Wittgensteins hus sett nedanfrå i landskapet. Huset står på ei hylle i fjordlandskapet omslutta av fjell og trær.
Ludwig Wittgenstein sitt hus Wittgenstein sitt hus er plassert på ei hylle rundt 50 meter over Eidsvatnet i Skjolden. Huset har derfor ei noko utfordrande tilkomst. Stien opp til hytta er del av fredinga. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune

Ludwig Wittgenstein sitt hus

Skjolden ligg inst i Lustrafjorden som er ein sidefjord til Sognefjorden. Den vesle tettstaden er omkransa med fjell og på Wittgenstein si tid var det fjorden som var hovudvegen inn til Skjolden. Området i dag er prega av jordbrukslandskap samt ein cruisekai og overnattingsstadar for turistar. Huset som Wittgenstein fekk bygd her innst i Eidsvatnet, omtala han vekselvis som hus og hytte. Huset var enkelt utforma og avsides plassert. Det kan vere at han var inspirert av tilsvarande hus som andre kunstnarar og filosofar reiste, som til dømes Henri David Thoreau, Martin Heidegger og Gustav Mahler.

Om kulturminnet

I dag er det lett å oppfatte Skjolden som ein heller avsides plass der bygda ligg innerst i Lustrafjorden med lange avstandar til næraste større by. Men rundt førre hundreårskifte, med fjorden som hovudferdselsveg, var ikkje Skjolden så avsides som vi oppfattar staden i dag. På 1800-talet var Skjolden ei viktig hamn for dei indre delane av Luster og for delar av Nord-Gudbrandsdalen. Etter at jernbanen frå Otta til Eidsvold kom i 1896 minka handelstrafikken frå Nord-Gudbrandsdalen, men den vart erstatta av ein stadig aukande turisttrafikk, der den europeiske overklassen skulle oppleve det ville og dramatiske Noreg.

Huset vart bygd i 1914 som ein tilhaldsstad for Ludwig Wittgenstein, rekna som ein av dei største og mest innflytelsesrike filosofane i det 20. hundreåret. Wittgenstein brukte huset som ein stad han kunne trekke seg tilbake for å finne ro til å arbeide med verka sine.

Ludwig Wittgenstein sitt hus ligg plassert på ei hylle ca. 50 meter over Eidsvatnet i Skjolden. Huset har ei noko utfordrande tilkomst, der ein kan nå det med båt over Eidsvatnet eller frå ein sti langs austsida av vatnet. Frå vatnet og opp til huset er det ein smal bratt sti, stien har parti oppmura med tørrmur for å kunne vere farbar.

Huset Wittgenstein bygde, har trekk frå både den norske og den austerriske byggeskikken. Dette gjer at det har ei utforming som skil seg noko frå hus av tilsvarande storleik i området.

Bakgrunn for fredinga

Ludwig Wittgenstein sitt hus vart flytta frå opphavleg plass i 1958 og bygd om til eit nytt bustadhus. I fleire år har Luster kommune og andre interesserte arbeidd for å få huset flytta tilbake til opphavleg stad og sett i stand slik det var då Wittgenstein brukte det. I 2014 vart det oppretta ein eigen stiftelse, Stiftinga Wittgenstein i Skjolden som har arbeidd for å få huset tilbake. Riksantikvaren opna i 2015 for at ein kunne nytte tilskot frå statsbudsjettet kap. 1429 post 71 til tilbakeføringa av huset under føresetnad av at det vart freda.

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden, Luster kommune og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune har fylgt opp dette, og i 2019 var huset ført tilbake på opphavleg stad. 20. juni 2019 varsla Sogn og Fjordane fylkeskommune oppstart av fredingssak for eigedomen.

Wittgensteins hus i landskapet med utsyn utover en sjøgrønn fjord
Ludwig Wittgenstein sitt hus
Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune
Bilde av Wittgenstein sitt hus, sett frå hjørnet av huset ut over ein tåkete fjord.
Ludwig Wittgenstein sitt hus Huset Wittgenstein bygde, har trekk frå både den norske og den austerriske byggeskikken. Grunnmuren er oppmura av gråstein, veggane er lafta og saltaket tekka med skifer.
Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune
Ludwig Wittgenstein sitt hus sett frå motsett side av fjorden. Huset til Wittgenstein var lite og enkelt utforma, men fekk ei oppløfta plassering høgt over Eidsvatnet. Foto: Karoline Hareide Breivik, SFFK 2019

Formålet med fredinga

Vestland fylkeskommune vurderer Ludwig Wittgenstein sitt hus ved Eidsvatnet til å vere eit kulturminne av nasjonal interesse. Dette er på bakgrunn av at huset var bygd av og sannsynlegvis utforma av Wittgenstein og at det var her han fekk gjort mykje av arbeidet til verket Filosofiske undersøkingar. Eigedomen har ei høg grad av autentisitet og er ei god kjelde til kunnskap om bu og arbeidsforholda til Wittgenstein.

Huset slik det framstår i dag når det er ført tilbake på sin opphavlege plass, har ein svært høg opplevingsverdi. Huset er tilbakeført slik det var då Ludwig Wittgenstein brukte det og det har svært få nyare tilføyingar. I tillegg er det gjort svært få endringar på tomta og tilkomsten, samt at omgjevnadane rundt er lite endra frå då huset var nytt. Dette gjer at heilskapen mellom tomt og hus er godt bevart noko som bidreg til at huset har stor opplevingsverdi for dei som ynskjer å sjå og oppleve korleis Wittgenstein levde og arbeidde når han var i Skjolden.

Omfanget av fredinga

Fredinga etter § 15 omfattar Ludwig Wittgenstein sitt hus, eksteriøret til bygningen og inkluderer hovudelement som planløysing, materialbruk og overflatebehandling og detaljer som vinduer, dører, gerikter og listverk.

Fredinga etter § 19 omfattar sti frå Eidsvatnet og opp til huset. Delar av stien er i tørrmur med lokal stein.

Kart

  • Fredningsår

    27.09.2021

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Musealt

  • Datering

    1914

  • Lokaliteter

    Bebyggelse-Infrastruktur: Boligeiendom