Pressemelding

Deportasjonsmonumentet på Akershuskaia i Oslo freda

Deportasjonsmonumentet på Akershuskaia i Oslo vart freda 24. november. – Eit viktig kulturminne, og ein stad å minnast overgrepa mot den jødiske befolkninga under andre verdskrigen, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Aleksander Øren Heen (Sp).

Publisert: 24. november 2022

Jødisk minnesmerke “Sted for erindring” av kunstneren Antony Gormley (2002) Foto: Niklas Hart / Koro

Kunstverket «Stad for erindring» vart avduka den 25. oktober i 2000, og har sidan vore ein viktig stad for den jødiske befolkninga. Det består av i alt åtte stolar, som er fast plassert utover eit større område på Akershuskaia med utsikt mot Oslofjorden.

– Det er veldig sjeldan vi fredar kunstverk, men dette er også ein møteplass som er viktig for den jødiske befolkninga og som fortel om tilhøvet mellom jødar og den norske staten, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Aleksander Øren Heen.

Til saman var 773 norske jødar deportert under krigen. Dei vart frakta ut av Oslo av skipa «MS Monte Rosa», «DS Donau» og «MS Gotenland» i perioden mellom 20. november 1942 og 25. februar 1943.

– Fredinga av jødiske kulturminne er viktig fordi det gjer dei til nasjonale kulturminne. Når vi markerer fredinga i samband med 80-årsdagen for deportasjonen, er det fordi dette går inn som ein del av historia til det norske fellesskapet, seier Ervin Kohn, forstander i Det mosaiske trussamfunnet i Oslo

Nasjonal minnestad

Minnesmerket er eit viktig fysisk symbol på deportasjonen av den jødiske befolkninga i Noreg. Det er også historia om overgrep utført av nordmenn mot ein minoritet, og er ein del av statens oppgjer med eigen historie og ei orsaking overfor den jødiske befolkninga.

– Kulturmiljøet som fredast på Akershuskaia i dag er ein viktig påminnar for oss alle om at dette skjedde i Noreg, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Vi har saman med ulike representantar for den jødiske befolkninga kome fram til at dette kulturmiljøet skal fredast. Det er ein viktig del av Noregshistoria, og eit minnesmerke for oss alle, seier Geiran.

Stolane i kunstverket har ikkje sete, og dei står alle i same retning, vendt mot vest og ut mot fjorden.

Deportasjonsmonumentet “Stad for erindringar” er eit vakkert, og vemodig kunstverk, seier ordførar i Oslo Marianne Borgen. – Dei tomme stolane ved kaia er vendt mot Oslofjorden, og i retning leia skipa frakta dei deporterte jødiske familiane. Det er ein tydeleg og sterk bodskap, seier Borgen.

Kulturarv for alle

Riksantikvaren har ei målsetjing om at heile befolkninga skal være representert på fredingslistene. Difor er eit utval jødiske kulturmiljø i Noreg vald ut for freding. Riksantikvaren skal løfte fram og få auka kunnskap om heile den norske kulturarven og frede eit utval av desse.

Les meir om fredinga av deportasjonsmonumentet. 

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
FredingHer finn du heile fredninga av deportasjonsmonumentet