Salhus Tricotagefabrik

Tettstaden Salhus ligg ein kort køyretur nordover frå Bergen sentrum. Salhus Tricotagefabrik var hjørnesteinsbedrifta her, og den var i drift frå 1859-1989. På det meste sysselsatte den 360 personar. I dag er det museumsdrift i dei gamle industrilokala, og her kan ein få omvising og sjå dei gamle maskinene i drift.

Salhus trikotagefabrik
Salhus trikotagefabrik Salhus Tricotagefabrik var ein av landets første trikotasjefabrikkar. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om kulturminnet

Salhus Tricotagefabrik var ein av landets første trikotasjefabrikkar.

– Tekstilindustrimuseet formidlar ei viktig historie. Salhus trikotasjefabrikk syner utviklinga av Noreg og på museet kan ein framleis følgje produksjonslinja slik den var då fabrikken produserte klede i stor skala. Salhus hadde stor suksess med merkevara Krone Makko – eit plagg mange har eit forhold til! I Salhus ser ein tydeleg korleis Noreg utvikla seg frå å vere eit bondesamfunn til ein moderne industrinasjon, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Produksjonslinja gjekk frå råvaremottak, og vidare til strikking av stoff. Fabrikken produserte ferdigvarer for kvinner og menn, både ull – og bomullsklede. Bedrifta si tyding i lokalsamfunnet ser ein også i at den hadde eigen verksskule og badeplass, som vart reist for arbeidarane. I tillegg til Norsk tekstilindustrimuseum har også Bevaringstenestene i Hordaland, med verkstader og magasin, tilhald i dei gamle bygga. Dei arbeider med bevaring og konservering for dei konsoliderte musea i Hordaland.

Bakgrunn for fredinga

Kulturminneverdiane som gjer Salhus Tricotagefabrik til eit fredingsobjekt ligg i det godt bevarte og heilskapelege industrianlegget. Her finn du produksjonslinje med tilstøytande funksjonar, i tillegg til bygningane og plassane som utgjer lokalsamfunnet rundt fabrikken. Fredinga rommer også eit sjøbad så vel som ein barnepark, som begge er knytta til fabrikken.

Den norske tekstil- og konfeksjonsindustrien var ein viktig del av den norske industrialiseringa, og hadde i 1939 rundt 65 000 av totalt 252 000 sysselsette i norsk industri. Næringa spelte ei stor rolle i sysselsettinga. Veksten og fallet i næringa syner også korleis forbrukarsamfunnet og frihandel etterkvart vart rådande. Framveksten av trikotasje- og tekstilindustrien i Bergensområdet og Hordaland har vore viktig for utviklinga av næringslivet i regionen, og for utviklinga av tettstadane rundt.

Fargerik kulturhistorie på Salhus Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Produksjonslinja gjekk frå råvaremottak, og vidare til strikking av stoff. Fabrikken produserte ferdigvarer for kvinner og menn, både ull – og bomullsklede. Bedrifta si tyding i lokalsamfunnet ser ein også i at den hadde eigen verksskule og badeplass, som vart reist for arbeidarane. I tillegg til Norsk tekstilindustrimuseum har også Bevaringstenestene i Hordaland, med verkstader og magasin, tilhald i dei gamle bygga. Dei arbeider med bevaring og konservering for dei konsoliderte musea i Hordaland.

Salhus Tricotagefabrik Fabrikken var i drift frå 1859-1989. På det meste sysselsatte den 360 personar. I dag er det museumsdrift i dei gamle industrilokal.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Inne fra fabrikken på Salhus trikotagefabrik
Salhus trikotagefabrik Fabrikken var i drift frå 1859-1989. På det meste sysselsatte den 360 personar. I dag er det museumsdrift i dei gamle industrilokala.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Salhus trikotagefabrik
Salhus trikotagefabrik Tettstaden Salhus ligg ein kort køyretur nordover frå Bergen sentrum. Salhus Tricotagefabrik var hjørnesteinsbedrifta her.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Strikkemaskin Salhus Tricotagefabrik
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Salhus Tricotagefabrik Maskinar
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Omfanget av fredinga

Fredninga omfattar bygningsmassen til Salhus Tricotagefabrik og dessutan dei sosiale funksjonane som badeplass, leikeplass, skulehus, arbeidar- og disponentbustader, steinsett hage, så vel som opparbeidde stiar, murar, gjerde og rekkverk i området.

Formålet med fredinga

Formålet med fredinga er å verna det heilskaplege fabrikksamfunnet, Salhus Tricotagefabrik, som består av bygg knytt til produksjon, administrasjon, bustad og sosiale funksjonar. Det skal bevarast som eit kulturhistorisk og bygningshistorisk viktig døme på tekstil- og konfeksjonsindustrien i Noreg med tydinga den hadde for sysselsetjings- og forbrukarhistorie både lokalt og nasjonalt. Formålet med freding av interiør i sjølve fabrikken er å ta vare på den nær intakte produksjonslinja som spenner over fleire ledd, frå råvaremottak til ferdig produkt.

Kart

  • Fredningsår

    23.10.2020

  • Region

    Vestland

  • Eierskap

    Musealt

  • Datering

    1859

  • Enkeltminne

    Teknisk/Industrielt minne: Annet tekn-ind. minne