Nyheter

Kjenn ditt hus

Er du heime og strevar du med å få tida til å gå? Då kan du kanskje nytte anledninga til å bli betre kjend med huset ditt! Vi har fleire artiklar om ulike konstruksjonstypar for hus. Her kan du lese om nokre av dei.

Publisert: 19. mars 2020 | Endret: 30. januar 2024

Birkelunden i Oslo Schleppegrellsgt. 2a er ein gamal murgård. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

På nettsidene våre kan du kan bla i rettleiarar og i arkivet vårt har vi ei rikholdig samling av teikningar. Vil du vite meir om huset ditt så kan du bruke nettressursane våre, og i denne artikkelen har vi samla litt informasjon om tradisjonelle konstruksjonstypar for hus.

Laftehus

Lafting var den dominerande byggjemåten for bustadhus i Noreg heilt frå mellomalderen og fram til 1900-talet. Alle bygde i laft – kyrkjer og bustadhus, fjøs og løer og andre næringsbygg. Teknikken blei brukt både i byane og på landet. I byane førte etterkvart frykten for brann til krav om bygging i mur, men sjølv innanfor områder med ”murtvang”, vart det reist tømmerhus. Nokre gonger vart dei pussa utvendig for å framstå som murhus og for å vere meir brannsikre.

I mellomalderen vart lafteteknikken utvikla til ein særs avansert handverksteknikk. Utforminga av laftinga har endra seg over tid, og etterkvart fekk maskinlaft stor utbreiing, spesielt i perioden kring 1885 til 1920. I moderne tid er lafteteknikken oftast nytta til fritidshus. 

FaktaTrykk her for å finne meir informasjon om bygg som er lafta.
  • Laftehus er sterke og samstundes fleksible. Dei er bra for miljøet og består tradisjonelt av naturmaterialar. Laftebygg kan takast frå kvarandre og settast saman igjen utan å bli skadd. Det er lang tradisjon i Noreg for å flytte heile hus og å gjenbruke delar.

GUDBRANDSGARD Loftstue på Dokken i Hol / Gudbrandsgaard i Ål, Buskerud. Foto: Johan Meyer (1860-1940)

Murgårder

I siste halvdel av 1800-tallet ekspanderte mange byar i Norge kraftig. Folk flytta inn til byane og behovet for bustader var difor stort. Løysinga på dette blei leiegårder i teglmur. Dei fleste arkitektane og ingeniørane var på den tida utdanna i Tyskland. Dei tok med seg byggeteknikk og stilideal frå kontinentet. Hovudbygningane ligg ut mot gata med gavlen tett inn mot naboen sin gavl. I bakgården var det ofte uthus med toalett, stall og bod.

1800-tallets murgårdsfasadar var ofte rikt utsmykka og prega av historismen. På 1900-talet gjorde andre stilretningar enn historismen seg gjeldande. Århundret byrja med jugendstil, nasjonalromantikken og så klassisismen på 1920-tallet. Etter kvart gjorde dei funksjonalistiske ideala seg gjeldande med mindre ornament og klårare formar og volum. Også i mellomkrigstida og rett etter 2. verdskrig blei det oppført mange bygningar med berande teglvegger og betongdekke. 

FaktaTrykk her for å finne meir informasjon om murgårder.
  • Fasaden og den innvendige, langsgåande bereveggen tek vekta frå bjelkelag og tak. Sideveis stabiliserast bygget av gavlane, trapperom og innvendige skiljeveggar. Takkonstruksjonane er i tre. Dei har opprinneleg kalde og luftige loft, tradisjonelt brukt som tørkeloft og bodareal.

Oslo Nationaltheatret, Universitetet og Studenterlunden. Foto: Widerøe's Flyveselskap A/S

Reisverkshus

Teknikken er kjend frå siste del av 1700-tallet. Då blei berekonstruksjonen fylt ut med loddrette, firhogde stokkar i same dimensjon som rammeverket. I sveitserstilperioden frå 1850 – 1900 blei denne konstruksjonsmåten vanlig. Systemet blei etter kvart utvikla til ein meir materialsparande konstruksjon. Utfyllinga i rammeverket blei utgjord av plank i staden for stokkar. Impulsane til denne endringa kom i stor grad frå Tyskland og Sverige.

Byggjemåten er arbeidskrevjande, og det kan vere grunnen til at det etter 1900 blei utvikla enklare konstruksjonar. Stolpar blei erstatta av plankar, som blei dei berande elementa i veggen. Utviklinga føregjekk for det meste utanfor Noreg. I Sverige utvikla ein ei rekkje variantar for prefabrikkerte ferdighus. I Noreg følgde ein stort sett den tradisjonelle byggjemåten på byggeplass. Etter kvart kom det også i gang ferdighusproduksjon i Noreg, blant anna hjå Strømmen Trævare.  

Leis meir om den spanande historia til Strømmen Trævare her.

FaktaTrykk her for å finne meir informasjon om reisverk.
  • Rammeverket blei satt opp først, så takkonstruksjonen og til slutt blei plankene tredd inn og driven saman etter tørking. Reisverkshus er ofte bygd av grove materialar som gjev ein sterk og samtidig fleksibel konstruksjon med stor tilspassingsevne.

Vestertana Internat Foto: Marte Boro, Riksantikvaren

Bindingsverkshus

Bindingsverk er konstruksjonar med sviller og berande stolpar. Frå gamalt av blei bindingsverk brukt i uthus, sjøhus, svalgangar og andre bygg som ikkje skulle brukast som oppholdsrom. Bindingsverkskonstruksjon er vanlig byggjemåte også i dag, men det var ein framand byggeskikk i Noreg. På 1600- og 1700 talet fekk den stor utbreiing i Oslo etter innføringa av ”murtvang”. Hus i utmurt bindingsverk blei rekna som murhus. På heile 1700-talet var utmurt bindingsverk nesten einerådande for nybygg innanfor bygrensa. Utanfor vart dei gjerne sett opp i tilknytning til jernverk, industrianlegg og forsvarsanlegg.

Frå tidleg på 1900-talet blei det, særleg i USA, utvikla fleire formar for bindingsverk for bustadhus. Desse var raskare å byggje enn det tradisjonelle reisverket, og meir materialsparande. Frykt for brann gjorde at bygningslovgivinga satt avgrensingar på bruk av bindingsverk utan utmuring. I Norge blei det frå omkring 1915 gitt løyve til bygging av frittliggande bygningar i bindingsverk, men først i 1929 blei dette fullt ut tillatt i hele landet.  

FaktaTrykk her for å finne meir informasjon om bindingsverk.
  • Tungt bindingsverk har sviller og stolper i grove dimensjonar. På fundamentet blei det lagt ein kraftig svill. Alle treforbindelser ble utført med tappar, forsatsar, kammer og låser og sikra med trenagler eller spiker. På bakgrunn av mangel på trematerialer og stort behov for bustader, blei det under og rett etter krigen gjort endringar i byggeforskriftane slik at det var anledning til å bruke spinklare konstruksjonar i ein-etasjes bygningar. Dette er såkalt lett bindingsverk.

Blaafarveværket Foto: Ulf Ingemar Gustafsson, Riksantikvaren
EnergisparingLes meir om energisparing i gamle hus her.
Gode råd og tiltakLes meir om tiltak og få gode råd om gamle hus her.
Kva seier lovverket?Les meir om lovane som gjeld for ditt hus her.
EnergimerkingLes meir om energimerking av hus her.