Nyheter

Fredingsmarkering på Trandum

Den 8. mai 2020 blei krigsminnet Trandumskogen freda. Laurdag 11. september blei fredinga endeleg markert.

Publisert: 14. september 2021 | Endret: 29. januar 2024

Trandumskogen Direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen mottek fredingsdiplomet av riksantikvar Hanna Geiran. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Trandumskogen er eit av dei viktigaste krigsminna vi har i Noreg. Skogen blei brukt som rettarstad av den tyske okkupasjonsmakta, og er staden der flest nordmenn blei avretta under krigen. På grunn av Covid-19-pandemien måtte markeringa av fredinga utsettast. Laurdag 11. september blei fredinga endeleg markert, med ein seremoni ved Per Palle Storm sitt minnesmerke over dei som mista livet i Trandumskogen.

173 norske statsborgarar, 15 sovjetiske krigsfangar og 6 britar vart drepne her.

Trandumskogen Kransenedlegging ved Per Palle Storm sitt minnesmerke over dei som vart drepne i Trandumskogen. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Dei fleste av dei drepne nordmennene var motstandsfolk, medan sovjetarane var fangar i tyske fangeleirar som hadde freista å flykte. Fem av britane hadde blitt arresterte for å planlegge å sprenge tungtvassanlegget på Vemork, og den sjette briten var delaktig i eit sabotasjeforsøk på slagskipet Tirpitz.

Gravene deira vart fylt med uleska kalk for å unngå identifikasjon.

Markering ved monumentet for dei falne

Det vart ei verdig markering av fredinga, med sterke historier frå talarstolen. Både forvaltninga og frivillige organisasjonar var til stades.

– Vi har venta lenge på å få markere fredinga av Trandumskogen. Det er eit av dei viktigaste kulturmiljøa frå andre verdskrig i Noreg. Det er ein minnestad for oss nordmenn, men også for familiane til dei som drog frå heimlandet sitt for å hjelpe til i kampen mot det tyske terrorveldet, seier Hanna Geiran.

Trandumskogen Songen "Norge mitt Norge" har ein sentral plass i forteljinga om hendingane i Trandumskogen, og vart spelt under markeringa. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Talene under markeringa la vekt på kor viktig Trandumskogen er som minnestad. Fredingsvedtaket inkluderer også minnesmerket, og tavla med namna til dei som vart avretta her. I tillegg er også tanksskytebanen freda, sidan den bidrog med å kamuflere støy frå avrettingane. Saman utgjer dei heilskapen til kulturmiljøet Trandumskogen.

Under seremonien sang ein også «Norge mitt Norge». Denne songen vart sungen av to unge motstandsmenn før dei vart avretta her. Songen har sidan blitt sungen under markeringar på Trandumskogen.

Trandumskogen Tidlegare XU-agent Kåre Syltevik fortalte om sine opplevingar frå den andre verdskrigen. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Stiftinga Trandumskogen, ordførar Eyvind Jørgensen Schumacher i Ullensaker kommune, fylkesrådsleiar Tonje Brenna, Sjef Hæren Lars S. Lervik og direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen var til stades under markeringa. Det var også Kåre Syltevik, tidlegare XU-agent og eit viktig tidsvitne for hendingane kring Trandum under den andre verdskrigen.

Militærhistoria til Trandum

Det har vore militær aktivitet ved Gardermoen sidan 1700-talet. Trandum og spesielt Sessvollmoen er ein stad fleire nordmenn har eit nært forhold til. Her er det mange som har avtent dei første tre månadane av verneplikta si på rekruttskule.

Trandum leir blei etablert tidleg på 1900-talet og fungerte blant anna som rekruttskule for kavaleriet. Under andre verdskrigen tok den tyske okkupasjonsmakta kontroll over leiren og sette i gang fleire byggeprosjekt.

Trandumskogen F.v. fylkesrådsleiar Tonje Brenna (Ap), ordfører i Ullensaker kommune Eyvind Jørgensen Schumacher (Ap), Sjef Hæren Lars S. Lervik, riksantikvar Hanna Geiran og direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Pressemelding
Fredingsvedtak