Levanger

– eit av 12 freda kulturmiljø i Noreg

Levanger er ein by og eit freda kulturmiljø i Trøndelag.

Den vesle byen nord for Trondheim ligg idyllisk til, med nær tilknyting til både kulturlandskap og sjøen.

Trehusa ligg tett i tett her, med både tårn og karnapp.

Her kan du gå deg bort i bakgardar med tronge passasjar og uthus i alle moglege fargar og fasongar.

Ein historisk og levande by

Av: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen

For dei fleste av oss er historia noko vi opplever på avstand. Vi går på museum, ser på utstillingar eller les om historie og kulturarv i bøker eller på nett. Men, for nokre er kulturarven ein del av kvardagen. Det kan vere eigarar av enkeltståande freda bygg, men det gjeld kanskje spesielt for dei som bur og lev i eitt av dei 12 freda kulturmiljøa i Noreg.

Levanger

Kommune: Levanger
Fylke: Trøndelag
Fredningsår: 2018

Trehus i haustfargar

Når vi vitjar Levanger så er blada på trea blitt gule. Det er haust i 2019, litt mindre enn eitt år sidan byen vart freda som eit kulturmiljø. Hausten i Trøndelag er fantastisk. Det er frostrøyk i lufta og sola står ikkje lenger høgt på himmelen. Levanger, som ligg lågt i terrenget og tett ved fjorden, ser ekstra idyllisk ut i den låge haustsola. Fargane på dei gamle trehusa i sentrum stikk seg godt fram.

Levanger Den vesle byen i Trøndelag er kjend for dei mange trehusa i sentrum. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

− Fredingsprosessen starta i 2008, med at to hus i sentrum skulle rivast, seier byantikvar Tove Nordgaard.

Ho viser oss rundt i sentrum. Vi går nedover gatene og ser korleis den fargerike trearkitekturen framleis pregar sentrum.

Levanger Byen har nær tilknytting til både sjø og kulturlandskap. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Husa er ulike. Det er små uthus, og store påkosta butikklokale, alle i ulike fasongar.

−  Rivinga vart vedteken, men det var mange som ønska å ta vare på husa og følte at dette var ei tolegrense som vart overstigen. Når vi skal ta med oss den historiske busetnaden inn framtida så er det viktig at alle er med på laget, seier ho.

Hjørnetårn I tråd med byplanen for Levanger frå 1846 stod viktige gatehjørner fram som trepaléaktige bygningar med butikklokale i 1. etasje og bustad i 2. etasje. Desse bygningane fekk rik dekor og ofte hjørnetårn.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Bybilete frå 1897 Levanger har mykje trearkitektur frå perioden 1897-1904. I 1897 brann 400 hus i Levanger ned. Gjenoppbygginga av byen var ferdig før bybrannen i Ålesund i 1904 som førte til murtvang fleire stader.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
To etasjar Lafta hus med trepanel i to etasjar og med innslag frå tysk jugend-og sveitserstil er typisk for Levanger.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Ho tek oss med til kommunehuset for å helse på Alf Magnar Reberg. Han sat i kommunestyret då fredingsprosessen gjekk føre seg.

−  Då vi fekk fredinga av Levanger, så var eg spent. Eg var redd for at vi skulle få presenningar på taka våre og at vi ikkje fekk fornya byen. Men eg tok heldigvis feil. Eigedomane vart kjøpt opp og restaurert tilbake til sin opphavlege utsjånad. Husa var rivingsmodne i mine auge, men det vart gjort ein god innsats og vi fekk midlar til istandsetting av Riksantikvaren, seier han.

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljø er freda i Noreg.

Småbyen – typisk norsk

Levanger er ein småby lik veldig mange andre i Noreg. Det er eit lite og kompakt sentrum, der det er nærleik til det meste.

Byutviklingshistoria til Levanger speglar byggeskikk over tid. Byplanen frå 1846 er godt synleg i Levanger også i dag. Dette gjeld særleg gateløpa og den lukka kvartalsstrukturen. Store deler av bygningsmassen frå perioden 1897− 1904 har bevart både struktur, og proporsjonar. Ein del bygningar har blitt modernisert og ombygd, men ein kan framleis sjå tydelege spor av det gamle i bybildet.

Held stand under krigen Levanger er den einaste byen nord i Trøndelag som ikkje fekk skader frå bombing under den andre verdskrigen.

Bygga i Levanger har tydeleg variasjon. Dette er karakteristisk for tidsrommet rundt 1900, då industrielt framstilte bygg er i ferd med å erstatte den handverksbaserte byggetradisjonen.

Gatehjørner Gatehjørnene i Levanger skulle vere i fokus og det vart difor lagt vekt på å gjere dei fine.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Levanger Hjørnene i Levanger vart markert arkitektonisk i tråd med byplanen frå 1846. Byplanen er godt synleg også i dag.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Open gate Gateløpa i Levanger leier rakt ned mot sjøkanten utan hindringar.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Du finn framleis igjen nokre av dei typiske uthusa, og saman med bakgardane seier dei mykje om korleis folk levde. Dei sosiale skilja mellom “Nerbyen” og ”Øverbyen” kan framleis lesast i bygningane.

Korleis er det å bu i eit freda kulturmiljø?

Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Levanger vart freda som kulturmiljø 9. november 2018. Kulturmiljø kan ein finne i både byar og tettstader, i jordbrukslandskap og i skog og utmark.

Men kva så med dei som bur her. Er dei opptekne av bevaring? For oss som bur i andre deler av landet er dette kanskje sjølvsagt. Klart ein skal bevara spor etter historia. Men kva tenkjer dei som bur i Levanger om at byen deira er eit freda kulturmiljø. Det må dei nesten sjølv få svare på. Det er dei som lev liva sine midt i historia.

Levanger Eit av mange bakgårdsbygg som framleis står i Levanger sentrum. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Julie Vikestad Olsen bur eit av dei gamle trehusa i Levanger. Ho arbeider som lærar og er musikar.

−  Eg er stolt over å få bu i ein by som er ein kulturby. Levanger er ein by med trehus, og det å få lov til å bu i eit hus som er ein del av den historia, det synest eg er veldig stas. Eg kjenner litt ærefrykt over å bu her, seier ho.

Sjølv om Levanger er vakker i haustsola, så er ikkje det i seg sjølv nok til å halde ein by som Levanger i live. Byen må også brukast.

Levanger Fleire stader kan du sjå gamle og fargerike tredører.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Levanger Fleire stader kan du sjå gamle og fargerike tredører.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Levanger Fleire stader kan du sjå gamle og fargerike tredører.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Julie seier det tydeleg. Det må vere liv i sentrum.

−  I framtida håpar eg at Levanger klarar å ta vare på livet i sentrum. Det har vore litt lekkasje til andre delar av kommunen, men trenden er i ferd med å snu. Det handlar mykje om å få dei lokale kreftene til å ta tak, men ein treng også litt drahjelp frå øvre hold, seier Julie.

Kulturminne og næringsdrift

Lenger ned i gata driv Elisabeth Woll Ben Riala og ektemannen Galleri Fenka. Galleriet har tilhald i eit gammalt murhus, og ligg langs hovudgata som strekk seg gjennom sentrum.

−  Galleri Fenka er slengord for fengsel, og det fortel historia til huset vårt. Då vi kjøpte huset så var ikkje Levanger freda, men vi pussa likevel opp huset slik som det hadde vore tidlegare. Vi var opptekne av historia og ønska å halde huset historisk.

Levanger Håkon den Godes gate eller "Hilsegata" ligg midt i sentrum. Her helsar ein på forbipasserande. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Elisabeth og mannen er næringsdrivande. Galleriet har hatt fleire nasjonale og lokale kunstnarar i lokalene sine dei siste åra. Blant anna Pushwagner og Øystein Dolmen. På spørsmål om korleis det er å drive næring svarar Elisabeth:

− Det har sine utfordringar, men eg trur at Levanger kan utvikle seg til ein plass der det er godt å bu i tillegg til at det er grunnlag for å drive næring.

Kjelder:

Store norske leksikon: snl.no
Kulturminnesøk: Riksantikvaren sin kulturminnedatabase: Askeladden/Kulturminnesøk
Dronefilm: Jørgen Hjelmsøy