Korleis velgje ut kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

Rettleiar for kommunal og regional forvaltning

Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse skal vere eit kunnskapsgrunnlag som skal medverke til berekraftig forvaltning av kulturmiljø i by, tettstad og landskap av nasjonal interesse. Det skal bli ein oversikt der dei tidlegare registera Nasjonale interesser i by (NB!) og Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) inngår.

1Innleiing

Tinfoss kulturmiljø er eit kulturhistorisk bilde på industribygga og samfunnsutviklinga i Norge. Notodden kommune.
Tinfoss kulturmiljø er eit kulturhistorisk bilde på industribygga og samfunnsutviklinga i Norge. Notodden kommune. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

Oversikta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse skal gje eit tydeleg signal om kva kulturmiljø og landskap Riksantikvaren vurderer som særskild viktig å sikre i ein nasjonal samanheng. Eit tydeleg signal om kva for kulturmiljø og landskap som er av nasjonal interesse vil vere eit nyttig verktøy for kommunane og sektorane i deira prioritering, planlegging, og medverke til ei meir føreseieleg forvaltning. Med auka kunnskap og fokus på kulturmiljø og landskap i ein nasjonal samanheng ligg det også eit ynskje om å skape eit auka engasjement for å sikre dei regionale og lokale kulturmiljøa på ein berekraftig måte og nytte desse som positiv ressurs i samfunnsutviklinga.

Oversikta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er ikkje ei statisk liste, men reviderast når det er behov. Målet er oversikta skal vere ei dynamisk oversikt som fylka, Sametinget og Riksantikvaren skal halde oppdatert.

Denne rettleiaren skal vise veg for regional forvaltning i prosessen med å velje ut områder til oversikta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Med ny kunnskap og nye vurderingar vil ein identifisera nye område, endre avgrensing i eksisterande område eller ta ut  eit område som ikkje lenger er av nasjonal interesse. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse vil vere å finne i kulturminnedatabasen Askeladden og gjort tilgjengeleg offentleg gjennom Kulturminnesøk.

2Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

Bakgrunn

Rammene for arbeid med kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er utarbeida i tråd med bestillinga i Meld. St. 16 «Nye mål i kulturmiljøpolitikken Engasjement, bærekraft og mangfold», Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging (2019-2023) samt Europarådets landskapskonvensjon.

Arbeidet bygg vidare på det allereie etablerte NB!-registeret (Kulturmiljøer av nasjonal interesse i byer og tettsteder) samt KULA-registeret (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). Oversikta skal og inkludere kulturmiljø som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik, ikkje er del av dei eksisterande registrera. Dette kan til dømes vere uthavner, fiskevær, industriområde, militæranlegg eller kanal-anlegg.

Formål

I denne rettleiaren går vi igjennom korleis velje ut og beskrive kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

Målgruppa for denne rettleiaren er regional kulturmiljøforvaltning (fylkeskommune og Sametinget). Regional kulturmiljøforvaltning vil i samarbeid med Riksantikvaren kartlegge eit mangfald av kulturmiljø og landskap som skal takast i vare som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Tidleg orientering og involvering av kommunen er ein viktig del av arbeidet.

Kulturmiljø og landskap som inngår i oversikten skal samen vise eit kulturelt, sosialt og geografisk mangfald frå ulike tider, og bidra til å dokumentere og forstå den historiske utviklinga i landet vårt. Oversikta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse skal vere eit kunnskapsgrunnlag og verktøy for forvaltninga.

Målet med å samle kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i ei oversikt er:

  • vise mangfaldet av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, der alle landets fylkes er representert.
  • å bidra til auka kunnskap og medvit om kulturmiljø og landskap i kommunar og relevante sektorar
  • å gi tidleg og tydeleg signal frå kulturmiljøforvaltninga om kva kulturmiljø og landskap det må takast særskilt omsyn til i planlegging og utvikling av areal.

Kulturmiljø og landskap

Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, har innført omgrepet «kulturmiljø» som ein samlebetegnelse for omgrepa «kulturminne, kulturmiljø og landskap». I denne rettleiaren legg vi fylgjande i omgrepa:

Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng, og omfattar både menneskeskapte og naturgitte element. Kulturmiljø av nasjonal interesse har inntil no i størst grad vore knytt til byområde gjennom NB!-registrer. Oversikta skal no i tillegg til heilskapleg område i by eller tettstad, også inkludere til dømes industrimiljø med fabrikkar og bustadar, militæranlegg, fløytingsvassdrag, kanalanlegg, drabantbyar, ytre byområde, rekreasjonsområde, setergrend eller fiskevær.

Eit landskap er samleomgrep for naturgitte og menneskeskapte omgjevnader og omfattar både natur og kultur. Landskapet er forma av samspelet mellom mennesket og naturen. Namnet omfattar alle typar landskap, som til dømes jordbrukslandskap, industrilandskap, kystlandskap, bylandskap og fjellandskap.

 

 

Nasjonal interesse

Nasjonal interesse som omgrep vert fyrst og fremst nytta i verdisetjingsprosessar i samband med plan- og bygningslova. Det markerer at kulturmiljøverdiar på nasjonalt nivå kan være involvert.

Verdivurderinga som ligg til grunn for val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse byggjer på eit sett kriterium og kulturmiljøfaglege vurderingar.

Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse skal vere eit godt kunnskapsgrunnlag og verktøy som sikrar eit mangfald av kulturmiljø og landskap i en nasjonal samanheng. Lokal- og regional forvaltning har sjølv ansvar for å gje områda ein formell status i sine planar.

I område av nasjonal interesse bør endringar skje medvete og på ein slik måte at dei viktige karaktertrekka, dei som gir særpreg og verdi, vert sikra og styrka. Felles for kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er m.a. at dei viktige strukturane og den dominerande arealbruken er tydelege. Ved evt. tiltak må det gjerast vurderingar av sårbarheit og kva verdiar som er knytt opp til dei nasjonale interessene.
I område av nasjonal interesse bør endringar skje medvete og på ein slik måte at dei viktige karaktertrekka, dei som gir særpreg og verdi, vert sikra og styrka. Felles for kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er m.a. at dei viktige strukturane og den dominerande arealbruken er tydelege. Ved evt. tiltak må det gjerast vurderingar av sårbarheit og kva verdiar som er knytt opp til dei nasjonale interessene. Foto: Lisen Roll, Riksantikvaren.

Viktig med gode grunngjevingar

Rundskriv T-2/16 frå Klima- og miljødepartementet omhandlar mellom anna nasjonale interesser på miljøområdet. Rundskrivet viser til motsegnspraksis for miljøforvaltning, ved at det tidleg kan signaliserast kvar det må takast særskild omsyn i planlegging og utvikling. Kulturminne, kulturmiljø og landskap som er av nasjonal interesse, er omtalt i rundskrivets kapittel 3.8 og 3.9.

Ei motsegn må konkret omtale kva delar av planforslaget den er retta mot, om det er plankart, formål, omsynssone, føresegner eller retningsliner. Det er ikkje tilstrekkeleg å fremme motsegn på bakgrunn av at eit område er vald til kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse, men grunnlaget for motsegn må ta utgangspunkt i at evt. endra arealbruk eller tiltak er i strid med verdiane knytt til dei nasjonale interessene for området.

Eit kulturmiljø eller landskapet er av nasjonal interesse når det  er vurdert, prioritert og vald på bakgrunn av spesielle kulturhistoriske kvalitetar og verdiar. Det er Riksantikvaren som tek avgjersla om kva for  kulturmiljø og landskap som er av nasjonal interesse. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse dannar eit kunnskapsgrunnlag der det tidleg og tydeleg går fram kva for verdiar kommunar, fylker, Sametinget og andre, både private og offentlege aktørar, skal ta omsyn til i samband med planlegging og utvikling av areal.

Plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet i dette arbeidet, eksempelvis gjennom bruk av omsynssoner i regulerings- og kommuneplanar og innlemming i kommunale kulturminneplanar.  Dersom det vert føreslege endra arealbruk eller tiltak innanfor eit kulturmiljø eller landskap som i vesentleg grad er i konflikt med dei kulturhistoriske verdiane som søkast bevart, kan det danne grunnlag for motsegn.

Ein status som kulturmiljø eller landskap av nasjonalt interessant betyr ikkje at det blir del av ein verneplan og areala blir ikkje freda. Det er derimot viktig med aktiv bruk av kulturmiljøa og landskapa. Ein status som nasjonalt interessant område skal ikkje stoppe utviklinga, men skal medverke til ei god og berekraftig forvalting av areala, der kulturmiljø- og landskaps verdiar takast omsyn til.

By- og tettstadsstrategien

Riksantikvarens strategi og faglige anbefalinger for by- og stedsutvikling er eit godt fagleg verktøy i utvikling av by og tettstad. Strategien inngår som grunnlag for lokal, regional og nasjonal vurdering og prioritering, mellom anna i arealplansaker knytt til kulturmiljø av nasjonal interesse. Strategien beskriv utfordringsbilde og inneheld tilråding til regional og kommunal forvaltning, samt statlege og private utbyggjarar og eigarar, om korleis kulturhistorisk viktige bymiljø bør forvaltast.

Det er knytt 8 mål til tilråding i strategien:

  • Kulturmiljø brukast som ressurs i berekraftig utvikling av by- og stad.
  • Kulturmiljøets verdi og betydning er lagt til grunn for val av bevaringsløysning og handlingsrom for utvikling.
  • Byenes mangfald og kulturhistoriske særpreg er bevart og vidareført ved nye tiltak. Kontrasterande utforming og uttrykk bør unngåast i einsarta/homogene kulturmiljø.
  • Historiske bylandskap takast i vare ved nye planar og tiltak.
  • Kulturmiljøforvaltning i by og tettstad skal kjenneteiknast av kunnskapsbasert og langsiktig arealplanlegging med gode medverknadsprosessar.
  • Kulturmiljø vert brukt som utgangspunkt for utvikling av levbare og attraktive byar og tettstadar.
  • Forvaltning av kulturmiljø i byar og tettstadar bidreg til redusert klimagassutslepp.
  • Kulturminne og kulturmiljø sikrast.

Kulturarv representerer viktige verdiar og fellesgode for dagens og framtidas samfunn. Kulturarv er ein viktig ressurs for det å ta i vare og utvikling av attraktive og gode byar i leve i. Kulturarv kan bidra til å styrke byen sitt omdømme og konkurransekraft. Kulturarv i byar og tettstader er derfor viktig for verdiskaping. Skudeneshavn er ein unik og godt bevart kystby som står fram som eit godt døme på eit heilskapleg miljø. Delar av kystbyen er både freda og inngår i oversikten over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Verken freding eller status som kulturmiljø er til hinder for at Skudeneshavn oppretthaldast og vert ført vidare som ein levande by med bustadar, handel og anna næringsverksemd.
Kulturarv representerer viktige verdiar og fellesgode for dagens og framtidas samfunn. Kulturarv er ein viktig ressurs for det å ta i vare og utvikling av attraktive og gode byar i leve i. Kulturarv kan bidra til å styrke byen sitt omdømme og konkurransekraft. Kulturarv i byar og tettstader er derfor viktig for verdiskaping. Skudeneshavn er ein unik og godt bevart kystby som står fram som eit godt døme på eit heilskapleg miljø. Delar av kystbyen er både freda og inngår i oversikten over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Verken freding eller status som kulturmiljø er til hinder for at Skudeneshavn oppretthaldast og vert ført vidare som ein levande by med bustadar, handel og anna næringsverksemd. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

3Faggrunnlag for val av kulturmiljø og landskap av nasjonale interesser.

Vi tek i vare kulturminne, kulturmiljø og landskap på bakgrunn av kunnskap-, oppleving- og bruksverdi no, og i framtida. Kulturmiljø og landskap refererer til heilskaplege miljø, som er påverka av menneske, det vil sei som har i varierande grad vore prega av ulike menneskelege aktivitetar. I forvaltning og utvikling av kulturmiljø og landskap er det viktig å ivareta samanhengar; visuelle, strukturelle og bruksmessige.

Når vi utpeikar kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, nyttast dei same verdikriterier som for kulturminne, men med ein nødvendig tilpassing til en større skala og til samanheng mellom natur- og ressursgrunnlag og kulturhistorie.

Eit kulturmiljø eller landskap kan spesifiserast og avgrensast til å omfatte ein del av ein by eller tettstad, ein mindre eller større del av eit landskap eller ei bygd. Graden av menneskeleg aktivitet har i ulik grad påverka areala vi har ikring oss, frå urbane eller industrielle områder til skog- eller fjellandskap. Kulturmiljø eller landskap omfattar ikkje berre det fysiske, men også immaterielle fenomen som stadsnamn eller sagn som er knytt til ein stad eller eit område.

Dette kapitelet tek føres seg det som ligg til grunn ved val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

  • Kva særpreg har eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse?
  • Kva meiner vi med kulturmiljø- og landskapsverdiar?
  • Kva kriterium ligg til grunn ved val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse?
  • Korleis avgrense eit kulturmiljø eller landskap?
  • Kva er område sårbart for og korleis forvalte areala?

Eit områdets særpreg

For å skildre det som særpregar det enkelte kulturmiljø eller landskapet, blir omgrepet kulturmiljø- eller landskapskarakter nytta. Her skildrast heilskap og samanheng i dei menneskeskapte og naturgitte elementa. Særpreg skildrast gjennom den samla opplevinga av enkeltelement, topografi, silhuett og linjene i miljøet eller landskapet.

Kulturmiljøkarakter

Kulturmiljøkarakter er i hovudsak ei skildring av dei funksjonelle, strukturelle og visuelle eigenskapar som på ulike vis kjenneteiknar omgjevnaden og miljøet. I det bygde kulturmiljøet i by eller tettstad er områdetypologi, bygningstypologi og formspråk viktige fysiske eigenskapar som skildrast. Bygningar sitt forhold til naturen ikring, eller den romlege karakteren i kulturmiljøet, kan i mange tilfelle vere vesentleg å ha fokus på.

Både for kulturmiljø i rurale strok samt i by og tettbygde strok er det viktig å legge vekt på arkeologi, tidsdjubde og områder som det knyttar seg tru og tradisjon til. Kulturmiljø er ofte eit resultat av ulike tidsepokar sine rådande ideal, teknisk utvikling og handverkstradisjon.

Landskapskarakter

Landskapskarakter er eit konsentrert uttrykk for samspelet mellom eit områdes naturgrunnlag, arealbruk, historiske og kulturelle innhald, og romlege og andre sanselege forhald som særpregar området og skil det frå omkringliggande landskap. Jf. Veileder Metode for landskapsanalyse i kommuneplan.

I arbeid med landskapskarakter anbefalast denne rettleiaren nytta som eit utgangspunkt for å skildre landskapa og fastsette landskapskarakteren. Denne rettleiaren femnar om alle sidene ved heilheita i landskapet, både naturinnhold, kulturhistorisk innhald og landskapsform/det romleg-estetiske.

Fastsetting av landskapskarakter bygger på ei heilskapleg tolking av landskapet slik det vert forstått og oppfatta, jf. Europarådets landskapskonvensjon.

Kulturmiljø- og landskapsverdiar

Verdisetjing inneber å syne kva verdiar vi tillegg eller tilskriv eit kulturmiljø eller landskap. Enkeltindivid, organisasjonar, eigarar, brukar, samfunnssektor eller næringsliv ser verdiar i dei historieforteljande kulturmiljøa og landskapa frå ulike perspektiv, noko bruk av omgrepet verdisetjing understrekar.

Kulturmiljø- og landskapsverdiar kan i hovudsak knytast til kunnskaps-, oppleving- og bruksverdiar. Kulturmiljø og landskap er ein ressurs, og medvit om kva verdiar som finnast i eit område, vil gje ei betre forvaltning og bruk av områda.

Verdi knytt til kunnskap

Kulturminne, kulturmiljø og landskap har ein særskilt betydning som kjelde til kunnskap om og forståing av fortida. Dette kan gjelde ulike forhald som kulturmiljøet sitt opphav, bruk og betydning, menneske sitt liv, tru og samfunnsforhold generelt og interaksjonen mellom menneske og natur.

Verdi knytt til oppleving

Den allmenne eller ulike grupper si oppleving av eit kulturmiljø og kan slik sett seiast å ha ei meir personleg forankring enn kunnskapsverdiane. Mange av verdiane knytt til oppleving er forbunde til korleis kulturmiljøa påverkar oss både som enkeltmenneske og som fellesskap. Det er i den samanheng vi og tilskriv landskap estetiske verdiar, verdiar som ofte er allmenne og kollektive.

Verdi knytt til bruk

Kulturmiljøa kan knytast til vidareføring av dagens bruk og danne grunnlag for ny verdiskaping og endra bruk, der verdiane både kan takast i vare og aukast. Verdiane kan og reduserast gjennom manglande eller feilaktig bruk.

I tillegg til dei nemnde verdiane er det ei rekkje andre forhald som og spelar inn i verdisetjinga. Ulike eigenskapar bidreg til å kjenneteikne kulturminne, kulturmiljø eller landskapet. Dette kan t.d. vere alder, tidsdjubde, autentisitet, mangfald, samanheng, heilheit, kontrast. Desse med fleire eigenskapar, inngår i ei samla verdisetjing.

Eigenskapar i verdisetjingsprosessar

  • Alder, tidsdjubde og kontinuitet
  • Autentisitet og opphav
  • Mangfald og variasjon
  • Samanheng og heilheit
  • Dynamikk og endring
  • Brudd og kontrast
  • Lesbart og tydeleg
  • Egnethet
  • Anvendbarhet
  • Sårbarheit og tålegrenser
  • Interaksjon natur-kultur

Verdi knytt til kunnskap, oppleving og bruk.
Verdi knytt til kunnskap, oppleving og bruk. Foto: Kristoffer Andersen, Nes kommune

Kriterium for val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

Kriteria inngår i ein systematisk framgangsmåte der arbeidet med verdisetjing og vekting av verdiar sikrar einigheit om bruk av omgrep. Arbeidet skal gjere det enklare å forstå bakgrunn for utval, gje innsyn i, og gjere det mogleg å etterprøve vurderingar som er gjort undervegs og dei konklusjonar som trekkast til slutt.

Kriteria under er sett opp i rekkjefylgje:

Kriteria 1 – 3 skal alltid leggast til grunn når eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse skal veljast. Kriteria 4 og 5 kan tilføre kunnskap til dei obligatoriske kriteria.

Hovudkriteria som dannar grunnlag for val av kulturmiljø og landskap:

1. Hovudhistorier av nasjonal interesse
Kva for hovudhistorie skal trekkast fram som er særskild viktig i ein nasjonal samanheng?

Hovudhistoria skal i sitt innhald spegle fasar, hendinga, verksemder, aktivitet av særskild verdi i ein nasjonal samanheng. Dette kan og  være historie med særskild stor betydning for ei eller fleire etniske grupper (den samiske urbefolkninga, nasjonale minoritetar eller andre etniske grupper). Det kan være element av kulturell, politisk, arkitektonisk, sosial, religiøs eller teknologisk karakter, som i en nasjonal samanheng har vore ein viktig del av samfunnet. Eit miljø som er satt saman av mange små, lokale og regionale historier, men som manglar ei hovudhistorie av nasjonal interesse skal ikkje veljast ut.

Hovudhistoria med nasjonal interesse kan gjenspegle det som er karakteristisk, men kan også reflektere det som skil seg frå det typiske, som for eksempel har vore eit forbilde eller på annan måte hatt særskild betydning for samfunnsutviklinga. Ut frå dette kriteriet kan ein nasjonal interesse vere eit pedagogisk eksempel i gjenkjennelege områder eller vere eit område det er få av i landet. Hovudhistoria kan også vere ei historie som eit fylke har eit særskilt ansvar for å trekke frem.

2. Heilskapleg miljø
Kva for heilskapleg kulturmiljø eller landskap vert knytt til denne hovudhistoria?

Eit heilskapleg miljø kan gjennom sitt innhald spegle hovudhistoria og samfunnsutviklinga i eit avgrensa tidsrom eller uttrykk for eit lenger samanhengande utviklingsløp.

At det finnes bygg, leivningar eller anlegg i eit område som reflekterer eit utviklingstrinn av nasjonal interesse, er ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg for at området kan peikast ut som nasjonal interessant.

Det heilskaplege miljøet skal vere forståeleg og verdiane og samanhengane skal vere leselege og tydelege. Eit landskaps eller kulturmiljø sin autentisitet og integritet kan her vere viktig.

3. Fysiske spor
Det må vere ein samanheng mellom det fysiske leselege miljø og hovudhistoria.

Kulturmiljøet eller landskapet skal bære i seg synlege fysiske spor som bygger opp under hovudhistoria; spor knytt til kulturell, politiske, arkitektonisk, sosiale, religiøse eller teknologisk hendingar.

Uttrykka i kulturmiljøet eller landskapet skal gi kunnskap, oppleving og forståing for den kulturhistoriske utviklinga i det valde område. Dersom dei fysiske uttrykka manglar for den kulturhistoriske konteksten, kan ikkje området utgjere ei nasjonal interesse – uavhengig av om uttrykka er forsvunne eller om dei aldri har eksistert.

Rester under bakken kan være fysiske uttrykk, men må førekomme i kombinasjon med synlege fysiske uttrykk over bakken, som gjer dei leselege.

4. Regional- og lokale omsyn

Historia om nasjonal interesse og den kulturhistoriske konteksten kan ha vore prega av regionale og/eller lokale forhald. Det kan vere at ei bestemt verksemd har utvikla seg på ein spesiell måte avhengig av forhold som type busetting, geografisk plassering, klima eller avstand til andre stadar. Eller at ei næring har forma byggetradisjonen regionalt eller lokalt. Også for eksempel tru, tradisjonar og sosiale forhald kan ha gjort inntrykk på det fysiske miljøet som vektast når nasjonal interesse skal identifiserast.

5. Internasjonale omsyn

Internasjonale forplikting, for eksempel avtalar, protokollar eller konvensjonar kan også vere aktuelt å gjere ei vurdering av i samband med val av kulturmiljø og landskap. Dette vil det gjerast ei vurdering av for å skape et betre samsvar mellom internasjonale statusar, forpliktingar eller avtaler, og relevante nasjonale interessekrav.

Tydeleg hovudhistorie.
Tydeleg hovudhistorie. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren
Den godt bevarte naustrekkja på Grøtavær i Troms består av naust, brygger og småbuer. Område står fram med eit heilskapleg miljø der det er ein klar samanheng mellom det fysisk leselege miljø og hovudhistoria.
Den godt bevarte naustrekkja på Grøtavær i Troms består av naust, brygger og småbuer. Område står fram med eit heilskapleg miljø der det er ein klar samanheng mellom det fysisk leselege miljø og hovudhistoria. Foto: Marit Chruickshank, Troms fylkeskommune, kulturetaten

Kriterium og avgrensing

Kriteriene for å avgrense eit kulturmiljø eller landskap vil variere etter kva hovudhistorie som skal forteljast, og storleiken på områda varierer ut i frå kva type kulturmiljø eller landskap det dreier seg om. Avgrensing til kulturmiljø eller landskap vil også ha svært ulik grad av detaljering, som kan samanliknast med å ta av frå bakken i eit fly. Så lenge ein er på bakkenivå vil detaljar og samanhengar tre fram innanfor ein avgrensa romleg samanheng. Med aukande flyhøgde vil detaljar bli mindre, mens nye samanhengar og strukturar trer fram. Val av flyhøgde vil spele ei viktig rolle ved vurdering av sårbarheit. I arbeidet må ein uavhengig av flyhøgde søke å fange opp samanheng og heilskap mellom dei overordna landskapsstrukturane og detaljgraden. Arbeid med å avgrense et mindre kulturmiljø eller landskap er nært i slekt, men nivåa er ulike og kriteria må tilpassast.

Prosessen som leier fram til avgrensing av eit kulturmiljø eller landskap omfattar mellom anna:

  • å identifisere, beskrive og definere kulturmiljø eller landskapet i lys av hovudhistoria som skal forteljast
  • velje og definere skala som nasjonal interesse er bunden til (geografisk) og type samanheng som er vert vektlagt (visuell, strukturell, bruk)

Avgrensing heng tett samen med arbeidet med nasjonale interesser og kulturmiljø eller landskapskarakter.

Avgrensing av kulturmiljø

Kulturmiljø er mindre geografisk avgrensa areal til dømes i by- eller tettstad, industrimiljø, militæranlegg, fløytingsvassdrag, uthamn, fiskevær, kanalanlegg, drabantbyområder, ytre byområde, rekreasjonsområde. I avgrensing av eit kulturmiljø i en by, vil “flyhøgda” vere lav og det er viktig med ei tydeleg avgrensing som skil det som har verdi frå andre delar av kulturmiljøet, anten det er i by, tettstad eller i meir rurale strok.

Når ein skal avgrense eit kulturmiljø ser ein etter eigenskapar som gjer at det visuelt og funksjonelt kan skiljast frå dei omkringliggande omgjevnadane. Desse kulturmiljøa avgrensast i landskapet ut i frå områdetypologi, bygningstypologi, formspråk, tidsdjubde og/eller at område er knytt til tru og tradisjon. Det er også viktig å sjå dei einsarta og mindre kulturmiljøa som del av ein større kontekst.

Kulturmiljøet står fram som ein interessant område sett i lys av byplan og arkitektur. Avgrensing av dette kulturmiljø tek omsyn til eigenskapar som gjer at det visuelt skil seg frå omkringliggande miljø. Dåtidas planideal med regulert rutenettplan, i kombinasjon med den tradisjonelle bergenske trehustypologien skapar eit tydeleg skilje i bymiljøet.
Kulturmiljøet står fram som ein interessant område sett i lys av byplan og arkitektur. Avgrensing av dette kulturmiljø tek omsyn til eigenskapar som gjer at det visuelt skil seg frå omkringliggande miljø. Dåtidas planideal med regulert rutenettplan, i kombinasjon med den tradisjonelle bergenske trehustypologien skapar eit tydeleg skilje i bymiljøet. Foto: Mikael Lye, Riksantikvaren
I aust ligg Korhnengen/Wesselengen, i midten Bergen fjellsiden og i vest ligg Bryggen. Bygningsmønsteret gjer det lett å sjå avgrensinga til dei tre miljøa.
I aust ligg Korhnengen/Wesselengen, i midten Bergen fjellsiden og i vest ligg Bryggen. Bygningsmønsteret gjer det lett å sjå avgrensinga til dei tre miljøa. Foto: ©norgeibilder.no

Avgrensing av landskap

Når samanhengar og heilskap skal visast på landskapsnivå, vil avgrensing i dei fleste tilfella verte større enn det som er vanleg på «kulturmiljønivå». Landskap gir eit større romleg perspektiv enn kulturmiljø. Dei kulturhistoriske samanhengane mellom ressursbruk og dei fysiske spora sjåast frå ei større flyhøgde. Avgrensinga skal vere lett å forstå, verdiane og samanhengane i landskapet skal vere leselege og tydelege.

Landskapet er forma av samspelet mellom mennesket og naturen og inneheld alt frå jordbrukslandskap, industrilandskap, kystlandskap, fjellandskap til bylandskap. Avgrensing av landskap bør fylgje terrengformer og landskapsrom. Storleiken på områda vil variere ut frå kva hovudhistorie som skal forteljast og kva som er viktige element å sjå til i landskapskarakteren.

Kulturhistorie som er knytt til dømes til ekstensiv bruk i fjell og anna utmark og ferdsel synast gjerne best innanfor større areal. Konsentrerte jordbrukslandskap med vekt på innmark er eksempel på landskap der eit mindre område kan syne samanhengane på ein god måte.

Med den breie bremmen av innmark i aktiv bruk er Skallan-Rå eit blikkfang i fjordlandskapet. Her fylgjer avgrensing av jordbrukslandskapet terrengform og landskapsrom.
Med den breie bremmen av innmark i aktiv bruk er Skallan-Rå eit blikkfang i fjordlandskapet. Her fylgjer avgrensing av jordbrukslandskapet terrengform og landskapsrom. Foto: Robert Nygård

Sårbarheit

Våre kulturmiljø og landskap er eit resultat av areal- og ressursbruk over tid. Vår omgjevnad vil alltid være i endring. Enkelte endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre kan medverke til å styrke dei. Omfang, karakter og tempo for dei ulike endringane vil ha betydning for om dette er positivt eller negativt for dei kulturhistoriske verdiane. Ofte kan det være vanskeleg å sjå korleis karakteren til eit kulturmiljø eller landskap vert endra av ulike tiltak, før endringane allereie har skjedd. Vern gjennom bruk står sentralt i dagens kulturmiljøforvaltning. Både bygningar og landskap som ikkje vert nytta vil forfalle. Prinsippet om vern gjennom bruk gjeld i særleg kulturmiljø og landskap som er av nasjonal interesse, som primært skal forvaltast av kommunane gjennom bruk av plan- og bygningslova.

Ei medveten haldning til kvalitetane i eit kulturmiljø eller landskap og korleis endringane vil påverke desse bør uansett ligge til grunn for kommunane si forvaltning.

Medvit om sårbarheit og dei faglege råda for forvaltning er verktøy for kommunal og regional forvaltning i framtidige planprosessar, samt i forvaltning av areal som er av nasjonal interesse. I dette delkapittelet ser vi på korleis område bør forvaltast for at dei viktige karaktertrekka og verdiane, som er knytt til dei nasjonale interessene, oppretthaldast og styrkast.

Endringar i kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, skal så langt som mogleg skje medvete og på ein slik måte at dei viktige karaktertrekka, dei som gir særpreg og verdi, vert sikra og styrka. Det må gjerast konkrete vurderingar av kva som vil komme i konflikt med dei nasjonale interessene. I avsnittet Sårbarheit skal det kome fram kva området kan være sårbart for. Felles for kulturmiljø og landskap er at dei viktige strukturane og den dominerande arealbruken må sikrast. Det kan til dømes stiller krav til lokalisering av nye utbyggingsområde og infrastrukturtiltak. I nokre områder eller delområde vil slike tiltak vere direkte i strid med nasjonale kulturhistoriske interesser, mens det i andre tilfelle vil kunne passast inn ved bevisst plassering, dimensjonering og utforming. Spesielle enkeltelement i kulturmiljøet eller landskapet kan og vere viktig å ivareta. Kva element eller detaljnivå avhenger av type kulturmiljø eller landskap.

Særpreget bystrøk med tett bebyggelse i rutenettsmønster etter byplanidealet da Sandnes ble ladested er blant anna det som trekkast fram i dei nasjonale interessene. I område bør ikkje tiltak som svekker lesbarheten og opplevelsen av det historiske bebyggelsesmønsteret.forekomme. Foto Cornelis Horn Evensen, Riksantikvaren
Særpreget bystrøk med tett bebyggelse i rutenettsmønster etter byplanidealet da Sandnes ble ladested er blant anna det som trekkast fram i dei nasjonale interessene. I område bør ikkje tiltak som svekker lesbarheten og opplevelsen av det historiske bebyggelsesmønsteret.forekomme. Foto Cornelis Horn Evensen, Riksantikvaren Foto: Cornelis Horn Evensen, Riksantikvaren
Avsnittet som omhandlar sårbarheit og faglege råd om forvaltning tek mellom anna føre seg sikring og styrking av karaktertrekka til eit kulturmiljø, dei som gir område særpreg og verdi. I Ålesund er mellom anna materialbruk på tak eit viktig karaktertrekk og identitetsskapande faktor.
Avsnittet som omhandlar sårbarheit og faglege råd om forvaltning tek mellom anna føre seg sikring og styrking av karaktertrekka til eit kulturmiljø, dei som gir område særpreg og verdi. I Ålesund er mellom anna materialbruk på tak eit viktig karaktertrekk og identitetsskapande faktor. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

4Oppsett og innhald i tekst

Kulturmiljøa og landskapa som er av nasjonal interesse skal ha eit innhald som gjer at lesaren får ei god forståing for kva som ligg til grunn for at eit område er av nasjonal interesse. Det skal vere tydeleg kva særpreg område har, kva verdiar som er knytt til område, kva det er sårbart for, og kva som ligg til grunn for den geografiske avgrensinga.

Omtale av dei utvalde kulturmiljøa og landskapa av nasjonal interesse skal innehalde fylgjande punkter:

  • Namn på området og utdjupande undertittel
  • Faktainformasjon
  • Skildring, kulturmiljø- og landskapskarakter
  • Nasjonal interesse
  • Sårbarheit

Namn på område og utdjupande undertittel

Namnet på område skal vere gjenkjenneleg i ein lokal samanheng og frå eksisterande kart. Undertittel skal med ein kort setning syne koplinga til hovudhistoria som skal forteljast og miljø- eller landskapskarakter.

Faktainformasjon

Kort informasjon om kva kommune(ar) kulturmiljøet eller landskapet ligg i samt storleiken på det avgrensa areal (km²).

For landskap og kulturmiljø i rurale strok skal i tillegg «klassifisering» for landskap – landskapsregion i NIBIOs nasjonale referansesystem for landskap framkomme. Sjå https://www.nibio.no/tema/landskap/landskapskart/nasjonalt-referansesystem-for-landskap/landskapsregioner 

Beskriving

Kulturmiljø (maks ei A4-side):

Todelt skildring; den fyrste delen tek føre seg kulturmiljøet si hovudhistorie.

Den andre delen (ca. 50-60 ord) er ei skildring av det menneskeskapte og det naturgitte miljøet, kor til dømes ein karakteristikk av bygningar og miljøet i kring skildrast. I større samansette kulturmiljø (t.d. med ulike typar bygningsmiljø frå ulike tidsepokar) kan skildring delast i fleire avsnitt som både skildrar miljøet si historie og karakter. Skildringa skal ha ein samanheng med nasjonale interesser.

Landskap (maks ei A4-side):

Todelt skildring; den fyrste delen tek føre seg skildring av det samla landskapet med kulturhistoriske forteljing(ar). Skildringa beskriv hovudhistoria som er førande for landskapskarakteren, men bør også gje ei oversikt der også andre forteljingar, som bygger opp under hovudhistoria, skildrast .

Den andre delen (ca. 50-60 ord) gir ei skildring av landskapskarakter, som er eit viktig omgrep i landskapsanalysemetoden. Landskapskarakter er eit konsentrert uttrykk for samspelet mellom naturgrunnlag, arealbruk, historisk og kulturelt innhald, og romlege og andre sanselege forhold som gir området sitt særpreg og skil det frå omkringliggande landskap.

Nasjonal interesse

Beskriv dei elementa som gjer hovudhistoria viktig i ein nasjonal samanheng. Kort grunngjeving for kvifor kulturmiljøet eller landskap er av nasjonal interesse (60-80 ord).

For kulturmiljø:

Denne delen er todelt og består av ein overordna tekst om kulturhistorisk tyding på by-/landskapsnivå samt ei skildring av kulturmiljøverdiar. Her baserer vi oss på Riksantikvaren sine overordna verdikategoriar; oppleving-, kunnskap- og bruksverdiar.

For landskap:

Trekk fram dei elementa frå hovudhistoria som er viktig i ein nasjonal samanheng.    Foreta ei endeleg vurdering av verdiane gjennom samanlikning og vekting av verdiar – utgangspunktet er oppleving-, kunnskap- og bruksverdiar.

Sårbarheit

Her skildrast kva det aktuelle området er sårbart for. Denne skildringa skal rettleie forvaltninga i å styrke karaktertrekka og verdiane som er knytt til dei nasjonale interessa.

Dette avsnittet skal auka medvit om kva verdiar i eit område som kan vere sårbare. Dette til dømes inngrep eller endring, og kva som bør vere forvaltningspraksis i desse områda for å ikkje gå tapt om desse verdiane.

Sårbarheit i kulturmiljø

Skildringa av kulturmiljø sin sårbarheit skal medverke til å ta vare på kulturhistoriske og arkitektoniske verdiar i forvaltning av kulturmiljø. Det er ein føresetnad at verneverdiane takast i vare av kommunen i deira plan- og byggesaksbehandling. Dette gjeld både omsyn til viktige enkeltbygg, kulturminne, grøntområde og kulturlag innanfor kulturmiljøet samt landskapsrelaterte og strukturelle samanhengar.

Kommunen kan bruke kunnskap om sårbarheit som grunnlag i arbeidet med kommune-, område- eller detaljplanar.

Sårbarheit i landskap

Skildringa av sårbarheit til det valde landskapet må sjåast i samanheng med den aktuelle flyhøgda. Ofte ligg detaljnivået for landskap noko høgare enn for kulturmiljø.

Skildringa skal sikre og styrke forvaltninga av dei viktige karaktertrekka og verdiane i landskapet. Avsnittet kan sikre omsynet til mellom anna skala og struktur, miljø og klima, aktivitet i og bruk av kulturlandskap, og oppretthalde samanhengar og siktliner.

Kommunen kan bruke skildringa av sårbarheit som grunnlag i arbeidet med kommune-, område- eller detaljplanar.

 

Bilde og kart

Områda skal leggast inn i kulturminnedatabasen Askeladden og formidlast gjennom kulturminnesøk.

Områdebeskrivinga skal fylgjast av to-tre bilete som illustrerer kulturmiljø – eller landskapskarakteren og dei nasjonale interesser. Det skal også fylgje kart som syner avgrensing av området.

Kulturminnesøk

Kulturminnesøk er ei nettside med informasjon der kulturminne, kulturmiljø og landskap er presentert. Kulturminnesøk hentar informasjon frå Askeladden, i tillegg presenterast også kulturminne lagt inn av publikum. Sjå nettside.

Askeladden

Riksantikvarens offisielle database. Innlogging til Askeladden og rettleiing til databasen finnes på Riksantikvarens nettsider.

Ordliste

Kjelde og Kunnskapsverdi

Verdi som vert tillagt kulturminne som har ei særskild tyding som kjelde til kunnskap om og forståing av fortida.

Kulturmiljø

Område av kulturhistorisk verdi der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Kulturmiljø kan omfatte både bygde og naturgitte element. Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, innførte omgrepet «kulturmiljø» som eit samla omgrep for «kulturminne, kulturmiljø og landskap».

Kulturlandskap

Alt landskap som er påvirka av mennesker. Nemninga nyttast når det er fokus på den menneskelege påverknaden på landskapet, og særskild ofte om jordbrukslandskap.

Kulturminne

Kulturminne er alle spor etter mennesker sine liv og virke i vårt fysiske miljø. Omgrepet omfattar også stadar det vert knytt historiske hendinger, tru eller tradisjon til. Også naturelement med kulturhistorisk verdi er kulturminne, eller kan inngå som del av eit kulturminne. Kulturminne kan til dømes vere bygningar, gjenstandar, hagar, gravhaugar, båtar eller vegfar. Det skiljast mellom lause og faste kulturminne.

Landskap

Samlenamn på våre omgivnader som ligg utandørs, både naturgitte og menneskeskapte. Landskapet er forma av samspelet mellom mennesket og naturen. Namnet omfattar alle typar landskap, som for eksempel jordbrukslandskap, industrilandskap, kystlandskap, bylandskap og fjellandskap.

Miljø

Omgjevnaden menneske lever i, og pregast av. Omgrepet brukast om mange ulike ytre omgjevnadar, både menneskeskapte, som bygningsmiljø og hagar, og naturgitte. Sjå også «kulturmiljø».

Nasjonal interesse

I kulturmiljøforvaltninga brukast omgrepet både i verdisetjingsprosessar i arbeid med plan- og bygningslova og i oversikta over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

Motsegn

Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og ei rekkje andre styresmakter kan fremje motsegn, det vil seie at myndigheita får mot eit forslag, eller deler av eit forslag til arealplanar etter plan- og bygningslova. Så lenge det finnest ei motmæle, kan kommunen ikkje vedta endeleg plan.

Verdensarv

Kulturarv og/eller naturarv som er innskriven på UNESCO si verdsarvliste. Verdsarvstadene utgjer ein felles arv som er umissande for menneske, på tvers av landegrensene.

Verneverdig kulturminne/ kulturmiljø

Eit verneverdig eller bevaringsverdig kulturminne eller -miljø er eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturhistorisk vurdering og er identifisert som verneverdig. Nemningane verneverdig og bevaringsverdig tyder det same og blir brukte om kvarandre.

Dei mest verneverdige kulturminna er av nasjonal verdi. Det er fyrst og fremst desse som blir freda etter kulturminnelova.

Kulturminne kan også ha regional eller lokal verdi . Normalt vil det vere kommunane som sikrar vern av slike kulturminne ved hjelp av plan- og bygningslova.

Ein annan måte å markere at eit kulturminne er verneverdig på, er listeføring.

Dei fleste verneverdige kulturminne er ikkje formelt verna etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova. Mange blir likevel tekne vare på fordi dei blir oppfatta som verdifulle av eigarar og brukarar.

 

Litteraturliste

Veileder NB!-registeret.

Databasen for historiske byområder (2015) Legg inn ny lenke

Veileder KULA

Faggrunnlag for regional kulturminneforvaltning (2018) Legg inn ny lenke

Veileder – Metode for landskapsanalyse i kommuneplan (2011)

utviklet av Miljødirektoratet og Riksantikvaren i fellesskap og rettet mot helhetlige landskap, http://hdl.handle.net/11250/176999

Håndbok for lokal registrering (2013)

utviklet av Riksantikvaren som del av satsingen på å styrke kunnskapen om kulturminner og kulturmiljøer i kommunene. Det er kapitlet om verdisetting og vekting som er relevant i denne sammenhengen, https://www.riksantikvaren.no/veileder/handbok-for-lokal-registrering-av-kulturminner-og-kulturmiljoer/

Verdisetting og verdivekting av kulturminner og kulturmiljøer

Verdisetting og verdivekting av kulturminner

DIVE-kulturhistorisk stadsanalyse

DIVE – kulturhistorisk stedsanalyse

Kulturminner, kulturmiljøer og landskap – Planlegging etter plan- og bygningsloven

Kulturminner, kulturmiljøer og landskap. Planlegging etter plan- og bygningsloven

Nye mål i Kulturmiljøpolitikken

Meld. St. 16 «Nye mål i kulturmiljøpolitikken Engasjement, bærekraft og mangfold»

Nasjonale forventninger

Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging (2019-2023)

Europarådets landskapskonvensjon

https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-og-eiendom/plan_bygningsloven/planlegging/diverse/landskapskonvensjonen/om-konvensjonen/europeisk-landskapskonvensjon-norsk-teks/id426184/

Riksantikvarens og Miljødirektoratets rettleiar om Landskapsanalyse.

veileder-4-4-2011.pdf (miljodirektoratet.no)