Fagområder

Kultur­miljø­kompetanse i kommunene

Målet med satsinga er å styrkja kompetansen og få betre oversikt over verneverdige kulturmiljø, kulturminne og landskap i kommunane.

Moholmen, Mo i Rana. Kulturmiljø regulert til hensynssone bevaring. Foto: Riksantikvaren

Riksantikvaren tildeler tilskot frå statsbudsjettet til arbeidet mrd kulturmiljøkompetanse i kommunane.  Vi arrangerar og fylkesvise kurs i kulturmiljøforvaltning for tilsette i kommunane. Kursa blir arrangerte i tett samarbeid mellom Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget.

Bakgrunnen for kulturmiljø i kommunane

I tidlegare Stortingsmeldingar har det vore ei målsetting å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Eit av tiltaka for å få til dette var å få betre oversikt over verneverdige kulturmiljø i kommunane, og dermed redusere tapet av desse. Det blei lagt vekt på styrking av den kommunale kompetansen på kulturmiljøfeltet, og på kor viktig det er at kommunane skaffar seg oversikt over verneverdige kulturminne gjennom arbeidet med kulturmiljøplanar.

I Kulturmiljømeldinga til Stortinget frå 2020, «Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken — Engasjement, bærekraft og mangfold», fekk Noreg nye nasjonale mål:

  • Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø
  • Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging
  • Eit mangfald av kulturmiljø skal tas vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk

Vidareføringa av Kulturmiljø i kommunane er eit viktig tiltak for å nå måla, der ei styrking av den kommunale kompetansen og fokus på utarbeiding og rullering av kulturmiljøplanar er sentrale oppgåver.

Gjennom dette arbeidet

  • får innbyggarane ein moglegheit til å engasjere seg i sine lokale kulturmiljø, kulturminne og landskap
  • blir politikarane oppmerksame på at ei god kulturmiljøforvaltning bidrar til berekraftig utvikling gjennom ei heilskapleg samfunnsplanlegging
  • vil ei registrering og bevaring av mangfaldet av kulturmiljø kunne gjerast ved å utarbeide ein kulturmiljøplan for kommunane.

Styrka kommunal kompetanse

I dag er ca. 96 % av alle kommunane i landet ferdige eller i gang med arbeidet med sin eigen kulturmiljøplan. For at kulturmiljø skal bidra til ein berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging, vart det i 2023 gjort ei dreiing mot endå meir kompetanse blant dei tilsette kommunane. Som dei næraste forvaltarane av kulturmiljøa, ber kommunane eit stort ansvar som planstyresmakt. Det er avgjerande at kommunetilsette har god kunnskap om forvaltning av kulturarven.

Kommunetilsette som arbeider med arealplanlegging, byggjesaksbehandling og kulturminne vil derfor i åra framover bli tilbodne eit todagarskurs i kulturmiljøforvaltning der både reisa og opphaldet blir dekt. I 2023 vart det gjennomført eit pilotprosjekt der det vart arrangert to kurs – eit for kommunane i Agder, og eit for kommunane i Innlandet. Kursa vart veldig godt mottekne og hadde stor oppslutning. I 2024 rulla me ut kurset for fire nye fylke; Finnmark, Rogaland, Buskerud og Nordland.  I 2025 blir det arrangert kurs i Akershus, Vestfold, Troms og Østfold. Kursa er ei glimrande moglegheit til å fremja kulturmiljø, kulturminne og landskap i direkte dialog med kommunane.

Samarbeidet med fylkeskommunane og Sametinget om kursa er viktig for at kvart fylkesvise kurs får ei regional tilnærming. Kursa omfattar mellom anna innføring i ulike kulturmiljø i regionen, korleis ta omsyn til kulturmiljø i plan- og byggjesaker, kulturarven som ressurs, og klima- og energispørsmål.

Målet er at kursa skal gi saksbehandlarane i kommunane fagleg påfyll, eit styrkt fagleg nettverk og mykje inspirasjon til å forvalta eigne kulturmiljø, kulturminne og landskap på ein god måte.

Ådalsbruk Motormuseum Dei gamle bensinspumpene og museet er med i kulturminneplanen til Løten kommune. Foto: Anke Loska, Riksantikvaren

Ein kulturmiljøplan gir oversikt og kunnskap

Kulturmiljøplanene vil framleis vera eit viktig verktøy for å prioritera og sikra kulturmiljø i plan- og byggjesaksarbeidet i kommunen. Kommunane definerer sjølv kva kulturmiljø som er verneverdige og som skal inngå i deira kulturmiljøplan. Planen skal også innehalda rutinar og retningslinjer som kommunen sjølv skal følgja ved saksbehandling av planar og tiltak på kulturmiljøa. Planen vil vera med på å synleggjera denne kunnskapen på tvers av ansvarsområdet til kommunen.

Ein kulturmiljøplan gir kommunen kunnskap om sin eigen lokalhistorie, og er ei prioritering av kulturmiljø, kulturminne og landskap som ein vil sikra for framtida. Like viktig er det at kommunen gjennom arbeidet med å utarbeida ein kulturmiljøplan får opp temaet på den politiske dagsordenen, og aktualisert kulturarven si rolle i samfunnsutviklinga. Kulturmiljø , kulturminne og landskap er ein ressurs, og kan ha ei viktig rolle i utviklinga av kommunen. Då er det viktig at kommunen har kompetanse og kapasitet til å sikra dei gjennom arealforvaltninga si.

Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) av kulturminne og kulturmiljø

10. januar 2025 la regjeringa fram totalberedskapsmeldinga  «Førebudd på krise og krig» Meld. St. 9 (2024-25). Der kom det tydeleg fram at kulturarven skal ivaretakast når beredskapspolitikken i Noreg skal utviklast dei neste åra.

Kulturarven vår er ein ikkje-fornybar ressurs, men dessverre blir mange kulturmiljø øydelagde kvart år. Årsakene er mange og komplekse, men me veit at arealbrukendringar, hærverk og klimaendringar er viktige drivarar.

For å kunne jobba systematisk og heilskapleg med beredskap treng me kunnskap og oversikt over moglege farar og truslar. Risiko og sårbarheitsanalysar er eit av våre viktigaste reiskapar i dette arbeidet. Riksantikvaren har publisert ein ny nasjonal metoderettleiar for ROS-analysar, som beskriv trinn for trinn korleis ein ROS-analyse av eit kulturmiljø blir gjennomført. ROS-analysar er også viktige kunnskapsgrunnlag for god skjøtsel og forvaltning. Me tilrår at kommunane gjennomfører ROS-analysar med utgangspunkt i kulturmiljøplanane sine.

Stavanger Rådhus er med i Stavanger kommune sin kulturminneplan. Foto: Fredrik Eriksen, Riksantikvaren

Slik kan du gå fram

Det kan være fleire måtar å gå fram på for å lage ein kulturminneplan, sjå rettleiar her.

Her finn du alle rettleiarar for Kulturminne i kommunen

Spørsmål om KIK?

Ta kontakt på kik@ra.no.

Nyttige lenker

  • Askeladden er Riksantikvarens offisielle database over kulturminne og kulturmiljø
  • Kulturminnesøk er eit nettsted med informasjon om kulturmiljø, kulturminne og kulturlandskap
  • Kulturminnefondet er ein statleg tilskotsordning
  • Bygg og bevar – sprer kunnskap om korleis dei gamle husa skal vedlikeholdes og setjas i stand i tråd med bygningens alder, konstruksjon, materialbruk, stil og lokale egenart.
  • Miljøstatus viser miljøets tilstand og utvikling i Noreg

Publisert: 11. desember 2019 | Endret: 13. august 2025