Pressemelding

Kulturminneprisen 2021

Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. I dag vart det kunngjort at eigarane av Mølltunet (Møllstunet) i Geiranger får Riksantikvaren sin kulturminnepris 2021.

Publisert: 9. november 2021 | Endret: 11. mars 2022

Mølltunet. Foto: Sigurd Neby, Willy Nikkers AS

Kulturminneprisen går til eigarane av Mølltunet. Det er Annette Synneva Møll og Willy Fredheim, Per Otto Solhaug og Lia Ørjasæter Solhaug, Jan Ottar Møll og Solveig Loe Woldseth.

Mølltunet omfattar tre bruk; Utigard, Bøtel og Framigard med kvar sin eigar.
Tunet har over mange år vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på det gamle bygningsmiljøet.

– Det er ei ære å bli anerkjent for det arbeidet vi gjer på Mølltunet, og at kjærleiken vi har til staden er blitt lagt merke til. Å få ein slik pris er også ei ære til dei som vi arva det i frå – seier Anette Møll, ein av grunneigarane

Eigarane av Mølltunet får i dag tildelt Riksantikvaren sin kulturminnepris under haustmøtet i Bodø. Dei får prisen for å bu, drive og ta vare på eit autentisk klyngetun. Tunet ligg ved den bratte Ørnevegen i Geiranger. Nye bustadhus og driftsbygg har difor vorte bygde utanfor den gamle tunskipnaden. Slik har det vore mogleg å ta vare på det opphavelege tunet, og samstundes kunne bu og drive eit meir rasjonelt og moderne jordbruk på staden.

Foto: Sigurd Neby, Willy Nikkers AS

– Mølltunet er fantastisk tun som ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Dette bygningsmiljøet har vore uendra dei siste 120 åra, ikkje minst på grunn av dedikerte eigarar. Tunet er eit framifrå eksempel på vern gjennom bruk, seier riksantikvar Hanna Geiran

Mølltunet har 11 freda bygningar, daterte til 1700-talet og fram til 1905.

Klyngetuna var vanleg på Vestlandet frå mellomalderen og fram til midten av 1800-talet då dei store innmarksutskiftingane fann stad. Klyngetuna danna ofte små, tettbygde «landsbyar» som var samansette av fleire bruk med ein tett sosial struktur.

Etter utskiftingane vart desse oppløyste og enkeltståande bruk vart oppretta. Der det av ulike årsaker, mellom anna rasfare på staden, ikkje var mogeleg å danne enkeltståande bruk, slik som på Møll, vart difor den gamle tunstrukturen ståande.

To av eigarane, Anette Møll og Per Otto Solhaug. Foto: Sigurd Neby, Willy Nikkers AS

Juryen si grunngjeving

I Mølltunet held dei liv i det gamle freda tunet. Eigarane inviterer deg inn på tunet, formidlar og fortel med engasjement om historia til plassen.

Tunet har over mange år vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på det gamle kulturlandskapet og bygningsmiljøet. Framleis er det to fastbuande her, noko som skapar liv i tunet heile året.

Mølltunet har fleire freda bygningar og er eit bygnings- og kulturhistorisk viktig døme på eit tettbygd klyngetun i eit bratt vestlandslandskap. Bygningane er frå midten av 1700-talet og fram til 1905. Klyngetunet på Møll fortel oss i dag om landbruk, byggeskikk og landskap i tida før industrialiseringa av landbruket. Tunet ligg midt i verdsarven, og er eit framifrå eksempel på vern gjennom bruk, på at fortida gir framtida verdi.

Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris

2020: Inga Næss
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreininga Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegarden v/eigarane Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skule og handverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti

Ørnevegen. Foto: Sigurd Neby, Willy Nikkers AS
Frå utdelinga på Høstmøtet i Bodø, 9. november 2021. Frå venstre: Jan Ottar Møll, Solveig Loe Woldseth, riksantikvar Hanna Geiran, Anette Møll og Willy Fredheim. Per Ottos Solhaug og Liv Ørjasæter Solhaug var ikkje tilstades.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Riksantikvarens kulturminnepris

Les meir om prisen her