MIL Veteranstasjon

MIL Veteranstasjon i Lars Hilles gate 27, er ein bensinstasjon i den sørlege delen av Bergen sentrum. Stasjonen vart bygd i 1928 for Norsk Brændselolje AS og var i drift fram til 1998 under merka MIL, BP, Norol og Statoil. 1998-2005 vart bensinstasjonen restaurert og tilbakeført til opphavleg utsjånad. Stasjonen framstår i dag nærast som eit lite museum med veteranbilverkstad, drive av Museumsgruppen MIL Bergen.

Ferdsel: MIL Veteranstasjon vart freda i 2021. Bensinstasjonen i Lars Hilles gate 27, er ein bensinstasjon i den sørlege delen av Bergen sentrum. Stasjonen vart bygd i 1928 for Norsk Brændselolje AS og var i drift fram til 1998. Foto: Erlend Hofstad, Vestland Fylkeskommune

Om kulturminnet

Arkitekten var Sverre Losnedahl, som utforma anlegget i 1920-åras nyklassisistiske formspråk med ei symmetrisk oppbygging, reine geometriske volum og klassisk inspirert dekor og detaljering. Dei funksjonelle hovudelementa – eit par bensinpumper, tak over pumpeområdet, ekspedisjonslokale og serviceareal – er dei same som i mange andre bensinstasjonar frå same tid, likeins er plasseringa ved ei hovudinnfartsåre typisk.

MIL Veteranstasjon Bensinstasjonen som ny i slutten av 1920-åra, same utforming som stasjonen no er ført tilbake til. Foto: Museumsgruppen i Statoil Norge / Statoil detaljhandel AS

Både bensinstasjonar og andre kulturminne knytt til den moderne bilismen er underrepresentert på fredingslista. Som eit lite privatmuseum og samlingsstad for frivillige interesserte har stasjonen fått ein ny bruksverdi.

Formålet med fredinga

Formålet med fredinga er å bevare MIL Veteranstasjon, Lars Hilles gate 27 som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig eksempel på ein bensinstasjon frå mellomkrigstida. Fredinga av eksteriøret til bygningen etter kml § 15 skal sikre arkitekturen. Både hovudstrukturen i det arkitektoniske utrykket og detaljeringa, så som fasadeløysing, opphavlege/eldre vindauge og dører, materialbruk og overflater, skal oppretthaldast.

Bensinstasjon freda MIL Veteranstasjon i Bergen Foto: Erlend Hofstad, Vestland Fylkeskommune

Grunngjeving for fredingsvedtaket

Til grunn for fredinga ligg den kulturhistoriske og arkitektoniske verdien til bensinstasjonen. MIL Veteranstasjon, Lars Hilles gate 27 er arkitektonisk og kulturhistorisk verdifull som ein karakteristisk og heilskapleg representant for dei tidlege bensinstasjonane i Noreg og for 1920-åras nyklassisistiske arkitektur. Bensinstasjonen representerer også ferdsel, industri og handel, og fredinga er såleis i tråd med fleire prioriterte tema i Riksantikvarens fredingsstrategi mot 2020.

Den kulturhistoriske verdien ligg særleg i tilknytinga til bilismen, eit av 1900-talets viktigaste kulturtrekk og ein sentral del av den moderne historia. Bensinstasjonen vitnar om framveksten av bilen som eit viktig kommunikasjonsmiddel og av næringar og verksemder knytt til bilismen.

Bensinstasjon freda MIL Veteranstasjon i Bergen Foto: Erlend Hofstad, Vestland Fylkeskommune

Omfanget av fredningen

Fredinga etter §15 i Kulturminnelova omfattar eksteriøret og interiøret til bygningen, inklusiv underetasjen, og inkluderer hovudelement som planløysing, materialbruk og overflatehandsaming og detaljar som vindauge, dører, gerikter, listverk og fast inventar.
Vidare omfattar fredinga etter §15 i Kulturminnelova køyrearealet, som avmerkt på kartet nedanfor, og inkluderer murene og gjerda rundt arealet, samt to bensinpumper.
Fredinga etter §19 i Kulturminnelova omfattar tilkomstvegen frå Nygårdsgaten til underetasjen i bensinstasjonen, som avmerkt på kartet nedanfor.

Kart

  • Fredningsår

    15.04.2021

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    1928

  • Enkeltminne

    Bygning: Bensinstasjonsbygning

Nyklassisismen

Nyklassisismen var ein sentral retning i norsk arkitektur i 1920-åra. Dette var del av ein felles europeisk tendens, som kan sjåast både som ein reaksjon mot både jugendstilen og mangfaldet av historistiske og nasjonalromantiske stilartar, og som ei søking etter ein reinare og meir «sakleg» arkitektur som var meir i samsvar med industrialderens rasjonelt utforma produkt og nyttebygningar. Samstundes vart tidlegare epokar i arkitekturhistoria med eit sterkt klassisk preg trekt fram som gode førebilete.