Prosjekter og satsinger

Bevarings­programma

Gjennom våre ti bevaringsprogram blir freda og verneverdige kulturminne sett i stand. Dei skal bidra til at dei nasjonale måla for kulturminneforvaltninga blir nådd.

Hopperstad stavkyrkje
Hopperstad Stavkyrkje etter at ho vart sett i stand gjennom bevaringsprogrammet for stavkyrkjene. Foto: Dagfinn Rasmussen Riksantikvaren

Kvart år blir om lag 300 millionar kroner delt ut gjennom dei ti bevaringsprogramma for å ta vare på kulturminne i Noreg.

Kva går bevaringsprogramma ut på?

Arbeidet med bevaringsprogramma går først og fremst ut på å sikre og setje i stand kulturminne, men kan óg omfatte andre tiltak som for eksempel å kartleggje tilstanden til kulturminne eller å gjere kulturminne meir tilgjengjelege for publikum.

Kva er bakgrunnen for programma?

Bevaringsprogramma vart definert i Stortingsmelding nr. 26 – Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Meldinga utgjer bakgrunnen for dei programma som Riksantikvaren arbeidar med.

Nedanfor finn du dei ti bevaringsprogramma.

Publisert: 14. desember 2019 | Endret: 25. oktober 2021