Om Riksantikvaren

Riksantikvarens kulturminnepris

Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne.

Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen, vinnarar av kulturminneprisen 2019. Prisen i 2019 vart delt av Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Dei fekk kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne. To ulike områder i Noreg, og to verdige vinnarar. Bilete er frå ei synfaring i Stavanger domkyrkje, oktober 2019. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren

Entusiastar land og strand rundt gjer ein strålande innsats for å ta vare på våre kulturminne.

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen
Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren 25 000 kroner.

Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

Kven kan få prisen?
Prisen blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Prisen blir delt ut på Riksantikvarens Høstmøte november 2021.

Nominasjon
Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.

Fristen for innsending er 30. juni 2021.

Spørsmål
Kontakt Gunvor Haustveit hjå Riksantikvaren på e-post gha@ra.no

Riksantikvarens kulturminnepris 2021

Skjema for nominering av kandidatar.

Frist 30. juni 2021

Tidlegare vinnarar

Inga Elisabeth Næss (2020)
Per Olav Mathiesen og Torbjørn Løland (2019)
Foreningen Gamle Skudeneshavn (2018)
Rindegården i Brevik (2017)
Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager (2016)
Else «Sprossa» Rønnevig (2015)
Hjerleid skole og håndverkssenter (2014)
Johannes Rørtveit (2013)
Geirr Vetti (2012)

Publisert: 11. desember 2019 | Endret: 22. april 2021