Pressemelding

Fredar Ludwig Wittgenstein sitt hus

Riksantikvaren fredar huset til filosofen Ludwig Wittgenstein i Skjolden i Luster kommune i Sogn. Det vart tilbakeført til den opphavelege plassen i 2019.

Publisert: 27. september 2021 | Endret: 12. oktober 2021

Wittgensteins hus sett nedanfrå i landskapet. Huset står på ei hylle i fjordlandskapet omslutta av fjell og trær.
Ludwig Wittgenstein sitt hus Wittgenstein sitt hus er plassert på ei hylle rundt 50 meter over Eidsvatnet i Skjolden. Huset har derfor ei noko utfordrande tilkomst. Stien opp til hytta er del av fredinga. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune

I ei bratt skråning i enden av Eidsvatnet står huset som den verdskjente filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike fekk oppført i Noreg i 1914. No fredar Riksantikvaren huset.

–  Dette er eit hus med utsikt, laga for innsikt. Her, inst i Sognefjorden, hadde Wittgenstein arbeidsro til å skrive det som har blitt ståande som europeisk filosofihistorie. Ved at huset no er gjenreist og freda på sin opphavelege plass, sikrar vi at denne heilt spesielle, internasjonale historia kan opplevast og blir tatt vare på, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Bilde av Wittgenstein sitt hus med utsikt over fjorden
Ludwig Wittgenstein sitt hus Wittgenstein unnte seg ei unik utsikt ovanfor Eidsvatnet i Skjolden, sjølv om hytta skulle vere enkel. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune

Tilbakeføring i 2019

Wittgenstein arbeidde i Skjolden med fleire sentrale verk innan den moderne språkfilosofien og logikken, i huset som går under namnet «Austerrike». I 2014 kjøpte Luster kommune den opphavelege tomta ved Eidsvatnet. Saman med den nyoppretta Stiftinga Wittgenstein i Skjolden og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune, samarbeidde dei om å tilbakeføre huset. Riksantikvaren har gitt tilskot.

– Det gler meg at det tilbakeførte huset til Wittgenstein no får varig vern. Denne stemningsfulle plassen, i harmoni med den oppsiktsvekkande naturen, er eit nasjonalt kulturminne som har sett Noreg på verdskartet. I tillegg er det Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass, der han skreiv delar av verket Filosofiske undersøkelser, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Fredinga av huset skal sikre heilskapen, og ho omfattar derfor både eksteriøret på huset, stien opp frå Eidsvatnet og det næraste området rundt.

Grunnmuren til Wittgenstein sitt hus i 2016 Før huset vart ført tilbake til den opphavelege staden stod berre grunnmuren att. Foto: A. Bidne, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Verdskjent tenkar i Skjolden

Wittgenstein vart fødd i dåverande Austerrike-Ungarn og døydde i Cambridge i England. Det var ikkje heilt tilfeldig at han fann ein fristad ved ein vestnorsk fjord. På 1800-talet fatta fleire reisande interesse for den urørte naturen i Skandinavia, og på 1890-talet byrja ei rivande utvikling av hotellnæringa på Vestlandet. Tyske keisar Wilhelm II var blant dei mest kjente gjestane.

I 1913 kom Wittgenstein første gong til Skjolden og Lustrafjorden, ein sidefjord til Sognefjorden. Her fann han arbeidsro og eit avbrekk frå det dåverande universitetslivet sitt som tilsett ved Cambridge.

Alt i 1914 fekk han bygsla tomta og sette i gang husbygginga. Same år braut første verdskrigen ut, og Wittgenstein kom tilbake til det ferdige huset først i 1921. Wittgenstein var fleire gonger i Luster utanom høgsesongen, og nær 15 månadar i 1936-37. Då fekk han gjort mykje av arbeidet til verket Filosofiske undersøkelser. I mange år stod berre grunnmuren att. Huset vart flytta i 1958.

Ludwig Wittgenstein sitt hus sett frå motsett side av fjorden. Huset til Wittgenstein var lite og enkelt utforma, men fekk ei oppløfta plassering høgt over Eidsvatnet. Foto: Karoline Hareide Breivik, SFFK 2019

Enkelt og solid

Sjølv om Wittgenstein hadde bakgrunn frå den europeiske overklassen, levde han enkelt og testamenterte bort mykje av formuen sin. Utforminga av huset i Skjolden avspeglar levemåten hans. Huset er utan dekor og hadde enkel møblering. Samstundes ber det preg av kvalitetshandverk og solide materiale. Arkitekturen kombinerer element frå norsk og austerriksk byggeskikk.

Det kunne vere krevande for Wittgenstein å kome seg til huset, til dømes når isen gjekk på Eidsvatnet. Huset hans har den dag i dag ein utfordrande tilkomst, der ein kan nå det med båt over Eidsvatnet eller frå ein sti langs sida av vatnet.

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden har huset ope for dei som ynsker å kome dit for å sjå og oppleve korleis Wittgenstein levde og arbeidde i Skjolden. Vestland fylkeskommune har utarbeidd fredingssaka.

Bilde av Wittgenstein sitt hus, sett frå hjørnet av huset ut over ein tåkete fjord.
Ludwig Wittgenstein sitt hus Huset Wittgenstein bygde, har trekk frå både den norske og den austerriske byggeskikken. Grunnmuren er oppmura av gråstein, veggane er lafta og saltaket tekka med skifer. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Vestland fylkeskommune

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153