Pressemelding

Rekordutbetaling av finnarlønn

Riksantikvaren utbetalar 200 000,- NOK i finnarlønn i samband med eit funn gjort med metalldetektor i Skaun kommune i Trøndelag.

Publisert: 4. mai 2021

Betalingsgull frå jernalder Funnet vart gjort med metallsøkar. Foto: NTNU Vitenskapsmusset CCBY SA-4.0

Funnet, som delast likt mellom finnar og grunneigar, er eit av dei største gullfunna gjort av ein privatperson i moderne tid. Dette vil også være den høgaste finnarlønnsutbetalinga Riksantikvaren har utbetalt til ein privatperson i nyare tid.
Til samanlikning ligg gjennomsnittssummen for våre utbetalingar på kr 1500,- NOK.

– Dette er eit eksepsjonelt funn. Sjølv om betalingsgull frå jernalder ikkje kan reknast som sjeldan, så er funnet likevel oppsiktsvekkande på grunn av storleiken, seier seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren Lars Reinholt Aas.

I 2016 blei det gjort funn av to oppsett til betalingsgull beståande av ein hamra, spiralforma ring med fleire ringar hekta på desse. Til saman var vekta på dei to funna 392.2 gram og kan daterast til jernalder.

– Funn av betalingsgull dukkar som regel opp som enkeltfunn i graver eller depot. Metallsøkarfunn bidreg til å komplimentere bilete vi har, då dei ofte kjem i nye område. Funnet er difor veldig interessant både for forsking og formidling, nasjonalt og internasjonalt, seier seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren Lars Reinholt Aas.

Betalingsgull frå jernalder Funnet vart gjort med metallsøkar. Foto: NTNU Vitenskapsmusset CCBY SA-4.0

Omfanget og den usedvanlege storleiken på finnarlønna har bidrege til beklageleg lang sakshandsamingstid. Riksantikvaren arbeida i tillegg frå 2014 med utforming av nye nasjonale retningslinjer for metallsøk, og i perioden 2014 til 2019 stoppa difor utbetalinga av finnarlønn. Det har difor bygd seg opp restansar ved musea som vi no arbeidar oss gjennom.

Metallsøk

Dei aller fleste gjenstandar som blir innlevert av privatpersonar i Noreg er gjort ved metallsøk, sjølv om funn gjerast ved jordbruk så vel som fritidsaktivitetar. Dersom ein privatperson gjer eit tilfeldig funn dei meiner kan være av historisk verdi skal finnar gje beskjed til fylkeskommunen innan første verkedag, slik at ein fagperson kan vurdere gjenstanden og eventuelt gjere nødvendig registrering og sikring av funnområdet. Dersom gjenstanden blir funnen gjennom eit målretta metallsøk gjeld også fleire reglar: Det er ein forutsetning at Riksantikvaren sine retningslinjer for privat bruk av metallsøkar følgjast. Blant anna skal finnar ha bede grunneigar om løyve til søket og heldt minst 25 meter avstand til næraste kjente automatisk freda kulturminne. Brot på retningslinjene vil normalt føre til bortfall av finnarlønn.

Tidlegare utbetalingar

Tidlegare har Riksantikvaren betalt ut kr. 100 000,- i finnarlønn til Søgne dykkarklubb for funnet av 1700-talls galeasen Juffrau Elisabeth i skjergarden utanfor Søgne. Det er også blitt betalt ut kr. 30 000,- for ein norsk mellomaldermynt prega under Harald Hardråde (1047 – 1066), funnen i Dovre kommune, Oppland.

Kontaktperson

Pressetelefon: 404 65 153