Pressemelding

Kunstnarbustad i Olden freda

Kunstnaren og stålarvingen frå USA, William H. Singer jr., busette seg i Olden på starten av 1900-talet. No er huset til han og kona Anna, «Singerheimen», freda, og den eventyrlege historia om dei bemidla amerikanarane frå Olden skal bevarast.

Publisert: 27. oktober 2021

Singerheimen i Dalheim er freda.
Dalheim – Singerheimen Villaen på Dalheim skil seg frå mykje av den samtidige villaarkitekturen i Noreg. Med sitt låge langstrakte preg, og mange samansatte volum flyt den ut over og glir inn i det storslåtte landskapet i Olden. Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren

Det amerikanske ekteparet Anna Brugh Singer og William H. Singer jr. kom til Olden i 1913. William Singer var kunstmålar, og i Olden fann han det landskapet han hadde leita etter til motiv for bileta sine.

– I norsk samanheng er anlegget på Dalheim unikt seier riksantikvar Hanna Geiran. Her møter vestlandsk byggeskikk og sveitserstilsarkitektur ein sterk påverknad frå amerikansk sørstatsarkitektur og den internasjonale Arts & Crafts-rørsla. Det er eit vakkert anlegg, og heilskapen og samanhengen mellom hage og bygningar er ei viktig grunngjeving for fredinga.

Singerane forelska seg i landskapet i Olden. Her fann William Singer motiv for måleria sine, og dei bygde etterkvart villakomplekset «Singerheimen» som vart ekteparet sin bustad. Ekteparet bidrog på forskjellige måtar til utvikling av lokalsamfunnet. Dei kosta mellom anna bygging av Nordfjord sjukehus og forskotterte bygging av vegen mellom Olden og Innvik som eit viktig samferdsletiltak i fylket. Delar av ekteparet si store kunstsamling blei overført til Vestlandske kunstindustrimuseum etter Anna Singers død.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Ei kjærleikshistorie

Då William og Anna Singer busette seg i Olden for over hundre år sidan, flytta dei frå eit industriimperium i USA. Dei kom til ei lita bygd på Vestlandet som dei vart veldig glad i. Det syner seg i måten dei bidrog til og engasjerte seg i lokalsamfunnet. Dei budde først på Yris hotell i Olden, der dei fekk bygd seg sin eigen fløy. I 1914 reiste dei det første huset på Dalheim, Studio, som atelier til William Singer. I 1922 var villaen på Dalheim ferdig og dei kunne flytte inn. Då vart møblar, kunst og antikvitetar flytta frå villaen deira De Wilde Zwanen i Laren i Nederland til Olden.

Bustaden på Dalheim utvikla seg over fleire år, og vart stadig tilpassa og utvida etter ekteparet Singer sine behov. I tillegg til Studio (1914) og villaen (1922) består eigedomen av tenarbustad/drengestove, stabbur, kafé med eldhus og utedo til tenarskapet, jordkjellar, driftsbygning (1932), vedhus, bungalow (1937), og eit mausoleum (ca. 1947).

Tidlegare høyrde óg ein paktarbustad til anlegget, men den vart skild ut frå Dalheim og seld i 1946. Dei bygde og ei hytte ved Briksdalsbreen som dei nytta nokre gongar i året. Denne hytta er i privat eige og er godt bevart.

Føremålet med fredinga

Ekteparet Singer var gjennom deira levemåte og verke svært tydelege eksponentar for internasjonale kulturelle impulsar i samtida. I norsk samanheng er anlegget på Dalheim unikt. Bygningsmassen viser ein kombinasjon av tradisjonell vestlandsk byggeskikk og sveitserstilsarkitektur med sterk påverknad frå amerikansk sørstatsarkitektur og den internasjonale Arts & Crafts-rørsla. Hageanlegg og interiør er også del av fredinga, og hagen er eit svært godt døme på tendensar i europeisk og amerikansk hagekunst frå første halvdel av 1900-talet. Heilskapen og samanhengen mellom hage og bygningar er viktig som del av grunngjevinga for fredinga.

Dalheim er eit komplett anlegg med bustad og arbeidsplass for eigarar, gjester og tenarskap frå første halvdel av 1900-talet.Det finnast få stader her i landet som så tydeleg viser forholdet mellom eigarar og tenarskap. Bygga syner skilnaden i sosial stand og dei ulike rollene og oppgåvene som eigar og tenarskap delte seg i mellom.

I dag er det Stiftinga William H. Singer Jr`s OG Anna Brugh Singers Minde som eig og forvaltar samlinga og bygga på Dalheim. Museet KODE i Bergen har delar av kunstsamlinga, og noko finst også i USA og Nederland. Vestland fylkeskommune har utarbeida fredingsforslaget.

Dalheimen – Singerheimen Villaen har mange fellestrekk med samtidige amerikanske herskapshus og vi finn her klare trekk frå den samtidige prærie arkitekturen som vart utvikla i Midtvesten på byrjinga av 1900-talet. amansettinga av dei ulike bygningsvoluma med ulik høgdeform og takvinkel, samt bruken av karnapp i enkelte rom er med å gje huset ei variert form som igjen peikar mot dei amerikanske prærie husa frå same tid. Ut i frå heilskapen i villaen si utforming er det nærliggande å sjå på villaen som ein noko forenkla og fornorska versjon av Midtvesten sine præriehus. Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren
Stabburet Forma på opninga over halvdøra til verandaen har ei noko spesiell utforming med ein flatboge som heng ned mot midten av opninga. Utforminga av opninga kan gje assosiasjonar til barokken sin arkitektur på vestlandet. Foto: Ingrid Melgård, Riksantikvaren