ut av ordinær drift. Alle endringar skal så langt som mogleg daterast.

Skjemaet inneheld også spørsmål om føremålet med eigarskapen. Her skal det gjerast greie for eigar sine motivasjonar for å søkje om status som verna skip for fartøyet. Dette for å sikre at eigar er innforstått med kva ein slik status medfører.

2.       Dokumentasjon av fartøyet slik det er no

Søkjar skal leggje ved foto og eventuelle teikningar som syner skipet slik det er ved tidspunktet for søknaden. Foto skal dokumentere heile skipet, både innvendes og utvendes.

3.       Dokumentasjon av fartøyet si historie

Dersom det finst historiske foto og/eller teikningar som syner tidlegare versjonar av fartøyet skal desse leggjast ved for å underbygge framstillinga av fartøyet si historie slik den framkjem i søknaden.

Søknaden skal sendast til den styresmakta som har førstelineansvar for fartøyet. I regelen er dette fylkeskommunen i fartøyet sitt heimfylke, eller Sametinget for samiske fartøy.

4Handsaming av søknaden

4.1 Fylkeskommunen si handsaming

Fylkeskommunen avgjer om det skal setjast søknadsfristar for innsending av søknad om status som verna skip eller om søknadene skal handsamast fortløpande. Status som verna skip er ein føresetnad for å kunne søkje om tilskot. Difor vil det vere ein føremon dersom fristen for søknad om status som verna skip kjem i god tid før fristen for søknad om tilskot.

Handsaminga av søknaden skal ta utgangspunkt i følgjande:

A.      Motteke søknadsskjema med vedlegg.

B.      Synfaring av fartøyet saman med eigar.

C.      Fylkeskommunen/Sametinget kan også gjere eit enkelt søk etter kjelder til fartøyet si historie i tilgjengelege bibliotek, arkiv og liknande. Hensikta er ikkje å samle inn slike kjelder, men å vurdere i kva grad dei finst og er tilgjengelege.

Under handsaminga skal det leggjast vekt på følgjande tilhøve i prioritert rekkjefølgje:

1.       Fartøyet sin verdi som kulturminne

Eit fartøy sin verdi som kulturminne kan både vurderast ut frå prinsippet om representativitet eller som enkelståande unikt kulturminne knytt til særskilde historiske tilhøve.

a)      Fartøyet som representant for ein kategori

Kategoriar kan utleiast av til dømes bruken (passasjerfartøy, lasteskip, slepebåt, fiskefartøy osb.), av fartøyet sin konstruksjon, byggjemåte, materialbruk og/eller utforming.

b)      Fartøyet som unikt kulturminne

Fartøy kan ha særlege historiske eller tekniske kvalitetar som ikkje vert dekte inn gjennom det representative vernet i punkt a). Til dømes kan fartøyet vere

      • prototypar
      • enkeltståande fartøy som ikkje inngår i dei definerte kategoriane
      • knytt til sentrale historiske personar eller hendingar
      • knytt til prestasjonar av nasjonal eller internasjonal karakter

 

2.       Dokumentasjonen knytt til fartøyet

Fylkeskommunen/Sametinget skal vurdere om det finst kjelder til fartøyet si tekniske- og kulturelle historie som gjer det mogleg å sjå fartøyet som representant for ein kategori (jf. Punkt 1.). Dersom det vert hevda at fartøyet framstår slik det var i siste del av driftsperioden, skal det leggjast fram dokumentasjon på dette. Dersom det av ulike grunnar må gjerast endringar på fartøyet, må kjeldene gje tilstrekkeleg dokumentasjon til at resultatet kan forsvarast ut frå antikvariske prinsipp.

3.       Fartøyet sin tekniske tilstand.

Fylkeskommunen/Sametinget skal vurdere fartøyet sin tilstandsgrad:  om fartøyet er sertifisert/operativt, om det har behov for lokale eller avgrensa reparasjonar eller om det representerer eit meir omfattande restaurerings- eller tilbakeføringsprosjekt.

Sjå Rettleiar til vurdering av tilstandsgrad på fartøy for nærare informasjon om dette.

4.       Ressurstilgang

Vurder tilhøvet mellom oppgåva fartøyet representerer og eigar sine ressursar. Det er vesentleg for utviklinga av eit prosjekt at eigar som eit minimum har tilgang til tenleg opplagsplass og ressursar til å halde fartøyet i ein stabil situasjon medan arbeidet med planlegging og finansiering av eventuelle tiltak går føre seg.

Oppsummering: Fartøyet sin antikvariske verdi framkjem som resultat av ei vurdering av kva kategori fartøyet representerer saman med fartøyet sin tilstand og dokumentasjon.

Dersom fylkeskommunen/Sametinget konkluderer med at fartøyet stetter krava til status som verna skip, skal fylkeskommunen si skriftlege innstilling sendast til Riksantikvaren. Riksantikvaren vil fatte det formelle vedtaket. Innstillinga skal innehalde ei vurdering av punkta 1 til 4 i lista over og eventuelle andre relevante tilhøve som fylkeskommunen vil leggje vekt på.

4.2 Riksantikvaren si handsaming

Riksantikvaren si handsaming av søknaden skal ta utgangspunkt følgjande materiale motteke frå fylkeskommunen/Sametinget:

A.      Eigar sitt digitale søknadsskjema med vedlegg.

B.      Fylkeskommunen/Sametinget si skriftlege innstilling med ei vurdering av punkta 1-4 i lista under punkt 3.1. og andre relevante tilhøve som fylkeskommunen har lagt vekt på.

Som del av handsaminga kan Riksantikvaren be om ytterlegare informasjon og gjere eigne undersøkingar.

Den vidare saksgangen hjå Riksantikvaren vert slik:

1.       Riksantikvaren skal sende brev til eigaren av fartøyet. Dersom det ikkje vert avdekka openberre feil eller manglar i søknaden eller fylkeskommunen/Sametinget si innstilling skal Riksantikvaren sende brev til eigaren av fartøyet, med kopi til fylkeskommunen/Sametinget, med tilbod om status som verna skip. Vedlagt brevet er ein avtale der vilkår og retningsliner for statusen er lista opp. Denne skal eigar signere og returnere til Riksantikvaren innan den fristen som framkjem av brevet.

2.       Når den signerte avtalen er motteken frå eigar, skal Riksantikvaren sende brev med vedtaket, jf. forvaltingslova § 2 første ledd bokstav b jf. bokstav a der det går fram at fartøyet er tildelt status som verna skip, jf. forvaltingslova § 2 første ledd bokstav b jf. bokstav a

Følgjande instansar skal ha kopi frå Riksantikvaren sin korrespondansen med eigaren:

  • Fylkeskommunen/Sametinget skal ha kopi av vedtaksbrevet og den signerte avtalen (Dette gjeld fram til det digitale sakshandsamingsprogrammet Digisak er innført og er tilgjengeleg for begge styringsnivå.)
  • Sjøfartsdirektoratet skal ha kopi av vedtaket om tildeling av status som verna skip.
  • Fiskeridirektoratet skal ha kopi av vedtaket om tildeling av status som verna skip dersom vedtaket gjeld fartøy frå fiske eller fangst som er unnateke kondemneringsordninga.

Når det er gjort vedtak om tildeling av status som verna skip har fartøyet tilgang til å søkje om økonomisk tilskot frå statsbudsjettet kapittel 1429 post 74 og til å bli sertifisert etter Sjøfartsdirektoratet sine tilpassa reglar jf. punkt 2.

Når eit fartøy har fått tildelt status som verna skip har fylkeskommunen/Sametinget høve til å:

  • Be om periodisk rapportering eller informasjon frå eigar
  • Synfare fartøyet etter avtale med eigar

5Annullering og fornying

Status som verna skip kviler på ei skriftleg avtale mellom eigar av fartøyet og Riksantikvaren. Ved eigarskifte fell avtalen difor bort. I avtalen om status som verna skip som førre eigar signerte, er det også plikt til å melde frå til Riksantikvaren ved eigarskifte.

Dersom ny eigar vil vidareføre fartøyet sin status som verna skip, må det sendast inn ny søknad om dette etter same prinsipp som ved første gangs søknad. Ein ny eigar skal få tilgang til den tidlegare søknaden, slik at denne kan oppdaterast der det er naudsynt. Ein søknad om vidareføring vil i regelen kunne handsamast raskare då fartøyet er kjent på førehand. Dersom den nye eigaren ikkje sender inn søknad om vidareføring av status som verna skip, fell denne bort.