Hand­saming av søknader om dispen­sasjon frå utførsle­forbod for fartøy

Denne rettleiaren tek føre seg dei handlingane og dokumenta som inngår i saksgangen ved ein søknad om dispensasjon frå kulturminnelova § 23 om forbod mot utførsle av kulturgjenstandar. I følgje føreskrift 2007-02-02 nr. 1 om utførsle og innførsle av kulturgjenstandrar er det Riksantikvaren som kan gjere vedtak om dispensasjon frå utførsleforbodet for fartøy.

Utførsleforbodet gjeld båtar og delar av båtar, og vedtak i slike saker er delegert til fleire vedtaksinstitusjonar. Definisjonen av kva materiale som skal vurderast i denne samanhengen, og grensedraginga mellom vedtaksinstitusjonane, vert handsama under punkt 1.

1Lovgrunnlag og tolking

§ 6 i forskriftene til kulturminnelova seier at det er Riksantikvaren som har fått delegert vedtaksmynde i saker som gjeld utførsle av båtar og delar av båtar. Slike saker må difor handsamast ved at fylkeskommunane mottek og handsamar søknader om dispensasjon frå utførsleforbodet og sender innstilling til Riksantikvaren om å gjere vedtak i saka. Fylkeskommunane har også ei viktig rolle i oppfølginga av eit fartøy dersom eigar får avslag på søknaden om dispensasjon frå forbod mot utførsle.

Unnteke frå dette er samiske båtar, der Riddoduottarmuseat har fått delegert vedtaksmynde.

1.1 Lova og føreskriftene

Lovgrunnlaget for saker om utførsle av fartøy er kulturminnelova § 23 som lyder:

«Kunst eller kulturmateriale som har stor betydning for bevaring, forskning eller formidling av kulturarv, kunst og historie i Norge, må ikke føres ut av landet uten tillatelse fra rette myndighet.

Departementet kan i forskrift gi nærmere regler om hvilke gjenstander som omfattes av utførselsforbudet i første ledd.»

I føreskriftene til lova finn vi følgjande som vedkjem fartøy (Føreskriftene nyttar termen «båtar»):

«§ 1.Formål

Formålet med forskriften er å sørge for at kulturgjenstander beskyttes mot ulovlig eksport og import. Forskriften skal bidra til å avgrense ulovlig omsetning av kulturgjenstander og sikre dokumentasjon og kunnskap om de kulturgjenstander som tillates ført ut av landet.

§ 2. Definisjon

I lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 23 og i kapitlene her gjelder følgende kategorier av kulturgjenstander:

a) Materiale, uten hensyn til alder:

–  Som har spesiell betydning for Norges kunst, kultur og historie

–  Som spesiell betydning for virksomheter og hendelser av nasjonal betydning

–  Som vedrører fremstående eller sentrale personers liv. Gjenstander som vedkommende fremstående eller sentrale person selv fører ut av landet medregnes ikke, med mindre utførsel er forbudt etter andre bestemmelser i denne forskriften.

b) Samisk materiale fra før år 1970. For tekst og kart som er trykket på samisk gjelder år 1930. Det skal søkes utførselstillatelse for alt samisk arkivmateriale. Gjenstander som tilhører sin opphavsmann omfattes ikke.

e) Motorvogner, luftfartøy, artilleriskyts og skinnegående materiell eller deler og tilbehør av slike fra før år 1950 og båter eller deler av slike eldre enn 50 år

l) Til materiale nevnt i § 2 bokstavene a-j medregnes ikke personlige effekter fra etter år 1800 eller kulturgjenstander som nevnt i § 2 bokstav e), som skal brukes under opphold i utlandet og som bringes tilbake til Norge innen ett år etter utreise eller skal repareres og restaureres i utlandet og bringes tilbake til Norge innen tre år etter utreise. Med personlige effekter menes gjenstander som for eksempel smykker, bunader og lignende.

m) Til materiale nevnt i § 2 bokstavene a-j medregnes ikke gjenstander som er importert til Norge etter år 1950 dersom det kan dokumenteres at det i sin tid var lovlig eksportert fra opprinnelseslandet.»

I § 6 i føreskrifta går det fram kven som er vedtaksinstitusjonar for saker om utførsle. Her er gjevne att dei institusjonane som vedkjem fartøy eller delar av fartøy:

Ǥ 6. Vedtaksinstitusjoner

Følgende institusjoner er vedtaksinstitusjoner:

a) Forsvarsmuseet er vedtaksinstitusjon for saker om militære kulturgjenstander, våpen og luftfartøy og kjøretøyer.

f) Norsk Sjøfartsmuseum er vedtaksinstitusjon for saker om maritimt materiale.

j) Riksantikvaren er vedtaksinstitusjon for saker om båter.

l) RiddoDuottarMuseat er vedtaksinstitusjon for saker om samisk kunst og annet samisk kulturmateriale.

Vedtaksinstitusjonene skal samrå seg med hverandre eller rådspørre regionale faginstitusjoner hvis det kan være tvil om myndighetsområde eller behov for supplerende kompetanse.»

Som det går fram av lista over er Riksantikvaren vedtaksinstitusjon i saker som gjeld utførsle av båtar og delar av båtar. Moglege overlappingar mot vedtaksinstitusjonane i punkta a, f og l kan avklarast slik:

a) Forsvarsmuseet

Båtar/fartøy er ikkje nemnd mellom dei gjenstandane som  forsvarsmuseet kan gjere vedtak om i utførslesaker. Vi ser at andre gjenstandar på tilsvarande nivå, som køyretøy og luftfartøy, er nemnde. Dette medfører at Riksantikvaren er vedtaksinstitusjon i saker som gjeld utførsle av marinefartøy og delar av slike.

f) Norsk Sjøfartsmuseum (I dag Norsk Maritimt Museum)

Museet er vedtaksinstitusjon for «maritimt materiale». Det kan vere uklårt om dette også omfattar «delar av båtar» som er nemnt i § 2e. Riksantikvaren og museet har avklart dette seg i mellom på følgjande vis:

  • Omgrepet «delar av båtar» forståast som delar av fartøyet sin konstruksjon, overbygg, framdriftssystem og anna som har vore fastmontert og inngått som ein permanent del av båten/fartøyet.
  • Omgrepet «maritimt materiale» forståast som lausøyre, utstyr, reiskap og anna som ikkje har vore ein permanent del av fartøyet.

l) RiddoDuottarMuseat

Museet er vedtaksinstitusjon ved utførsle av samisk kunst og anna samisk kulturmateriale. Dette må sjåast i samanheng med § 2b i føreskrifta. Føreskrifta set konsekvent samisk materiale i ei særstilling ut frå sin kulturelle proveniens åleine, uansett kva for brukskategori materialet elles høyrer til. Det logiske vil då vere at museet også er vedtaksinstitusjon for samiske båtar og delar av slike, men dette er ikkje formelt avklart mellom museet og Riksantikvaren. Inntil vidare har museet og Riksantikvaren blitt einige om følgjande:

  • RiddoDuottarMuseat er rette vedkomande for fartøy som høyrer til samisk båtbyggjartradisjon.
  • Dersom fartøy av andre kategoriar har ei samisk tilknyting gjennom bygging eller bruk skal RiddoDuottarMuseat konsulterast.

1.2 Tolkinga av føreskriftene

Forskrifta til lov om kulturminne inneheld ikkje nokon definisjon av båtar, men omgrepet vil i ei fleste samanhengar famne om alle fartøy frå dei største skip og ned til dei minste ro- og seglbåtar. Det er uklårt i kva grad til dømes kano, kajakk, vasskoter eller flyttbare flytande innretningar som muddringsapparat og oljeplattformer vert omfatta av utførsleforbodet som gjeld fartøy (båtar). Men slike vil likevel kome inn under § 2a i føreskrifta dersom dei er av særskild nasjonal betydning eller kan knytast til sentrale personar.

Etter føreskrifta er det ikkje lov å føre ut av landet fartøy eller delar av fartøy som

  • har ei særskild tyding for Noregs kunst, kultur og historie (jf. § 2a)
  • har ei særskild tyding for verksemder og hendingar av nasjonal tyding (jf. § 2a)
  • vedkjem framståande eller sentrale personar sitt liv (jf. § 2a)
  • kan definerast som samiske og er bygde før 1970 (jf. § 2b)
  • er eldre enn 50 år (jf. § 2e)

Føreskrifta gjev følgjande unntak frå utførsleforbodet:

  • Fartøy som er importert til Noreg etter 1950 (jf. § 2m)
  • Fartøy som skal nyttast under opphald i utlandet og vert  ført attende til Noreg innan eitt år etter utreise (jf. § 2l)
  • Fartøy som skal reparerast eller restaurerast i utlandet og vert ført attende til Noreg innan tre år etter utreise (jf. § 2l)

Søknad om utførsle er berre naudsynt ved dei høve som er nemnt under punkt 2.

Dersom fartøy eldre enn 50 år, som er registrert i Skipsregisteret, vert seld til ein utanlandsk eigar, vil registeret varsle den registrerte norske eigaren om at fartøyet ikkje kan slettast frå det norske registeret utan etter dispensasjon frå Riksantikvaren. Liknande varslingsrutinar finst ikkje for fartøy i fritidsbåtregisteret og for fartøy som ikkje er registrerte.

Kva som i føreskrifta skal forståast som «ut av landet» må sjåast i samanheng med området for norsk jurisdiksjon. I havet må «ut av landet» tolkast som ut av norsk sjøterritorium. Grensa for norsk sjøterritorium («territorialgrensa») ligg 12 nautiske mil (22 224 meter) utanfor grunnlinja, målt frå dei ytste skjær og holmar, eller ei avtalt grenseline der norsk sjøterritorium møter andre lands territoria etter til dømes midtlineprinsippet (sjå kartverket.no). Norsk sjøterritorium omfattar også havområda kring Jan Mayen, Svalbard og Bouvetøya.

2Søknaden

Søknaden

Det er fartøyet sin norske eigar som kan søkje om dispensasjon frå utførsleforbodet, og ikkje til dømes ein utanlandsk interessent som vil overta fartøyet. For fartøy som er innførte i Skipsregisteret NOR gjeld dette uansett om det er inngått skriftleg avtale mellom partane eller om oppgjer har funne stad. Fartøy i NOR kan ikkje slettast frå registeret eller førast over på ein utanlandsk eigar før det ligg føre vedtak frå Riksantikvaren om dispensasjon frå utførsleforbodet.

For eit fartøy, eller deler av eit fartøy, som er eldre enn 50 år og som ikkje er innført etter 1950, må eigar søkje om dispensasjon frå utførsleforbodet dersom

  • fartøyet skal seljast til ein utanlandsk eigar
  • fartøyet har norsk eigar, men skal opphalde seg utanfor norsk sjøterritorium i meir enn tre år samanhengande i samband med reparasjon.
  • fartøy har norsk eigar som skal nytte det utanfor norsk sjøterritorium i meir enn eitt år samanhengande.

Eigar må sende inn to ulike søknadsskjema:

  • skjema fastsett av Kulturdepartementet (jf. § 4 i føreskriftene).
  • Riksantikvaren sitt skjema der juridisk, teknisk og historisk informasjon om fartøyet skal fyllast ut.

Det skal leggjast ved foto som syner fartøyet utanfrå, innreiinga, maskinrommet og andre vesentlege areal.

Begge skjema er tilgjengelege på Riksantikvaren sine nettsider.

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen eller Riddoduottarmuseat. Det er ikkje sett nokon søknadsfrist for søknad om utførsle, og desse vert handsama fortløpande.

Dersom fylkeskommunen konkluderer med at fartøyet stetter krava til status som verna skip, skal fylkeskommunen si skriftlege innstilling sendast til Riksantikvaren som har vedtaksmynde etter § 6 i føreskriftene.

Riddoduottarmuseat har eige vedtaksmynde, men sender kopi av vedtak til Riksantikvaren og Sametinget.

3Handsaming av søknaden

Ved søknad om utførsel skal fylkeskommunen eller Riddoduottarmuseat på grunnlag av den mottekne informasjonen danne seg eit inntrykk av fartøyet si tekniske og bruksmessige historie, og med utgangspunkt i dette vurdere fartøyet sin verneverdi. Ei slik vurdering vil følgje same prinsipp som er gjort greie for i Rettleiar til freding av fartøy punkt 2.1. samt i Rettleiar til tildeling av status som verna skip punkt 4.1. så langt dette høver.

I samband med handsaminga kan fylkeskommunen både be om ytterlegare informasjon og om å få synfare fartøyet, jf. føreskriftene § 4 tredje avsnitt.

I følgje § 5 første avsnitt i føreskriftene skal det normalt innvilgast løyve til utførsle dersom fartøyet ikkje er av stor betydning for forsking eller for bevaring og formidling av landets kulturarv.

I følgje § 5 andre avsnitt i føreskriftene kan Riksantikvaren og Riddoduottarmuseat innvilge utførsle både permanent (ved sal) og for eit særskild tidsrom (ved bruk eller reparasjon i utlandet).

Som del av vurderingsprosessen skal fylkeskommunen ta kontakt med eventuelle andre fylkeskommunar der fartøyet har hatt vesentleg historisk tilknyting. Fartøyet kan vere omtala i fylkeskommunale/regionale fartøyvernplanar, og aktuelle fylkeskommunar bør få høve til å uttale seg om søknaden og eventuelt arbeide for alternativ til eksport (sjå pkt. 3.1.).

3.1 Avslag på søknad om utførsle

Dersom fartøyet er av stor betydning for forskinga, eller for bevaring og formidling av landets kulturarv, så skal det i følgje § 5 første avsnitt i føreskriftene ikkje innvilgast dispensasjon frå utførsleforbodet. I innstillinga til vedtak som sendast Riksantikvaren skal fylkeskommunen då rå frå at det vert gjeve dispensasjon frå utførsleforbodet.

Det er likevel slik at eit avslag på ein søknad om utførsle åleine ikkje kan sikre fartøy som er viktige for forsking eller vern og formidling av Noregs kulturarv. Den delen av kulturminnelova som gjeld fartøy («båtar») er yngre og langt mindre utvikla enn lovverket som gjeld faste kulturminne. Det har enno ei rekkje hol og inkonsekvensar som kjem av at det dels er henta frå paragrafar som omhandla faste kulturminne (freding) og dels frå paragrafar som omhandla gjenstandar (utførsle/innførsle).

For fartøy finst det til dømes ikkje nokon parallell til plan- og bygningslova, der eigar må søkje om endring av fasade eller riving av bygg. Det einaste kravet når det gjeld ombygging av fartøy er at planane må godkjennast av Sjøfartsdirektoratet dersom fartøyet har sertifikat.

Fartøy som er omfatta av utførsleforbodet, men som ikkje er freda eller har status som verna skip (det vil seie at eigar har inngått avtale med Riksantikvaren om vern), kan likevel fritt byggjast om eller destruerast innanlands utan at det må søkast eller varslast om dette på førehand. Det finst heller ikkje noko vedlikehaldskrav for fartøy, ut over reint tekniske utbetringar som Sjøfartsdirektoratet kan gje pålegg om i samband med fornying av sertifikat. Men dersom eit fartøy i opplag vert oppfatta som eit visuelt problem for offentlegheita, kan eigaren få pålegg om å fjerne det.

Eigarar av andre kategoriar kulturgjenstandar, som til dømes kunstobjekt, historiske våpen eller møblar, vil i regelen sjølv oppleve slike eignelutar som verdigjenstandar. Eigarar av fartøy som det vert søkt om løyve til eksport for vil i regelen ikkje oppleve fartøya som verdigjenstandar av denne kategorien, men som eit tyngjande problem eller kostnad som han ynskjer å avhende. Dersom eigar av eit fartøy får avslag på ein søknad om utførsle kan difor destruksjon vere einaste reelle alternativ. I mange tilfelle vil også søknaden om eksport vere direkte relatert til ei avtale om hogging i utlandet. Eit større fartøy representerer arbeid med tilsyn og laupande kostnader også dersom det vert liggjande ved kai. Eigaren har også det økonomiske ansvaret for leige av kai og ved skadar som havari, oljelekkasje, skade på kaiar etc.

Medan eit verna bygg har rett på arealet det står på, så har sjølv ikkje eit freda fartøy rett på kaiplass eller opplagsplass nokon stad. Slike fasilitetar må kjøpast eller leigast. Ein eigar som vert nekta utførsle kan difor hamne i ein situasjon der det kan bli tale om store kostnader med opplag av eit fartøy som har utspelt si rolle i kommersiell fart og som han i utgangspunktet ville bli kvitt. For eigar en vil det difor normalt ikkje vere noko alternativ å setje fartøyet i stand og forsetje eigarskapen dersom Riksantikvaren nektar utførsle.

Dersom fartøyet skal sikrast som kulturminne må både innstillingsinstansen og vedtaksinstansen vere merksam på at eit vedtak om avslag på ein søknad om utførsle må følgjast opp med andre verkemiddel/prosessar som:

  • Freding
  • Medverknad til eigarskifte innanlands der verneinteresser overtek fartøyet (med påfølgjande søknad om status som verna skip).

Riksantikvaren kan ikkje eige fartøy og kan difor ikkje tre inn som permanent eller mellombels eigar for å sikre fartøyet. Fylkeskommunane har høve til dette, og vil difor kunne ha ei slik rolle.

3.1.1 Innstilling til Riksantikvaren

Dersom fylkeskommunen  innstiller på avslag på ein søknad om dispensasjon frå utførsleforbodet, skal innstillinga innehalde følgjande:

1)      Presisering av kva fartøy avslaget gjeld, der fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar er nemnt. Overskrifta i innstillingsbrevet skal følgje denne malen: (Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – avslag på søknad om dispensasjon frå forbod mot utførsle.

2)      Framlegg til vedtak om avslag på søknad om utførsle.

3)      Grunngjeving av framlegget til avslag.

3.1.2 Avslagsbrevet

Ved avslag på søknad om utførsle skal Riksantikvaren sende brev til  den norske eigaren der det vert gjort greie for kvifor dispensasjon frå forbodet mot utførsle er avslege. Avslagsbrevet skal innehalde:

1)      Presisering av kva fartøy avslaget gjeld, der fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar er nemnt. Overskrifta i avslagsbrevet skal følgje denne malen: (Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – avslag på søknad om dispensasjon frå forbod mot utførsle.

2)      Vedtak om avslag på søknad om utførsle.

3)      Grunngjeving av avslaget

4)      Informasjon om klagefrist, klageinstans og prosedyre

Brevet skal gå med kopi til Kulturdepartementet og fylkeskommunen der fartøyet høyrer til.

3.2 Dispensasjon frå forbod mot utførsle

Dersom fartøyet ikkje representerer verdiar som gjev grunnlag for å nekte eksport, skal eksport innvilgast, jf. § 5 første avsnitt i føreskrifta. Fartøyet kan slettast i skipsregisteret og permanent førast ut frå norsk land- eller sjøområde.

Når fartøyet er utanfor norsk jurisdiksjon kan det fritt omsetjast, endrast eller destruerast utan at norsk kulturminneforvalting har høve til å gripe inn. Dette gjeld uansett kva ein utanlandsk kjøpar måtte presentere av planar for fartøyet, då desse ikkje vil vere bindande etter at det er ført ut av landet. Dispensasjon frå eksportforbodet i kulturminnesamanheng er difor ein parallell til destruksjon, noko Riksantikvaren og Riddoduottarmuseat må ha med i vurderinga av søknaden.

3.2.1 Innstilling til Riksantikvaren

Dersom fylkeskommunen innstiller på å innvilge ein søknad om dispensasjon frå utførsleforbodet, skal innstillinga innehalde følgjande:

1)      Presisering av kva fartøy dette gjeld, der fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar er nemnt. Overskrifta i innstillingsbrevet skal følgje denne malen: (Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – vedtak om (permanent eller mellombels) dispensasjon frå forbod mot utførsle.

2)      Framlegg til vedtak om dispensasjon frå forbod om utførsle.

3)      Grunngjeving av framlegget til vedtak. Det skal gå fram om vedtaket er permanent eller gjeve for eit nærare bestemt tidsrom.

3.2.2 Dispensasjonsbrevet

Dersom dispensasjon frå utførsleforbodet vert innvilga skal Riksantikvaren fylle ut og stemple dei delane av Kulturdepartementet sitt skjema som er avsett til vedtaksinstitusjonen. Dette skal saman med følgjebrev sendast til eigaren av fartøyet, og med kopi til Kulturdepartementet og fylkeskommunen der fartøyet høyrer til. Brevet skal innehalde:

1)      Presisering av kva fartøy dette gjeld, der fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar er nemnt. Overskrifta i dispensasjonsbrevet skal følgje denne malen: (Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – vedtak om (permanent eller mellombels) dispensasjon frå forbodet mot utførsle.

2)      Vedtak om dispensasjon frå forbod om utførsle.

3)      Grunngjeving av vedtaket. Det skal gå fram om vedtaket er permanent eller gjeve for eit nærare bestemt tidsrom.

4)      Informasjon om klagefrist, klageinstans og prosedyre

 Brevet skal gå med kopi til Kulturdepartementet og fylkeskommunen der fartøyet høyrer til.

3.3 Delvis dispensasjon frå forbod mot utførsle

Det kan tenkjast at berre delar av fartøyet er av interesse i vernsamanheng. Til dømes kan eit fartøy som elles har låg eller ingen verneverdi ha eit maskinanlegg som vil vere viktig for andre verna fartøy å få tilgang til, eller som bør takast vare på ved eit motormuseum.

Lova inneheld ikkje noko eksplisitt mandat til å hindre at slike delar av farty som inngår i komplette fartøy kan hindrast ført ut av landet, men i lys av lova si intensjon legg vi til grunn at det er mogleg å innstille på og å fatte vedtak der det vert innvilga dispensasjon frå forbodet mot utførsle på visse vilkår. Dette kan til dømes vere at eit historisk maskinanlegg vert demontert før fartøyet vert ført ut av landet.

3.3.1 Innstilling til Riksantikvaren

Dersom fylkeskommunen innstiller på delvis å innvilge ein søknad om dispensasjon frå utførsleforbodet, skal innstillinga innehalde følgjande:

1)      Presisering av kva fartøy dette gjeld, der fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar er nemnt. Overskrifta i innstillingsbrevet skal følgje denne malen: (Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – vedtak om (permanent eller mellombels) delvis dispensasjon frå forbod mot utførsle.

2)      Framlegg til vedtak om delvis dispensasjon frå forbodet om utførsle.

a.       Det skal gå fram om vedtaket er permanent eller gjeve for eit nærare bestemt tidsrom.

b.       Det skal også gå fram kva vilkår som er sett for utførsle av fartøyet, til dømes med ei liste over dei delane som ikkje er omfatta av dispensasjonen og som må demonterast før utførsle kan finne stad.

3)      Grunngjeving av framlegg til vedtak.

 

3.3.2 Brev om delvis dispensasjon/dispensasjon på vilkår

Brevet skal innehalde:

1)      Presisering av kva fartøy dette gjeld, der fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar er nemnt. Overskrifta i dispensasjonsbrevet skal følgje denne malen: (Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – vedtak om (permanent eller mellombels) delvis dispensasjon frå forbod mot utførsle.

2)      Vedtak om delvis dispensasjon frå forbod om utførsle.

a.       Det skal gå fram om vedtaket er permanent eller gjeve for eit nærare bestemt tidsrom.

b.       Det skal også gå fram kva vilkår som er sett for utførsle av fartøyet, til dømes med ei liste over dei delane som ikkje er omfatta av dispensasjonen og som må demonterast før utførsle kan finne stad.

3)      Grunngjeving av vedtaket.

4)      Informasjon om klagefrist, klageinstans og prosedyre

4Klage på vedtak

Ein eventuell klage på eit vedtak skal sendast til Riksantikvaren/Riddoduottarmuseat, som skal sjå om det er grunnlag for å gjere om vedtaket.

Dersom det ikkje er grunn til å gjere om vedtaket, skal Riksantikvaren sende klagen vidare til handsaming hjå Klima- og miljødepartementet saman med ei vurdering av saka. Brevet frå Riksantikvaren til klageinstansen sendast med kopi til klagaren som skal ha høve til å kommentere fredingsinstansen si framstilling. Ein eventuell ny merknad frå klagaren skal sendast til klageinstansen med kopi til Riksantikvaren. For vedtak gjort av Riddoduottarmuseat er Sametinget klageinstans.