Dalheim - Singerheimen

Anlegget på Dalheim, også kalla Singerheimen, er plassert på den austre dalsida i Olden med utsikt mot Olden gamle kyrkje og Oldefjorden. Anlegget ligg nært tidlegare Yris hotell som var bustad for ekteparet Singer dei første åra i Olden før dei bygde villaen på Dalheim.

Singerheimen i Dalheim er freda.
Dalheim – Singerheimen Villaen på Dalheim skil seg frå mykje av den samtidige villaarkitekturen i Noreg. Med sitt låge langstrakte preg, og mange samansatte volum flyt den ut over og glir inn i det storslåtte landskapet i Olden.
Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren
Dalheim – Singerheimen Karakteristisk for villaen er det låge langstrakte preget, dei mange småruta vindauga og dei store taka med svært open takvinkel og flate takopplett på begge langsidene. Den skarpe mintgrønefargen på villaen og dei andre bygningane er eit framandelement i vestlandsarkitekturen og bidreg til at huset skil seg frå dei tradisjonelle bygningane i området.
Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren

Om kulturminnet

Det amerikanske ekteparet Anna Brugh Singer og William H. Singer jr. kom til Olden i 1913. William Singer var kunstmålar og i Olden fann han det landskapet han hadde leita etter til motiv for sine bilete. Ei fylje av dette var at dei vart verande i Olden resten av livet og dei bygde etter kvart opp eigedomen Dalheim. Først budde dei på Yris hotel i Olden der dei fekk sin eigen fløy. I 1914 reiste dei det første huset i Olden, Studio, som atelier til William Singer. I 1922 var villaen på Dalheim ferdigstilt og dei kunne flytte inn. Då vart møblar og samlinga med kunst og antikvitetar flytta frå villaen deira De Wilde Zwanen i Laren i Nederland til Olden.

Anlegget på Dalheim utvikla seg over fleire år, på bakgrunn av ekteparet Singer sine behov. I tillegg til Studio (1914) og villaen består eigedomen av tenarbustad/drengestove, stabbur, kafeen med eldhus og utedo til tenarskapet, jordkjellar, driftsbygning (1932), vedhus, bungalow (1937), mausoleum (ca. 1947). Tidlegare høyrde og ein paktarbustad til anlegget men den vart skild ut frå Dalheim og seld i 1946. Dei bygde og ei hytte ved Briksdalsbreen som høyrde til anlegget og som dei nytta eit par gonger i året. Denne hytta er i privat eige og godt bevart.

Bakgrunn for fredinga

Ekteparet Singer sette store spor etter seg i Sogn og Fjordane, Nederland og USA. I Sogn og Fjordane er det spesielt bygginga av Nordfjord sjukehus som dei kosta og som vart utsmykka med William Singer jr. sine maleri, og forskotteringa på bygginga av vegen mellom Olden og Innvik som var eit viktig samferdsletiltak for fylket. I 1921 var villaen på Dalheim ferdig og dei kunne flytte inn. Då vart mykje av møblar og samlinga med kunst og antikvitetar flytta frå villaen deira De Wilde Zwanen i Laren i Nederland til Olden. I tillegg til at noko inventar sannsynlegvis var nyinnkjøpt til villaen på Dalheim.

William H. Singer jr. si rolle som kunstnar og ekteparet Singer si viktige samfunnsmessige rolle som kunstsamlarar og mesenar førte til at Dalheim blei ein samlingsplass og tidvis bustad for fleire kunstnarar. Dette er også ei viktig side ved Dalheims historie som kommer klårt til uttrykk i anlegget og som vil bli sikra ved fredinga av eigedomen.

Dalheim – Singerheimen Detalj av dei karakteristiske småruta vindauga. Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren
Dalheimen – Singerheimen Villaen har mange fellestrekk med samtidige amerikanske herskapshus og vi finn her klare trekk frå den samtidige prærie arkitekturen som vart utvikla i Midtvesten på byrjinga av 1900-talet. amansettinga av dei ulike bygningsvoluma med ulik høgdeform og takvinkel, samt bruken av karnapp i enkelte rom er med å gje huset ei variert form som igjen peikar mot dei amerikanske prærie husa frå same tid. Ut i frå heilskapen i villaen si utforming er det nærliggande å sjå på villaen som ein noko forenkla og fornorska versjon av Midtvesten sine præriehus.
Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren
Stabburet Forma på opninga over halvdøra til verandaen har ei noko spesiell utforming med ein flatboge som heng ned mot midten av opninga. Utforminga av opninga kan gje assosiasjonar til barokken sin arkitektur på vestlandet.
Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren
Utsnitt frå flyfoto frå Widerøe Flyveselskap AS som syner hagen på Dalheim i 1936. Fotoet syner strukturane i hagen med trær, busker bed og åker samt tørkeplassen for kler.
Foto: Widerøe / www.bokhylla.no

Formålet med fredinga av Singerheimen

Formålet med fredinga er å bevare Dalheim som eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig eksempel på eit komplett anlegg med bustad og arbeidsplass for eigarar, gjester og tilsette i første halvdel av 1900-talet. Den sosialhistoriske og bygningshistoriske dimensjonen i dette anlegget er og særs interessant. I norsk samanheng er det spesielt at dei ulike bygningane og deira funksjoner i det heilskaplege anlegget så tydeleg viser forholdet mellom eigarar og tilsette med skilnad i sosial stand og ulike roller og oppgåver.

Bygningsmassen viser ein kombinasjon av tradisjonell vestlandsk byggeskikk og sveitserstilsarkitektur med sterk påverknad frå amerikansk sørstatsarkitektur og den internasjonale Arts & Crafts-rørsla. På Dalheim er dei fleste av bygningane bevart på sin opphavlege stad og dei er i svært liten grad blitt endra i eksteriør og interiør. I tillegg er mykje av interiør og lause gjenstandar framleis bevart på anlegget. Sjølv om mange av dei mest verdifulle gjenstandane og bileta vart flytta til Vestlandske kunstindustrimuseum i 1963, er det framleis mange gjenstandar att som fortel om livet til ekteparet Singer i Olden.

Omfanget av fredinga

Fredinga etter kulturminnelova § 15 omfattar følgjande bygningar og anlegg:

  • Villaen
  • Studio
  • Mausoleum
  • Eldhus med kafé
  • Drengestove/tenarbustad
  • Stabbur
  • Driftsbygning
  • Bungalow
  • Vedhus
  • Hage

Fredinga omfattar bygningane sine eksteriør og interiør. Hovudelement som planløysing, materialbruk og overflatebehandling og detaljer som vinduer, dører, gerikter, listverk, eldstadar og fast inventar er og omfatta av fredinga.

Fredinga etter kulturminnelova § 19 omfattar austre del av eigedomen merka av på kartet nedanfor. Fredingsgrensa følger dels eigedomsgrensa for gnr. 86, bnr. 27 og dels grensa mot hagen (§ 15-området). Askeladden id 263491-11.

Kart

  • Fredningsår

    27.10.2021

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Offentlig

  • Datering

    1922

  • Lokaliteter

    Bebyggelse-Infrastruktur: Boligeiendom