Freding av fartøy

Denne rettleiaren tek føre seg dei handlingane og dokumenta som inngår i saksgangen når eit fartøy skal fredast. Både fylkeskommunane, Sametinget og Riksantikvaren kan starte ei fredingssak, men uansett kven som har initiert og førebudd saka er det Riksantikvaren som gjer vedtaket om freding.

I denne rettleiaren er hovudvekta lagt på fredingssaker som er initierte av førstelineforvaltinga (fylkeskommunane og Sametinget). Freding av fartøy er heimla i Kulturminnelova § 14a, medan dispensasjon frå freding av fartøy er heimla i § 15a.

Last ned pdf Vent mens filen genereres

1Om bruk av mellombels freding

Lovgrunnlaget for mellombels freding av fartøy er Kulturminnelova § 14 a, jf. 22 punkt 4 som lyder:

22 regler for saksbehandling

  1. Departementet kan treffe vedtak om midlertidig fredning inntil saken er avgjort.

Etter ansvarsføreskrifta § 3 (4) har fylkeskommunen mynde til å gjere vedtak om mellombels freding etter kulturminnelova § 22 nr. 4. Sametinget har same mynde etter ansvarsføreskrifta § 4. Også Riksantikvaren kan gjere eit slikt vedtak, men i det vidare tek vi føre oss prosessen der fylkeskommunen gjer vedtaket.

Mellombels freding kan nyttast dersom det er overhengande fare for at kulturminnet kan gå tapt, men berre dersom ein vurderer kulturminnet til å vere av nasjonal verdi. Det vil seie at ein vurderer kulturminnet som fredingsverdig uavhengig av den akutte situasjonen det står i. I slike tilfelle kan mellombels freding nyttast for å stabilisere situasjonen medan ein førebur eller gjer ei nærare vurdering av om det bør startast opp ei vanleg fredingssak. Vedtak om mellombels freding bør difor vere tidsavgrensa, og fristen skal gå fram av vedtaket. Fristen skal sikre at fylkeskommunen/Sametinget har kapasitet til å gjennomføre vurderinga, men det skal gode grunnar til å setje ein frist på meir enn 6 månader. Mellombels freding fell bort etter fristen, men mindre det er starta opp ei ordinær freding.

Spørsmålet om mellombels freding vil i regelen kome som følgje av eigar sine planar om å bygge om fartøyet radikalt, føre det ut av landet eller destruere det. Når fylkeskommunen grip inn og stoggar eigaren sine planar, kan det vere utfordrande å spele på lag med ein eigar i den vidare prosessen. Men det er likevel viktig at fylkeskommunen/Sametinget legg vekt på å ha ein god dialog med eigar om det reelle trusselbiletet for kulturminnet. Dersom eigar ynskjer å ta vare på fartøyet, men gjev opp av mangel på ressursar eller opplagsplass, kan saka ofte løysast med andre verkemiddel enn mellombels freding. Men det hender også at eigar ikkje har noka interesse av vern. Dersom det då ikkje finst andre aktuelle eigarar, kan det vere meir utfordrande å finne ei langsiktig løysing.

Dersom fylkeskommunen kjem til at ei ordinær fredingssak bør startast opp, skal dei innan fristen i vedtaket om mellombels freding fylle ut skjema for ny freding av fartøy og sende dette til Riksantikvaren. Dette må gjerast i god tid, slik at Riksantikvaren når å vurdere saka. Berre dersom Riksantikvaren gjev klarsignal kan det formelt opnast ei fredingssak og varsel om dette sendast ut (sjå 3.2 side 8).

Riksantikvaren har laga eit framlegg til ein mal for vedtak om mellombels freding av fartøy.

Klage på vedtak om mellombels freding.

Eit vedtak om mellombels freding er eit einskildvedtak som det kan klagast på, jf. forvaltingslova §§ 28 og 29. Ein eventuell klage på eit vedtak om mellombels freding skal sendast til fylkeskommunen/Sametinget, som skal sjå om det er grunnlag for å gjere om vedtaket.

Dersom det ikkje er grunn til å gjere om vedtaket, skal fylkeskommunen sende klagen vidare til handsaming hjå Riksantikvaren saman med fylkeskommunen si vurdering av saka. Ein kopi av brevet frå fylkeskommunen til Riksantikvaren sendast med kopi til klagar, som skal ha høve til å kommentere fylkeskommunen si framstilling. Ein eventuell ny merknad frå klagar skal sendast til Riksantikvaren med kopi til fylkeskommunen.

2Lovgrunnlaget

Lovgrunnlaget for freding av fartøy er Kulturminnelova § 14a som lyder:

§ 14a. Fredning av båter

Departementet kan frede båter av særlig kulturhistorisk verdi. Fredningsvedtaket omfatter fast inventar og utstyr. Når særlige grunner tilsier det, kan også større løst inventar medtas. I slike tilfeller må hver enkelt gjenstand særskilt spesifiseres.

I fredningsvedtaket kan departementet forby eller på annen måte regulere alle typer tiltak som er egnet til å motvirke formålet med fredningen.

Vedtak om fredning skal om mulig avmerkes i vedkommende skipsregister. Bestemmelsene i §§ 15 a og 22 nr. 4 gjelder tilsvarende. §§ 16-18 kommer til anvendelse så langt det passer.

3Vurderinga av fredingssaka

Det finst følgjande hovudårsaker til igangsetjing av fredingssak for fartøy:

a) Freding på grunnlag av fartøyet sin representativitet:

Fartøy kan fredast som del av ein fredingsstrategi der representative fartøy frå visse brukskategoriar skal fredast, t.d. fraktefartøy eller fiskefartøy. I slike tilfelle vert heile kategorien først undersøkt for å kartleggje den historiske utviklinga og variasjonen innan kategorien, for dernest å nytte dette ekstraherte oversynet til å finne representative fartøy som kan fredast.

Freding av einskildfartøy vil kunne finne stad som supplement til ein fredingsstrategi som nemnt i punkt a). Dersom ein viktig type mangla ved gjennomføring av ein fredingsstrategi, kan denne supplerast i etterkant dersom eit slikt fartøy vert tilgjengeleg.

Nokre smale bruksområde hadde så få fartøy at det ikkje gjev meining å vurdere om dei har ei typisk utforming eller konstruksjon for slik bruk. I staden for å frede på grunnlag av teknisk representativitet må slike fartøy fredast som døme på ein funksjon.

Fartøy som kunne ha vore vurdert som døme på viktige samfunnsfunksjonar er:

  • D/S «Viking», hospitalskip stasjonert i Nord-Noreg av Norges Røde Kors 1923-1938.
  • M/S «Olav Scheel», eit skjermbilete-skip som hadde ein viktig funksjon i å utrydde tuberkulose i Nord-Noreg
  • M/S «Nordkabel», televerkets kabelleggjar-skip som var viktig for utbygging av infrastruktur
  • M/S «Oksøy» til Fyr og Merkevesenet sin fyrtender som var viktig for vedlikehald av sjømerke og fyr i leia
  • M/S «Elieser 4», misjonsskip eigd av Den Indre Sjømannsmisjon.
  • M/S «Kirkeskøyta», vigsla skøyte som var ambulerande kyrkje i Finnmark i tidleg etterkrigstid

b) Freding på grunnlag av unike kvalitetar ved fartøyet:

Fartøy kan ha særlege historiske eller tekniske kvalitetar som ikkje vert dekte inn gjennom det representative vernet i punkt a). Døme på særlege kvalitetar kan vere prototypar, fartøy som representerer tekniske nyvinningar eller på annan måte har viktige kvalitetar som ikkje vert dekte inn gjennom dei definerte kategoriane i fartøyvernplanen. Fartøyet si historie kan også på eit særskild vis vere knytt til etniske minoritetar eller andre samfunnsgrupper, eller som kulturminne innafor eit anna prioritert tema i Riksantikvaren sin fredingsstrategi.

c) Fartøyet sin verdi som minnesmerke

Fartøy kan vere knytt til sentrale historiske personar eller hendingar og/eller prestasjonar av nasjonal eller internasjonal karakter. Døme på fartøy som kunne vore vurdert på dette grunnlaget er:

  • Polarskipet «Fram» (dersom det ikkje hadde vore sikra museumsgjenstand på land)
  • D/S «Heimdal» som henta kong Haakon til Noreg i 1905
  • KNM «Tyr», marineskipet som senka flest fiendtlege skip i aprildagane i 1940
  • KNM «Stord» som hadde ei sentral rolle i senkinga av slagskipet «Scharnhorst» i 1943
  • Eit av dei norske Liberty-skipa frå konvoifarten under andre verdskrigen

Autentisitet

Ein høg grad av materialautentisitet vil vere eit problematisk utgangspunkt for freding i fartøyvernet. Vern gjennom bruk føreset at fartøyet sine delar kan skiftast ut dersom dei ikkje lenger har tilstrekkeleg styrke eller vasstett integritet.

Materialautentisitet som fredingsgrunn åleine vil her representere eit logisk problem, då årsaka til fredinga då vil undergravast av dispensasjonane som er naudsynte for å halde fartøyet i drift. Dersom høg grad av materialautentisitet skal bevarast, må fartøyet setjast på land som museumsgjenstand. For større fartøy syner erfaringa at heller ikkje landsetjing er ei uproblematisk verneform. Men freding vil i slike tilfelle ikkje alltid vere førstevalet, då slike fartøyet i regelen vert varetekne som del av samlingane hjå eit museum.

4Saksgangen i fredingsaka

Intern utgreiing og vedtak om oppstart

Ein fredingsinstans skal ha ein fredingsstrategi.

Fredingsstrategien skal vere ein plan for freding av fartøy ut frå representativitet eller unike kvalitetar (jf. kap. 2 punkta a til d). Som grunnlag for fredingsstrategien kan det t.d. vere utarbeidd ein fartøyvernplan. Med utgangspunkt i ein slik plan og eit oversyn over fartøy som alt er representerte på fredingslista, vil fredingsinstansen vurdere om eit fartøy bør undersøkast nærare med tanke på freding. Ein plan for fredingar kan også lagast som eit samarbeid mellom førstelineforvaltinga, slik at ein kan leggje eit nasjonalt perspektiv til grunn og sjå fredingane i samanheng.

Dersom denne første interne undersøkinga av fartøyet gjev grunn til å gå vidare med saka, skal skjemaet for ei ny freding av fartøy fyllast ut og sendast til Riksantikvaren. Berre dersom Riksantikvaren gjev klarsignal, kan det formelt opnast ei fredingssak.

Varsel om oppstart av fredingssak

–høyring

Varsel om oppstart av freding

Eit varsel om oppstart av fredingssak med framlegg til freding skal innehalde:

1) Ei presisering av kva fartøy fredinga gjeld, der fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar er nemnt. Dersom fartøyet ikkje har kjenningsbokstavar, kan ein t.d. nytte identitetsnummeret i fritidsbåtregisteret og liknande. Overskrifta i brevet skal følgje denne malen: (Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – Varsel om oppstart av freding.

Døme: LGDC – Granvin – Varsel om oppstart av freding

2) Lovgrunnlaget for fredinga

Til dømes: «I medhald av § 16 i forvaltingslova varslar (fredingsinstansen) med dette at vi gjer framlegg om freding av ovannemnde fartøy med heimel i lov om kulturminne av 9. juni 1978 nr. 50 § 14a jf. Forvaltingslova kap. IV»

3) Omfanget av fredinga

Til dømes: «Framlegget om freding etter § 14a vil omfatte heile fartøyet med fast inventar og fastmontert utstyr. Når særlege grunnar tilseier det, kan også større laust inventar inkluderast i fredinga. Det vil bli aktuelt å gjere ei gjennomgang for ein nærare spesifikasjon av kva av fast og laust inventar som skal omfattast av fredinga. Fredinga i seg sjølv skal ikkje vere til hinder for vidare drift av fartøyet.»

4)  Bakgrunn for fredingssaka

Her vert det kort gjort greie for kva for kvalitetar ved fartøyet som vert lagt til grunn for fredingssaka.

5) Skildring og historikk

Her vert sentrale punkt i fartøyet si historie nemnt.

(6 a) Dersom prosessen starta med ei mellombels freding, skal det først gjerast kort greie for tidlegare saksgang, der det går fram kva tid det vart gjort vedtak om mellombels freding, eventuell klagehandsaming og kva frist som vart gjeven for å vurdere oppstart av ein ordinær fredingsprosess. Sjå Om bruk av mellombels freding, side 4. Overskrifta kan då vere «Tidlegare saksgang».

6) Vidare saksgang

Her vert den vidare saksgangen skildra, fram til fredingsvedtaket. Det vert også presisert at fartøyet skal handsamast som om det var freda når fredingssaka er opna og at fredingsinstansen skal kontaktast dersom eigar ynskjer å gjere tiltak ut over vanleg vedlikehald på fartøyet.

8) Distribusjon

Melding om oppstart av freding skal distribuerast til følgjande instansar:

  • Eigaren av fartøyet

Kopi bør gå til:

  • Kommunen der fartøyet har heimehamn
  • Kommunar i fartøyet sitt rutedistrikt (gjeld rutegåande fartøy)
  • Fylkeskommunen/Sametinget (dersom Riksantikvaren har fredingssaka)
  • Riksantikvaren (dersom fylkeskommunen/Sametinget har fredingssaka)
  • Eventuelle andre fylkeskommunar i fartøyet sitt rutedistrikt (gjeld rutegåande fartøy)
  • Klima- og miljødepartementet
  • Departement og direktorat som har historisk eller fagleg interesse i fartøyet/typen

Til dømes:

  • Samferdsledepartementet (ferjer, passasjer- og lastefartøy)
  • Fiskeridirektoratet (fartøy frå fiske eller fangst) Nærings- og handelsdepartementet (utanriksflåten)
  • Sjøfartsdirektoratet
  • Fartøyet sitt/sine tidlegare reiarlag/eigarar. Relevansen må vurderast ut frå fartøyet sin historikk.
  • Maritime museum med vitskaplege tilsette: Norsk Maritimt Museum, Bergens Sjøfartsmuseum, Stavanger Sjøfartsmuseum

Relevante organisasjonar:

  • Norsk Foreining for Fartøyvern
  • Forbundet KYSTEN

Ved val av mottakarar skal det leggjast vekt på å få med dei som kan tenkast å vere part i saka, anten direkte i form av eigarskap eller indirekte ved at fartøyet eller fartøytypen til dømes har vore disponert av eller inngått i ein etat si historiske forvaltingsoppgåve.

Medan oppstart av fredingssaka er til høyring, kan arbeidet med fredingsdokumentasjonen ta til. Eit fartøy vert alltid freda som det er på fredingstidspunktet, og høyringssvara kan difor ikkje ha nokon innverknad på fredingsdokumentasjonen.

Offentleggjering av oppstart av fredingssaka

I tillegg til brevet om oppstart med framlegg til freding skal saka kunngjerast gjennom annonsar i følgjande media:

  1. Norsk lysingsblad
  2. Regionsavisa der fartøyet har heimehamn
  3. Lokalavisa der fartøyet har heimehamn

Annonsen skal identifisere skipet, og det skal gå fram kvar meldinga om oppstart av freding er lagt ut til offentleg gjennomsyn.

5Framlegg til vedtak om freding

Når høyringsfristen for melding om oppstart av fredingssaka er ute, kan eit framlegg om freding ferdigstillast. Framlegget skal ha følgjande innhald:

Presisering av kva fartøy fredinga gjeld.

Fartøyet sitt namn og kjenningsbokstavar skal nemnast. Overskrifta i tilskotsbrevet skal følgje denne malen:

(Kjenningssignal) – (namn på fartøy) – Framlegg om freding med heimel i lov om kulturminne av 9. juni 1978 nr. 50 § 14a jf. forvaltingslova kap. IV

Døme:

LGDC – Granvin – Framlegg om freding med heimel i lov om kulturminne av 9. juni 1978 nr. 50 § 14a jf. forvaltingslova kap. IV

Framlegg til vedtak om freding.

Teksten i sjølve framlegget til vedtak skal visuelt vere lett å skilje frå den andre informasjonen i brevet.

a) Framlegget til vedtakstekst

Framlegget skal opne med lovgrunnlaget, kven som er fredingsinstans og kva fartøy fredinga gjeld. Til dømes:

«I medhald av lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne (kml) § 14a fredar Riksantikvaren M/S ”Granvin” – LGDC.»

b) Omfanget av fredinga

Til dømes: «Fredinga etter kulturminnelova § 14a omfattar heile fartøyet med fast inventar og fastmontert utstyr slik dette framkjem i skildringar og på foto i fredingsdokumentasjon.»

c) Føremålet med

Til dømes: «Føremålet med fredinga er å taka vare på ei bilferje frå mellomkrigstida med tverrskips ombordkøyring og biloppstilling. I den tidlege fasen med bilføring fungerte denne typen ofte som bilførande lokalbåt i lengre samband med anløp undervegs. ”Granvin” vart bygd for det viktige vegsambandet mellom Aust- og Vestlandet gjennom Indre Hardanger og er difor ein av våre eldste riksvegferjer. Fredinga skal ikkje vere til hinder for fortsett drift av fartøyet.»

d) Fredingsføresegner

Til dømes: «Fredingsvilkåra er utforma i samsvar med føremålet med fredinga og kjem i tillegg til kulturminnelova sine føresegner om vedtaksfreda båtar.

Generelle føresegner:

  • Fartøyet sitt eksteriør, konstruksjon, arrangement eller originalt fast inventar skal ikkje
  • Utskifting av material, endring av overflater eller anna arbeid ut over vanleg vedlikehald er ikkje tillate. Opphavlege fargar skal bevarast.
  • Alt vedlikehald og istandsetjing skal skje i samsvar med føremålet med fredinga. Dette medfører bruk av tradisjonelle material og etter dei metodar som er i tråd med den tidsepoken som ligg til grunn for fredinga.
  • Eventuelle pålegg frå Sjøfartsdirektoratet, Mattilsynet eller andre offentlege styresmakter som medfører fysiske endringar av det freda fartøyet skal ikkje gjennomførast med mindre tiltaket er godkjent av fylkeskommunen/Sametinget.

Spesielle føresegner:

  • Fredinga skal ikkje vere til hinder for naudsynt restaurering av fartøyet eller for tilbakeføring av arrangementet til perioden som bilførande lokalskip i samband med restaurering av
  • Fartøyet si tekniske historie skal dokumenterast. Denne vil danne utgangspunkt for avgjerder vedrørande utføring, fargesetting og anna detaljering.
  • Etter dispensasjon frå fylkeskommunen/Sametinget kan det gjennomførast tilbakeføring til opphavleg eller tidlegare utføring dersom tiltaket byggjer på sikker dokumentasjon (jf. pkt. 6). Dette gjeld følgjande attendeføringstiltak:

> Attendeføring av arrangementet på framdekket til perioden som bilførande
> Attendeføring av lasteluka til original storleik og utføring.
> Restaurering og remontering av originalt trappehus framfor masta på
> Flytting av mast og vantfeste til original plassering og attendeføring til original innfesting mot dekk.
> Tilbakeføring av innreiinga under framdekket til tidsrett utføring.»

Følgjer av fredinga

Det skal gjerast merksam på kva følgjer fredinga har for handsaming og drift av fartøyet og lovgrunnlaget for dette. Til dømes:

«For handsaming av freda båtar syner vi til kulturminnelova §§ 14a, 15a, 16, 17 og 18, samt til fredingsføresegnene over.

Fredinga medfører at det må søkjast om løyve/dispensasjon frå fylkeskommunen/Sametinget til å setje i gang alle former for tiltak som går ut over vanleg vedlikehald, jf. kulturminnelova § 14a tredje ledd og § 15a. Dette gjeld også eventuelle tiltak som skuldast pålegg frå Sjøfartsdirektoratet, Mattilsynet eller andre offentlege styresmakter.

Fylkeskommunen/Sametinget kan i særskilde høve gje dispensasjon frå fredinga og fredingsføresegnene for tiltak som ikkje medfører vesentlege inngrep i det freda kulturminnet. Søknad om løyve vert å sende til fylkeskommunen/Sametinget. Oppstår det tvil om kva som kan reknast som vanleg vedlikehald, skal fylkeskommunen/Sametinget likeins kontaktast.

Eigar har framleis ansvar for det vanlege vedlikehaldet av det freda skipet. Fartøyet skal handsamast som om det var freda inntil spørsmålet om freding er endeleg avgjort. Dersom det er planar om endringar i interiør eller eksteriør skal fylkeskommunen/Sametinget varslast på førehand dersom dette ikkje kan reknast som vanleg vedlikehald.

I føreskrift av 9. februar 1979 om fagleg ansvarsfordeling mv. etter kulturminnelova, § 12 nr. 1 har departementet delegert mynde til Riksantikvaren etter lova sine §§ 14a (freding av båtar), 15a (dispensasjon) og 22 nr. 4 (mellombels freding).

Likeins er Riksantikvaren gjeve mynde etter same føreskrift

  • 1 nr. 1 dersom kulturminnelova §§ 16-18 kjem til bruk i samband med ein freda båt. Kulturminnelova §§ 16-18 gjeld pålegg om utbetring ved skade, vedlikehald og skade ved brann og gjeld for freda båtar så langt desse høver.»

Bakgrunn for fredingssaka.

Her skal fylkeskommunen/Sametinget gjere greie for bakgrunnen for saka, det historiske grunnlaget som fartøyet er vurdert ut frå som type eller som unikt kulturminne (jf. avsnitt 2.1. punkt a til d).

Skildring og historikk.

Her vert fartøyet sett inn i ein historisk samanheng, der det vert gjort greie for vesentlege punkt i fartøyet si historie.

Fylkeskommunen/Sametinget si vurdering

Fylkeskommunen/Sametinget si vurdering av fartøyet og grunngjeving for framlegg om freding. Her vert argumenta for å frede fartøyet samanfatta.

Oversyn over sakshandsaminga fram til freding

Her gjer ein greie for saksgangen frå varsel om oppstart av fredingssaka (avsnitt 3.2.) og fram til framlegg til fredingsvedtak. Her skal også sentrale punkt i høyringssvara refererast og kommenterast. Det skal gå fram i kva grad synspunkt i høyringssvara vert tekne til etterretning.

Vidare saksgang

Det skal gjerast greie for den vidare saksgangen. Eventuelle merknader til framlegg om freding skal sendast til fylkeskommunen/Sametinget innan tre veker frå framlegget er motteke. Framlegget og høyringssvar med fylkeskommunen/Sametinget sine merknader vert deretter sendt til Riksantikvaren for vedtak.

Tinglysing.

Det skal gjerast merksam på at Riksantikvaren vil tinglyse vedtaket i Skipsregisteret. Dette gjeld berre fartøy som er innført i registeret.

Distribusjon.

Framlegg til fredingsvedtak med fredingsdokumentasjon skal sendast til dei same instansane som fekk tilsendt melding om oppstart av fredinga.

Fredingsdokumentasjon

Det skal utarbeidast ein fredingsdokumentasjon som vedlegg til framlegget om freding. Denne skal innehalde:

  • Formalia og tekniske spesifikasjonar
  • Arrangementsteikning av fartøyet med nummererte areal
  • Historia til fartøyet med vekt på endringar
  • Liste over kjelder og litteratur som er nytta i framstillinga
  • Fotodokumentasjon av fartøyet. I biletteksten skal det refererast til arealnumra på arrangementsteikninga.

Riksantikvaren har utarbeidd ein mal for fredingsdokumentasjonen som ligg på https://kulturmiljoforvaltning.ra.no/fredningsmaler-og-veiledere/

6Vedtak om freding, Klage på vedtak om freding, Tinglysing

Vedtak om fredning

Etter at høyringa er ferdig vert framlegget om freding sendt over til Riksantikvaren saman med høyringssvar og merknader. På grunnlag av dette gjer Riksantikvaren eit vedtak i saka.

Vedtaksbrevet vil følgje same oppsett som brevet med framlegg til vedtak, men vil i tillegg innehalde informasjon om høve til å klage på vedtaket.

Vedtaket med fredingsdokumentasjon vert sendt til eigar med kopi til fylkeskommunen/Sametinget, Klima- og miljødepartementet og dei instansane som fekk tilsendt melding om oppstart av fredinga og framlegg til vedtak om freding.

Klage på vedtak om freding

Ein eventuell klage på eit vedtak om freding skal sendast til Riksantikvaren, som skal sjå om det er grunnlag for å gjere om vedtaket.

Dersom det ikkje er grunn til å gjere om vedtaket, skal Riksantikvaren sende klagen vidare til handsaming hjå Klima og miljødepartementet saman med Riksantikvaren si vurdering av saka. Ein kopi av brevet frå Riksantikvaren til Klima og miljødepartementet skal sendast med kopi til klagar, som skal ha høve til å kommentere Riksantikvaren si framstilling. Ein eventuell ny merknad frå klagar skal sendast til Klima- og miljødepartementet med kopi til Riksantikvaren.

Tinglysing

Når klagefristen på vedtaket er ute, eller når eventuelle klager er avgjorte, sender Riksantikvaren det endelege vedtaket til Skipsregisteret (Sjøfartsdirektoratet) der det skal førast som merknad på fartøyet i registeret. Merknaden i skipsregisteret vil framkome slik:

DØME PÅ MERKNAD:

FREDNINGSVEDTAK AV 12. SEPTEMBER 2011

FREDNINGSBESTEMMELSEN ER FASTSATT MED HJEMMEL I LOV OM KULTURMINNER § 14A

7Dispensasjon frå fredingsføresegnene.

Etter at fredingssaka er opna skal fartøyet handsamast som om det var freda. Eigar må difor søkje fylkeskommunen/Sametinget om dispensasjon for alle tiltak på fartøyet ut over normalt vedlikehald.

Saksgang og vurderingar ved dispensasjon frå fredingsføresegnene er skildra i ein eigen rettleiar.