Tilskudd

Gode tips til søknaden

Her kan du lese meir om kva ein god søknad om tilskot bør innehalde, og om krav til rapportering.

Innhaldet i søknaden

I. Opplysningar om søkjar

  • namn, adresse, e-postadresse, eventuelt kontaktperson
  • telefonnummer
  • bankkontonummer
  • eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret
  • har søkjar ekstern revisor/rekneskapsførar
  • er søkjar mva-pliktig eller har han rett til mva-kompensasjon

II. Omtale av prosjektet/tiltaket

  • namn eller adresse på kulturminnet ein søkjer tilskot til
  • tiltak som er planlagt utført
  • framdriftsplan
  • beløp som det vert søkt om
  • korleis prosjektet/tiltaket er planlagt gjennomført, for eksempel bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats
  • referansar frå prosjektleiar og utførande handverkarar frå liknande oppdrag

III. Økonomisk omtale av prosjektet/tiltaket

Utgifter spesifisert på

  • løn inkludert feriepengar og arbeidsgjevaravgift
  • forbruksmateriell
  • reiser, transport, opphald
  • konsulenthjelp
  • andre utgifter (spesifisert)

Finansiering

  • spesifiert oversikt over tilskot det er søkt om til prosjektet/tiltaket frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, kommunen, andre departement, direktorat, private tilskotsordningar eller andre
  • finansieringskjelder
  • eigeninnsats

Det må vere samsvar mellom budsjettet og beløpet det blir søkt om.

Søknaden må også gjere greie for om tiltaket, eller delar av tiltaket, kan gjennomførast ved eit mindre tilskot enn det er søkt om.

IV. Vedlegg til søknaden

  • kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt og liknande
  • beskriving av tiltaket med teikningar og fotografi

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast særskilt.

Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må leiinga for organisasjonen/institusjonen fremje søknaden.

Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar eller liknande og ein organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.

Rapportering

Etter at prosjektet er avslutta, skal rekneskap og sluttrapport sendast inn innan fristen som er angitt i vedtaksbrevet om tilskot.
Sluttrapporten skal innhalde relevant dokumentasjon som klart viser korleis arbeida/tiltaket/prosjektet er gjennomført og om måla er nådd. Sjå tilskotsbrevet for nærmare informasjon om krav til rapportering.

Rapporten skal innehalde opplysningar om samla finansiering:

  • spesifisert oversikt over mottekne tilskot til prosjektet/tiltaket frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, kommunen, andre departement, direktorat, private tilskotsordningar eller andre finansieringskjelder
  • eigeninnsats

Rekneskapen for prosjektet/tiltaket skal leggjast ved (rekneskapen må vere signert).

Rekneskap

Dersom mottakaren av tilskotet er tilknytta revisor og tilskotet er kr 300 000 eller høgare, skal det også sendast inn revidert årsrekneskap. Rekneskapen skal vere signert av tilskotsmottakar, eventuelt av styret.

Det krevst også ein særattestasjon frå revisor på prosjektrekneskapen og eventuelt timelister knytta til arbeidet/tiltaket/prosjektet.

Unntatt frå revisjonskravet er kommunar og fylkeskommunar.

Dersom mottakaren av tilskotet ikkje er tilknytta revisor og tilskotet er kr 300 000 eller høgare, kan Riksantikvaren/fylkeskommunen/Sametinget likevel krevje ein særattestasjon frå revisor. Dette kravet vil i så fall komme fram av tilskotsbrevet.

Dersom tilskotet er under kr 300 000 skal tilskotsmottakar sende inn reknskapsoversikt for arbeidet/tiltaket/prosjektet, som skal vere signert av tilskotsmottakar, eventuelt av styret.
Riksantikvaren/fylkeskommunen/Sametinget kan uavhengig av beløpsgrense krevje kopiar av rekneskapsbilag.

Særattestasjon frå revisor

Ein særattestasjon av rekneskapen for prosjektet og eventuelt timelister bør innehalde opplysningar om

  • overskrift som viser namnet til tilskotsordninga og kapittel/post i statsbudsjettet
  • kven som er mottakar av særattestasjonen (Riksantikvaren/fylkeskommunen/Sametinget)
  • kva for opplysningar som i dette tilfellet skal attesterast, og i kva dokumentasjon opplysningane går fram
  • ei presis oversikt over kontrollhandlingar som er utførte
  • ei oppsummering av dei utførte kontrollhandlingane til revisor
  • stad, dato, revisor og eventuelt namnet til revisorfirmaet

Les meir om retningslinjer for bruk av revisorattestasjon i rettleiaren frå Finansdepartementet på regjeringa.no.

Publisert: 16. desember 2019 | Endret: 28. september 2020