Tilstandsvurdering av fartøy

Eit fartøy sin tekniske tilstand er ein av faktorane som inngår i vurderinga ved handsaming av ein søknad om status som verna skip, ved tilskotsfordeling og når freding vurderast. Tilstandsgraden på kulturminna inngår også i rapporteringa frå fylkeskommunane til Riksantikvaren, og frå Riksantikvaren til departementet.

Last ned pdf Vent mens filen genereres

1Bruk og forfall

Prinsippet om vern gjennom bruk medfører at alle nedbrytingsprosessar som fartøya normalt er utsette for vil halde fram, også etter at fartøyet er verna eller freda. Vi må hugse på at dei fleste fartøy vart bygde med tanke på å ei levetid på kring 25 år. Det vil seie at dei fleste verna og freda fartøy i dag er meir enn tre gongar så gamle som dei vart bygde for å bli.

Eit fartøy på sjø forfell langt raskare enn bygningar på land, og konsekvensane av lekkasjar, uvær og manglande tilsyn kjem mykje raskare og vert langt meir fatale. Rust, råte og slitasje kvilar aldri, og sjølv på fartøy som er i god stand vil skrogplatene på eit tidspunkt bli tynnare enn regelverket eller fysikken tillèt, hudplank vil få dårlege parti og dei mekaniske delane vil bli utslitne.

Samla medfører dette at tilstanden på eit fartøy vil endre seg langt raskare enn tilstanden på eit bygg på land. Ein vinter utan tildekking og tilsyn kan endre tilstanden mykje, særskild dersom fartøyet i utgangspunktet har ein dårleg tilstandsgrad. Sjølv fartøy som vert innplassert i høgste tilstandsgrad vil berre kunne halde seg der i 3 til 5 år før det vert naudsynt med einskilde restaureringstiltak, sjølv med godt og jamleg vedlikehald. Eldre fartøy vart bygde med tanke på kontinuerleg vedlikehald og vil raskt forfalle dersom vedlikehaldsprosessen ikkje vert vidareført.

2Problem knytt til vurderinga av tilstandsgrad

Dei freda og verna fartøya er svært ulike når det gjeld storleik, kompleksitet og byggjemateriale. Eit felles system for rangering av den tekniske tilstanden må difor bli svært grovt og utan mange nyansar. Kvar fartøyet vert innplassert i eit slikt system er også berre eit uttrykk for kvar i prosessen det er, og kan ikkje direkte seie oss noko om det relative arbeidsomfanget eller kostnadsnivået. Omfanget av arbeidet, og dermed av kostnaden, med til dømes å løfte eit ukomplisert fartøy på 30 fot frå lågaste til høgste tilstandsnivå kan vere lågare enn å løfte eit komplisert fartøy på 200 fot eitt nivå opp.

Døma på kva tiltak som kan vere naudsynte ved dei ulike tilstandsgradane kan variere ut frå kva type fartøy det er tale om. Til dømes kan utbetring av eit spant i eit stålfartøy vere ein lokal og ukomplisert reparasjon som kan gjerast i løpet av ein arbeidsdag. Skifte av eit spant i eit kravellbygd trefartøy kan på si side medføre at fartøyet må stå på slipp i fleire dagar medan større lengder garnering eller hudplank vert fjerna for tilkomst, og ny plank må tilpassast og festast etter at spantet er utbetra.

Følgjande faktorar kan representere problem ved tilstandsvurdering av fartøy:

  • Manglande tilkomst/visualitet pg
    • Store delar av fartøyet sin konstruksjon kan vere vanskeleg tilgjengeleg eller uråd å inspisere visuelt. Tilstandsgraden kan difor vere vanskeleg å fastsetje nøyaktig. Det vil til dømes ikkje vere mogleg å gjere ei tilstrekkeleg vurdering av tilstanden på spant og botnstokkar i eit kravellbygd trefartøy før hudplank eller garnering er fjerna.
    • Dersom eit fartøy ligg på sjøen  under inspeksjonen, vil ikkje undervanskroget, ror, propell, botnventilar m.m. vere tilgjengelege for inspeksjon. Ein kan til dels kompensere for dette ved bruk av dykkar, men det aller beste er å inspisere fartøyet på land.
    • Sjølv for fagfolk er det vanskeleg å vurdere tilstanden på maskineri eller tekniske system som ikkje er opna, elektrisk fordelingsnett som ikkje er megga etc.
  • Ulike kjelder/underlagsinformasjon:
    • Ei tilstandsvurdering som kan byggje på ei grundig ultralydmåling av skroget på eit stålskip, ei teknisk gjennomgang av maskineriet av fagfolk eller andre former for ekspertvurderingar, vil ha færre usikre moment enn tilstandsvurderingar som til dømes åleine byggjer på sakshandsamar sin visuelle inspeksjon av eit fartøy som ligg på sjø.
  • Ulik kompetanse
    • Dersom kompetansen og erfaringa til dei som utfører tilstandsvurderingar er for ulik, kan det vere vanskeleg å samanhalde vurderingane. Dei regionale oversyna vil då kunne gje eit skeivt bilete av den samla tilstanden på den verna flåten i landet. Tilstandsvurderingar som er utførte av folk utan erfaring frå fartøyvern, og utan støtte av fagfolk, vil i regelen vere utan verdi.

Først når restaureringa av eit fartøy er i gang og alle vesentlege konstruksjonar og delar er tilgjengelege for inspeksjon av fagfolk, vil det være mogleg å vurdere tilstandsgraden på eit rimeleg sikkert grunnlag. Dette er også årsaka til at tilstandsgraden og kostnadsoverslaga i regelen vert justert etter at restaureringa har starta.

Dette skjer gjerne på eit stadium der prosessen har kome langt og det er gjort så tunge økonomiske og faglege investeringar i fartøyet at det skal mykje til for å kansellere prosjektet. Kansellering av prosjektet vil heller ikkje vere kostnadsfritt, då dette kan resultere i store kostnader med demontering, kjeldesortering og resirkulering av eit fartøy som ikkje kan sjøsetjast og slepast til opphoggar. Treverk frå trefartøy kan vere innsett med bunnstoff, inntrekt med olje frå maskina og liknande. Større trebåtar kan difor reknast som problemavfall som må leverast hjå spesialmottak til ein relativt stor kostnad. Kvaliteten på tilstandsvurderingane er eit viktig verktøy for å unngå slike situasjonar.

3Tilstandsgrad (TG)

Med utgangspunkt i tilstanden sin alvorsgrad er det definert fire ulike tilstandsgradar for fartøy (TG1 til 4), samt ein tilstandsgrad som tilkjennegjev at fartøyet sin tilstand ikkje er kjent (TG5).

TG1

Tilstandsgrad 1 dekkjer ein situasjon der det berre er naudsynt med vanleg vedlikehald.

  • Fartøy som er sertifikatpliktige er utan pålegg om utbetringar.
  • Fartøy som ikkje skal  sertifiserast er på eit vanleg vedlikehaldsnivå.

Døme på naudsynte tiltak ved TG1:

  • Slipping med reingjering, botnstoff og skifte av zinkanodar
  • Generell utvendes skraping av treverk, rustpikking av stål og overflatebehandling
  • Innvendes skraping av treverk og rustpikking av stål på einskilde parti
  • Oljing av dekk
  • Etterdriving av dekk og /eller skrog
  • Periodisk eller tilstandsvurdert vedlikehald av maskineri og tekniske komponentar
  • Skifte av ståande og/eller laupande rigg.

TG2

Ved tilstandsgrad 2 har fartøyet eit moderat behov for restaurering. Fartøy som er sertifisert er i ein prosess for å fornye eller oppnå sertifikat, men har fått pålegg om mindre utbetringar/utskiftingar før sertifikatet kan fornyast eller tildelast.

Fartøy som ikkje skal sertifiserast er i god stand, men har behov for einskilde lokale utbetringar som ikkje inngår i det vanlege vedlikehaldet.

Døme på naudsynte tiltak ved TG2 ut over tiltak som også gjeld TG1:

  • Lokale reparasjonar av einskilde plater eller hudplank/garnering i skrog eller avgrensa delar av dekket.
  • Lokale utbetringar på einskilde spant
  • Lokale utbetringar på vasstette skott (til dømes i kjettingkassa eller nedst på maskinskott)
  • Lokale utbetringar av tanktoppar i skrogtankar, der det berre må gjerast avgrensa demontering av innreiing og/eller tekniske installasjonar for tilkomst
  • Lokale reparasjonar på overbygg eller dekkshus
  • Rote i rundholt som medfører byte av mast eller rær
  • Byte av mast eller bom på grunn av rustskader

TG3

Fartøy i tilstandsgrad 3 har meir omfattande behov for restaurering. Fartøyet har symptom på forfall og må ha meir omfattande reparasjonar før det kan sertifiserast eller kome opp på normalt vedlikehaldsnivå (TG1). Det er likevel ikkje noko umedelbar fare for at fartøyet skal havarere under opplag.

Døme på naudsynte tiltak ved TG3 ut over tiltak som også gjeld TG1 og 2:

  • Meir omfattande skifte av skrogplater eller hudplank/garnering i skroget som medfører at større parti av konstruksjonen må demonterast og bytast
  • Meir omfattande utbetringar av vasstette skott, som krev omfattande demontering av innreiing og/eller tekniske installasjonar for tilkomst
  • Meir omfattande reparasjonar av spant, der til dømes eit fåtal heile spant må bytast
  • Meir omfattande utbetringar av tanktoppar/skrogtankar som krev omfattande demontering av innreiing og/eller tekniske installasjonar for tilkomst
  • Omlegging av større dekksflater med fornying av plank
  • Om lag all plank på fartøyet sitt verdekk må skiftast.
  • Meir omfattande reparasjonar/utskiftingar av konstruksjonen i overbygget

TG4

Ved tilstandsgrad 4 må fartøyet gjennomgå meir omfattande restaureringstiltak som omfattar vesentlege delar av fartøyet sin konstruksjon. Fartøyet må sikrast, dokumenterast og eventuelt setjast i naudhamn[1] medan restaureringsprosessen vert førebudd. Det må treffast tiltak for at fartøyet ikkje skal havarere under opplag.

Døme på naudsynte tiltak ved TG4 ut over tiltak som også gjeld TG1, 2 og 3:

  • Meir enn om lag 20 % av fartøyet sitt skrog må utbetrast der all tilstøytane innreiing og tekniske installasjonar må demonterast for tilkomst.
  • Alle fartøyet sine dekksflater må leggjast om med fornying av plank/plater og store delar av dei dekksberande konstruksjonane. All tilstøytane innreiing og tekniske installasjonar må demonterast for tilkomst.
  • Omfattande fornying av konstruksjonar i overbygg/dekkshus som medfører demontering av all tilstøytane innreiing og tekniske installasjonar for tilkomst.

TG5

Tilstandsgrad 5 betyr at fartøyet sitt behov for vedlikehald/restaurering ikkje er kjent. TG5 er med andre ord ein «ventekategori», som skal synleggjere at fartøyet enno ikkje er tilstandsvurdert.

Fartøy med vernestatus kan få naudhamn hjå eit fartøyvernsenter i påvente av restaurering. Det er Riksantikvaren som kan gje tilgang til naudhamn hjå sentra etter innstilling frå fylkeskommunen/Sametinget.