r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Kulturminne i kommunen (KIK)

Målet med KIK-prosjektet er å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne. Prosjektet legg til rette for dette gjennom arbeid med kommunale kulturminneplanar.

Kommunane er viktige som forvaltarar av kulturminne og kulturmiljø. For å vere best mogleg rusta til forvaltingsoppgåvene, er ein kulturminneplan eit godt verktøy.

Målet er at 90 % av alle kommunane i landet skal ha stadfesta planar med eit særskild fokus på kulturminne innan 2020.

Ein kulturminneplan gir oversikt og kunnskap

Ein kulturminneplan er kommunen si oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø i kommunen og inneheld ein plan for forvaltinga av desse.

Kommunane definerer sjølve kva kulturminne som er verneverdige og som skal inngå i deira kulturminneplan.

Gjennom arbeidet med å lage ein kulturminneplan får kommunen sett temaet på den politiske dagsorden og aktualisert kulturarven si rolle i samfunnsutviklinga. Ein kulturminneplan gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida.

Bakgrunnen for prosjektet

Det er ei nasjonal målsetting å redusere tapet av verneverdige kulturminne, jf. Nasjonalt miljømål 2.1. For å nå dette målet, må ein ha oversikt over desse kulturminna i kommunen. 

St. meld. 35 (2012-2013) Framtid med fotfeste legg vekt på styrking av den kommunale kompetansen på kulturminnefeltet, og på kor viktig det er at kommunane skaffar seg oversikt over verneverdige kulturminne i kommunen gjennom kulturminneplanar.

KIK-prosjektet er ein del av Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga som er Riksantikvarens satsing for ei kunnskapsbasert, målretta og effektiv kulturminneforvalting.

Kraftverket ved Kviafossen. Les meir om dette og andre kulturminne i Eid i kulturminneplanen til Eid kommune. Foto: Gerd Fløde Bjørlo, Eid kommune

Spørsmål om KIK?

Ta kontakt på kik@ra.no.

Mange nye kommuner ønsker kulturminneplan

Over 60 kommuner har søkt om midler i 2017 til å lage kulturminneplan. 

Hvilke kommuner som mottar midler vil bli kunngjort så snart vi har behandlet søknadene.

Gratulerer, Bykle og Eid!

Vi gratulerer Bykle kommune og Eid kommune med ferdig kulturminneplan.

Sjå planen til Bykle kommune.
Sjå planen til Eid kommune.

Kulturminner på Facebook

Facebook kan være en fin kanal for å engasjere lokalbefolkningen og få mer kunnskap om lokale kulturminner. 

Her er noen eksempler:

Kulturminneplan for Kvam
Kulturminneplan for Åmli
Kulturarven i Eid
Kulturminne i Sveio
Kulturminne i Radøy kommune