Kongsberg Sølvverk

– eit av 12 freda kulturmiljø i Noreg

Kongsberg by er ein vakker industristad. Eventyret starta med funnet av sølvet i 1623

I Kongsberg finn du flotte bygningar, flott natur og flotte folk.

Byen har vore ein smeltedigel med arbeidsinnvandrarar som kom og gjekk.

Men kanskje dei fleste kom og vart verande? Folka som bur her har ei sterk tilknyting til staden.

Sølvbyen som vart teknologiby

Av: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen

Drønn fra fjellet, sus fra skogen
vekker Bergstaden ved Lågen.
Arbeidslivets våpengny
får i fosselarmen ly.
Det er Kongsberg, det er Kongsberg,
sølvomspundet
byen hvortil vi er bundet.

Ragnvald Støren 1877–1953.

Sakkerhusene. I desse husa budde arbeidarane gjennom arbeidsveka. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Slik lyder første verset av Kongsbergsangen. Alle barna lærer denne på skulen, og på 17. mai-markeringa på Kirketorget blir han framført med minst like stor glede og entusiasme som «Ja, vi elsker dette landet».

Kongsberg Sølvverk

Kommune: Kongsberg
Fylke: Viken
Fredingsår: 2003

Når ein tenkjer på Kongsberg, tenkjer ein kanskje skihopp, myntproduksjon, våpenindustri, jazz, den store flotte barokke kyrkja – og sjølvsagt sølv og sølvgruvene.

Alt starta med sølvet

Historia seier det var gjetarbarna Jakob og Helga som ein dag i 1623 kom over sølvet. Oksen som gjekk og beita, stanga hornet i fjellet, og då viste sølvet seg. Dei tok med seg to svarte klumpar kvar, og fedrane skjønte det var sølv dei hadde funne – dragesølv. Fedrane smelta det om og reiste rundt på Austlandet for å prøve å selje det. Men, den gong ei. Funnet høyrde til staten, og det var meldeplikt på slike funn. Dei vart arresterte, og under avhøyret vart den fantastiske historia om sølvfunnet fortald.

Året etter at det vart funne sølv, grunnla kong Kristian IV Kongsberg. Kongen henta tyskarar til Kongsberg, dei kom med viktig kunnskap om gruvedrift. Talet på arbeidarar på slutten av 1600-talet var stigande på grunn av rask utbygging av gruvene. Det var òg mange nordmenn som arbeidde i gruvene då, men funksjonærstillingar var framleis tyskdominerte. Gruvene fekk tyske namn, og gudstenestene var på tysk.

Kongsberg Sølvverk Her ser du eit oversiktsbilete av Haus Sachsen. Dammar, vassrenner, bygningar, gruver er del av det store komplekset Kongsberg Sølvverk. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Bergmennene utgjorde ein eigen stand og hadde eigne privilegium og fritak. Gruvearbeidarane fekk rett til å disponere små, enkle parsellar på statleg grunn. Desse løkkene skulle brukast som beitemark til dyr, eller til å dyrke mat til eige bruk. Løkkene vart avgrensa med steingjerde og fegater. I dag er svært lite av denne typen kulturmiljø tatt vare på i Europa, men i Kongsberg finn du framleis tydelege spor etter dette.

Kongsberg Sølvverk Haus Sachsen-området. Du finn fleire ulike bygg i det freda kulturmiljøet.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Kongsberg Sølvverk
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Sakkerhus Desse husa fungerte som arbeidsbrakker for sølvverksarbeidarar.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Då aktiviteten var på topp i 1770, var det over 4000 mann som arbeidde ved Kongsberg Sølvverk, og rundt 2000 bønder var sysselsette med skogsarbeid og hestekøyring tilknytt gruvedrifta. I 1769 budde det over 8000 her, og Kongsberg var Noregs nest største by etter Bergen.

Det er om lag 300 gruver, og om ein tar med mindre skjerp og opningar, er talet 1500. Sølvverket var, med nokre avbrot, i drift fram til 1958. I 2003 vart Kongsberg Sølvverk freda som kulturmiljø. Det over 30 kvadratkilometer store området er av stor nasjonal og internasjonal verdi, og føremålet med fredinga var å ta vare på eit industrielt kulturminne som viser spor av over 300 års gruvedrift.

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljø er freda i Noreg.

Eit industrieventyr

Byen og sølvgruvene er knytte saman. Byen hadde ikkje sett slik ut om det ikkje var for Kongsberg Sølvverk, og industrieventyret som har vore her i hundrevis av år, hadde truleg ikkje vore slik om det ikkje vart funne sølv i 1623.

Om du tar turen til Kongsberg by i dag, ser du kanskje ikkje sølvgruvene ved første augekast. Men du ser byen, og alle  bygningane som har kome på grunn av sølvverket: kyrkja, Bergseminaret (Europas første institusjon for høgare utdanning i bergteknikk), Smeltehytta, Folkekjøkkenet og mange fleire viktige bygningar som kom då Kongsberg vart by, og i hundreåra som følgde.

Om vinteren ser du ein opplyst slalåmbakke – og der, i det området finn du ein del av kulturmiljøet. Men området er stort, veldig stort.

Kongsberg Sølvverk Spor av sølvverksdrifta er framleis tydelege i terrenget. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Eg har budd på Kongsberg i 13 år, har brukt byen og alt han tilbyr. Men eg har ikkje vore så flittig til å besøkje kulturmiljøet. Eller kanskje eg har det likevel. Om eg er i slalåmbakken, køyrer eg forbi ei gruve, heldigvis no med høge gjerde så du ikkje kan ramle rett utfor kanten. Men du kan stoppe og kikke ned – og det er langt ned. Der vil du ikkje falle. Ingen sekk på ryggen kan redde deg frå den sprekken.

Kongens gruver I gruvene nytta dei tog for å frakte material og personell. Fleire togsett står framleis att i gruvene.
Kongens gruver I gruvene nytta dei tog for å frakte material og personell. Fleire togsett står framleis att i gruvene.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Kongens gruver I gruvene nytta dei tog for å frakte material og personell. Fleire togsett står framleis att i gruvene.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Tur går eg, og spora etter løkkelandskapet er synlege. Og ein varm sommardag, når eg reiser for å bade, så er det fleire gruveinngangar der òg . Spora er rundt meg heile tida. Eg tok feil, eg bur jo i sjølve kulturmiljøet!

Ski og kulturminnevandrar

I skrivande stund er det vinter. Eg tok skia fatt, ein fin fredag i mars. Trim og kulturminnejakt var målet. På turen hadde eg med meg nokre kollegaer frå Riksantikvaren. Vi starta roleg, ville ikkje pese oss heilt ut med å starte turen i ein oppoverbakke. Vi skulle jo ha ein hyggjeleg tur, og ikkje minst snakke saman etter eit år på heimekontor.

Skiheisen var open, og på dei ti minutta det tar å «fly» over slalåmbakken, fekk vi god utsikt og tid til å prate. Vi hoppa av skiheisen og vart møtte med skiltet: «vær obs på farlige gruveåpninger». Herleg! Då var vi i gang med kulturminneskituren.

Inne i gruva Tunnelane og sjaktene strekk seg langt innover i fjellet. Nokre av dei er tilrettelagde for publikum. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Ingen av oss hadde gått løypa før, men det var nypreparerte skispor og skilt undervegs. Berre etter nokre få meter såg vi skilt til ei gruve, og litt lenger eit nytt skilt om ny gruve.

Skoglia vest for Kongsberg opp mot Knutefjell blir kalla for Gruveåsen. Dei berømte sølvførekomstane på gruvefelta Underberget og Overberget var hovudområdet til Kongsberg Sølvverk.

Kongsberg Sølvverk I Gruveåsen er det bygd omlag 60 dammar, 80 demingar, og 50 kilometer med renner.
Vassrenner Vasskraft vart nytta som ein ressurs i gruvedrifta. Fleire av vassrennene er framleis synlege i landskapet.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Kongsberg Sølvverk Du kan sjølv følgje stiane og rennene i Gruveåsen. Fleire er tilrettelagd, til og med som skiløyper vinterstid.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Haus Sachsen

Sentralt i løypa og sentralt i Gruveåsen ligg Haus Sachsen gruve. Eit godt bevart bygningsmiljø frå 1860/70-åra. Gruva er oppkalla etter fyrsteslekta i kurfyrstedømmet Sachsen der mange bergmenn kom frå. Flotte bygningar som tek imot oss og som byr på ein perfekt stad for ei lita rast.

Turen går vidare oppover. Roleg tempo i flotte løyper og akkurat passe sveitt og andpusten. Målet var å gå vassrenna oppover, men vi mista skiltet i praten. Uansett, me skulle jo ned igjen òg.. Sist eg var på ski i området, tok eg den bratte Kemnerløypa ned, men tenkte det var best å unngå ho og heller få kollegaene mine trygt heim til Oslo.

Knutehytta låg der, raud og fin. Diverre var ikkje hytta open denne dagen, men vi kunne likevel sitte ute og nyte utsikta og matpakken.

Vassrenne Vassrennene var viktige for drifta av gruvene. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Vassrenner og dammar

Vegen tilbake via vassrennene var spesiell. Vassrennene vart freda i 1992. Sølvverket var avhengig av vasskraft til fleire føremål. Gruvene låg høgt, og det var avgrensa tilgang til vatn. Ein måtte byggje dammar for å halde på regn- og smeltevatn og lage vasskanalar for å føre vatnet fram der vasskrafta kunne bli utnytta.

Ein bygde vassrenner som fjellgrøfter, som vasskanalar i bakken eller som trerenner på bukkar oppå bakken. Og på vinteren er det altså mogleg å ha ei skiløype over nokre av dei.
Snøen var blitt hard, og det vart diverse fall nedover, men vi ramla ikkje utover, og kom oss tilbake der vi starta. Vi droppa å køyre ned slalåmbakken med våre tynne glasfiberski, men tok tar vegen via Korset – der Kong Kristian såg utover i 1624 og sa at her skulle byen liggje. Og der vart han liggjande.

Korset Minnesmerket som vart plassert der kong Kristian IV skal ha rasta etter å ha sett staden der det fyrste sølvet i Kongsberg vart funne.
Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren
Samuel gruve I slalåmbakken finn du Samuel gruve, verdt eit besøk både vinterstid og resten av året.
Foto: Anders Amlo, Riksantikvaren
Salomon gruve Vinterstid er skitid. Her frå artikkelforfattaren sin seinaste tur til området. Gruva på bilete (Salomon gruve) var periodevis i drift til Kongsberg Sølvverk vart nedlagd i 1805.
Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren

Midt i skibakken, blant skikøyrarar og slalåmportar ligg Samuel gruve. Heldigvis sikra med eit trygt gjerde. Det gav eit sug i magen å kikke ned i ho.

Etter fleire kryssingar av slalåmbakken, med livet som innsats,  finn vi gruver på gruver. Den eine djupare enn den andre. Godt tilrettelagde med skilting og informasjon (og viktige gjerde). Kongsberg Sølvverk er eit stort
gruveområde.

Etter denne turen vart eg meir kjend med det miljøet eg bur i. Her er det viktig industri og arbeidarhistorie kvar enn eg snur meg, til og med midt i slalåmbakken! I sommar ventar tur med gruvetoget inn i Kongens gruve.