Utstein

– eit av 12 freda kulturmiljø i Noreg

Utstein kloster er det best bevarte klosteranlegget i Noreg.

Her, i landskapet ved innseglinga til Ryfylke, hadde Harald Hårfagre sin kongsgard.

På Utstein levde munkane i eitt med naturen.

Dei såg det same landskapet som vi ser her i dag.

Landskapet er ein viktig del av det freda kulturmiljøet Utstein.

Klosterhistorie på Utstein

Av: Turid Årsheim, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen

−I landskapet her på Utstein har det budd folk i lang tid. Vi må førestille oss denne vågen for tusen år sidan, i år 872. Då kjem Harald Hårfagre seglande med sin flåte. Han trekker den opp her.

Det fortel Mathies Ekelund Erlandsen, bygningsantikvar ved Museum Stavanger (MUST), som tek meg imot på Utstein kloster.

−Her er det ei naturleg hamn, enkel å beskytte. Det får meg til å tenke at han må ha kjent området godt, seier Mathies.

Utstein kloster

Kommune: Stavanger
Fylke: Rogaland
Fredningsår: 1999

Først kongsgard, så kloster

Utstein kulturmiljø ligg på Mosterøy i Rennesøy kommune. Den strategiske plasseringa i skipsleia mellom Stavanger og Karmsund må ha vore viktig. Den ga kontroll over leia og innseglinga til Ryfylkefjordane. Etter slaget i Hafrsfjord i 872, hadde Harald Hårfagre kongsgarden sin her på Utstein.

Utstein kloster På Klosterøy i Stavanger kommune ligg Utstein kloster. Det var tilknytta Augustinarordenen. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Ein har lenge meint at klosteret blei bygd på Utstein i 1260-åra, av Magnus Lagabøte, men dette er usikkert. Det er mogleg at nokre bygningsdelar er eldre, og nyare forsking seier at det kan vere at klosteret er grunnlagt i den same perioden som dei andre norske klostera av den same ordenen, i åra 1160-1180.

Historia om Utstein er òg historia om tida etter klosteret. Om reformasjonen, om adelsmenn, om herregardar og Frimanslekta. Men eg er interessert i klosterhistoria, og korleis landskapet rundt har innramma livet til menneska her gjennom fleire hundreår.

Utstein kloster Landskapet er framleis ein viktig del av kulturmiljøet her. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Mi klosterfortid

Då eg var 19 år, jobba eg som au pair i eit kloster i Sør-Frankrike. I et halvt år budde eg saman med nonner av dominikanar-ordenen. Eg åt middag saman med dei kvar sundag og hadde belgiske søster Micheline som fransklærar. Eg vaska rom, serverte frukost til gjester og pilegrimar, og køyrde den vesle Renaulten til nonnene for å hente bagettar hjå bakaren.

Utstein kloster Kyrkja på Klosterøy er vigd til helgenen St. Laurentius.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Utstein kloster Klosteret har husa munkar, men det har også vore kongsgard.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Utsein kloster Kyrkjegarden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Eg trur det er difor eg synst at kloster er djupt fascinerande. Anten klosteret er moderne arkitektur eller gamle mellomalderruinar, så huser det ei spesiell livsform som er mykje den same no som for tusen år sidan.

Korleis levde klosterbrørne på Utstein? Stod dei opp i grålysinga, dyrka dei eigne vokstrar, skreiv dei av bøker for hand?

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljø er freda i Noreg.
Utstein kloster Klosteret ligg som eit lukka kompleks, som skjermer for nordavinden. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Utstein kloster

Augustinarklosteret på Utstein er det einaste bevarte klosteranlegget frå mellomalderen i Noreg. Både klosterkyrkja og nedre etasje av aust- og sørfløya står framleis og er i bruk, no som museum og til kulturformål. Av dei andre norske mellomalderklostera er det berre ruinar att. Utstein var eitt av tre kloster som heldt det gåande heilt til reformasjonen.

Kor gamalt er klosteret?

Klosteret og området rundt blei gitt til Augustinarordenen, og klosteret blei vigt til St. Laurentius i 1265.

Det har vore mykje fagdebatt om kva for nokre bygningsdelar som er dei eldste, fortel Mathies. Ein prøver å analysere murverkets vitnesbyrd. Kor, skap, tårn, kva er eldst? I desse bygningane er det framleis mange uløyste gåter.

Utstein kloster Muren og bygga beskytta urtene mot vinden. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Mathies tar meg med oppunder kyrkjetaket. Vi går oppå det einaste gotiske kvelvet som ein kan sjå ovanifrå i Noreg. Det er mørkt og dunkelt. Handverkarar frå Normandie lagde dette på 1200-talet. Det er imponerande konstruksjonar.

Klosterøy Halvøya strekk seg ut mot havet. Klosteret ligg strategisk til, og var ei trygg hamn.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Utstein kloster Frå lufta ser ein korleis mur og bygg omsluttar urtehagen i midten.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Utstein kloster Kulturlandskapet rundt klosteret er prega av landbruk.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

På Utstein, som i mange andre kloster, er kyrkja bygd i nord og klosterbygningane på sørsida. Klosterkyrkja dannar ein tjukk vegg mot nordavinden. Klosteret ligg som et lukka kompleks rundt ein kvadratisk klostergard i eit ope landskap, og med vid sikt utover landskapet og vågen. Midt i det innelukka klosteret var blomehagen. Muren beskytta urtene mot vinden. Det er framleis ein fredfylt stad. Her kan eg sjå for meg at dei har hatt fortrulege samtalar – sub rosa – gåande i sidegangane rundt hagen.

Om klosterlivet på Utstein

På Utstein var det rundt 12 munkar. Bygningane på Utstein står som solide vitnesbyrd over det livet som klosterbrørne i generasjonar har levd. Men elles er det svært lite som er bevart som kan fortelje om tilværet her. Det stille og enkle klosterlivet, med bøn, refleksjon og retrett frå omverda, sette få spor for ettertida.

Men eg ser for meg at dei har levd som nonnene eg kjenner i Frankrike. Her har dei lest, bedt og arbeidd, etter faste tider på døgnet.

Utstein kloster Inne i kyrkja kan ein sjå dei gamle murveggane. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Tidebønane skulle lesast i kyrkja. Alle kloster skulle ha dei same funksjonane: kyrkje, møterom og sovesal, kjøkken og matsal. Ein måtte overhalde kodeksen, som sa at for å kunne starte eit kloster, måtte ein ha eit bibliotek med minimum 11 bøker. Augustinarane skulle huse pilegrimar og reisande, og ta seg av sjuke.

Det var nok spartansk, kan hende dei fraus mykje i dei kalde steinbygningane.

Klosteret og samfunnet rundt

Klostera var eigne samfunn, men likevel ein viktig del av storsamfunnet. På Utstein dreiv augustinarane eit aktivt jordbruk, og tilknytinga må ha vore sterk mellom klosteret og lokalbefolkninga. Klosteret hadde store jordeigedommar, og kunne brødfø omlag 250 menneske årleg.

-Klosteret er en utdanningsinstitusjon, der ein berre snakkar latin, fortel Mathies.

Utstein kloster Døypefont.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Utstein kloster Alterskap.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Utstein kloster Preikestol.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Han teiknar opp eit samfunn med dyrehald, urtehage, og lekbrør som var knytte til klosteret. Lekbrørne var viktige, dei dreiv sjølve garden. Dei kunne ikkje latin, så ein tilsett måtte alltid vere mellomledd.

Mathies fortel at det hende at gutar frå lokalmiljøet kunne bli gjevne bort i klostergåve.

-Der er her snakk om barn som hadde mista foreldra sine, eller der foreldra på grunn av fattigdom i ein stor familie på 10-12 individ ofte såg seg naudsynte til å ta den vanskelege avgjerda om å skulle spørje klosteret om å overta barnet.

Det innebar ofte at bonden, lekbroren, skulle knytast tettare til klosteret ved å delta i oppføringa av ei kyrkje eller eit kapell. Nokre av disse barna fekk lov til å fungere som prest då dei fylte 21, og dei kunne vere med på å oppføre ei ny kyrkje i det området dei kom frå, for å vere med på å spreie dei kristne dydane i lokalområdet.

Utstein kloster Munkane levde åtskilt. Men dei må likevel ha vore viktige for lokalsamfunnet, sidan dei var aktive jordbrukarar. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Freda kulturmiljø

Kulturlandskapet i fredingsområdet er resultatet av menneskeleg verksemd over fleire hundre år. Menneska som har levd her har utnytta ressursane på ein varsam måte slik at kulturmiljøet og kulturminna har blitt tekne vare på heilt fram til i dag.

Utstein kloster er automatisk freda i kraft av sin alder. 17. desember 1999 vart heile kulturmiljøet freda. Fredinga omfattar også Klostervågen og Fjøløysundet mellom Klosterøy og Fjøløy, og ei sone i sjøen, omlag 220 meter frå land. Det er ein hyllest til alle dei som har bevart det særmerkte landskapet opp gjennom tidene.

Kjelder:

Utstein kloster – og Klosterøys historie, Eldbjørg Haug (ed.). Stiftelsen Utstein kloster 2005

Om Utsteinklosterets bygningshistorie, Ole Egil Eide. Collegium Medievale 2006

«Utstein klosters bygningshistorie nok en gang», Hans Emil Lidén. Collegium Medievale 2009

Utstein kloster, Odmund Møllerop. Frá haug ok heiðni, Arkeologisk museum, 1990

Askeladden/Kulturminnesøk