Arbeidsområder

Fartøyvern

Det statlege ansvaret og engasjementet for fartøyvernet er først og fremst å ta vare på eit utval fartøy som er representative for den norske, maritime kulturarven. Det blir særleg lagt vekt på den kronologiske, tekniske og funksjonelle breidda i utvalet. Dessutan skal fartøy frå heile kysten vere representerte.

M/S Granvin
Ms Granvin frå 1931 er freda av Riksantikvaren. Her frå Sørfjorden i Hardanger. Foto: Ragnhild Hoel, Riksantikvaren

Fartøyvernsentra

Det er viktig å sikre handverkskompetanse for å ta vare på fartøya. Dette blir mellom anna gjort frå tre nasjonale senter for fartøyvern: Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum i Gratangen for bevaringsoppgåver knytt til fartøy av tre, og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand for arbeid med stålskip.

Sentra har som hovudoppgåve å utføre større oppdrag knytt til dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy, og å dokumentere og føre vidare viktige tradisjonar knytt til sjølve handverket.

Riksantikvaren gir økonomiske tilskot til antikvarisk istandsettjing og vedlikehald av verneverdige fartøy. Riksantikvaren kan òg frede fartøy eller gi fartøy ein formell status som «verna skip». Les mer om tildeling av status som verna skip her.

Om lag 250 eldre fartøy har vernestatus gjennom frivillige avtalar med Riksantikvaren. 14 fartøy er freda, 2 er midlertidig freda. Båtar som er eldre enn 50 år kan ikkje førast ut av landet utan løyve frå Riksantikvaren.

Fartøyvernet og dei frivillige

Stadig fleire blir opptekne av den maritime kulturarven vår, og det norske fartøyvernet kviler på ein omfattande frivillig innsats som i stor grad er retta mot drift og vedlikehald av fartøy som er i aktiv bruk. Dugnadsinnsatsen held historia levande og tilgjengeleg for nye generasjonar.

Fleire tusen frivillige langs heile kysten og langs vannvegane i innlandet legg årleg ned langt over 130.000 dugnadstimar og bidreg til at vi har så mange godt bevarte, flytande kulturminne i Noreg. Ikkje berre er dugnadsarbeidet viktig for å ta vare på kulturarven, men i tillegg samlar dette folk i alle aldrar i alle delar av landet og skapar viktige sosiale møteplassar.

Samferdselshistorie, veteranbåtar og Vestlandet.

Veteranbåtane er ein vesentleg del av samferdselshistoria vår. Dei fortel mykje om livet langs kysten og i fjordane i tida etter 1850, og korleis desse båtane vart ei livsnerve for folket der. Ei stor mengd lokalt eigde ruteselskap var etablerte og kjølstripene etter hundrevis av lokalbåtar vevde landet saman og la til rettes for utvikling og velstand. Den freda lokalrutebåten M/S «Granvin» er eit framifrå døme på desse.

M/S «Granvin» vart bygd i 1931 som bilførande lokalbåt i det viktige riksvegsambandet mellom Aust- og Vestlandet gjennom indre Hardanger, og er difor også ei av våre eldste riksvegferjer. Men ruta omfatta også ei rekkje veglause grender undervegs mellom endestoppa. Først i 1987 fekk desse bilveg, og «Granvin» vart seld etter 56 år i rute – heldigvis til ein frivillig organisasjon som no tek godt vare på henne.

Møt dei frivillige som arbeider med vedlikehald av M/S Granvin i filmen over, «Dar kjem Dampen – om fartøyvern og frivillighet».

Les meir om M/S Granvin på kulturminnesok.no og på heimesida til Veteranskipslaget Fjordabåten.

Verna fartøy – “Fartøylista”

«Verna fartøy» er ei gruppe fartøy der eigar forpliktar seg til å ta vare på fartøyet etter antikvariske retningsliner. Eit fartøy må ha status som verna for å vere berettiga til å søkje tilskot.

Last ned Verna og freda fartøy – informasjon fra Fartøylista her (excel)

Faktaark

Fartøyvernsentrenes Fellesråd har laga faktaark som omhandlar vedlikehald av eldre båtar og fartøy. Desse er tilgjengelege på nettstaden www.delebanken.no

Publisert: 1. mars 2020 | Endret: 2. april 2020