r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Arkeologiske kulturminner

Arkeologiske kulturminne er spor etter menneske som har levd i tidlegare tider. Kunnskapen frå desse kjeldene kan gjere oss betre i stand til å forstå oss sjølve, vår samtid og andre menneske og kulturar.

Fangstgrop i utmark. Saltdal i Nordland. Foto: NIKU/Riksantikvaren

Arkeologiske kulturminne er fysiske spor og leivningar etter tidlegare tiders liv og arbeid, der utgraving og dokumentasjon utgjer hovudkjeldene til kunnskapen vår om og oppleving av fortidas samfunn.

Eit arkeologisk kulturmiljø er eit område der kulturminna inngår som ein del av ein større heilskap eller samanheng.

Faste og lause arkeologiske kulturminne

Ein skil mellom faste og lause arkeologiske kulturminne. Faste kulturminne er til dømes rester etter buplassar, gravhaugar, kokegroper, stolpehol, holar og hellarar, byanlegg, mv. Lause kulturminne er gjenstandar funne utan kjent kontekst eller ved ein arkeologisk utgraving.

Forvalting av arkeologiske kulturminne

Riksantikvaren er øvste faglege styresmakt for forvaltinga av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø, og forvaltar desse i medhald av kulturminnelova av 1978, nr 50. Riksantikvaren har mellom anna som mål for forvaltinga at den skal styrke allmennheita si interesse og ansvarskjensle for dei arkeologiske kulturminna og kulturmiljøa.

Kva er automatisk freda eller verna på anna vis?

  • Alle faste arkeologiske kulturminne, kjente og ukjente, som er frå tida før 1537 (reformasjonen), samt samiske kulturminne eldre enn 100 år, er automatisk freda i medhald av lov om kulturminne av 1978, nr 50 (kml) §§ 3 og 4.
  • Båtar, skipsskrog, last m. m. som er eldre enn 100 år, har eit tilsvarande vern gjennom kml § 14.
  • Lause kulturminne frå før 1537, eller eldre enn 100 år, er statens eigedom i medhald av kml § 12, med mindre det finst ein annan eigar. Finner eller grunneigar har ikkje eigedomsrett til slike kulturminne.
  • Etterreformatoriske kulturminne kan bli vedtaksfreda med heimel i kml §§ 15 eller 19. 

Storbyarkeologi

I Riksantikvarens magasin Alle tiders 2016 kan du lese artikler og se bilder fra spennende utgravninger i Trondheim, Bergen og Oslo.

Se side 4-12 i Alle tiders.

Relevante sider

Har du funne eit arkeologisk kulturminne?

Har du funne ein gjenstand i jorda eller i sjøen som kan vere eit arkeologisk kulturminne?

Les meir om kva du skal gjere her