Nyheter

Noregs første år som medlem i verdsarvkomiteen

Noreg fekk plass i den prestisjetunge komiteen i fjor, og deltek saman med 20 andre land på den 42. sesjonen til komiteen i Manama i Bahrain.

Publisert: 25. juni 2018 | Endret: 30. januar 2024

Bilde av Riksantikvar Jørn Holme og fagdirektør Berit Lein. Bildet er tatt på Røros, ett av Norges verdensarvsteder. Foto: Thorleif Thorsen
Jørn Holme Og Berit Lein Roeros Riksantikvar Jørn Holme og fagdirektør Berit Lein. Bildet er tatt på Røros, ett av Norges verdensarvsteder. Foto: Thorleif Thorsen

Verdsarvkomiteen møtest denne veka for mellom anna å ta stilling til 30 nye nominasjonar og gå gjennom forvaltinga av verdsarvområda.

Verdsarvkonvensjonen er ein av dei store miljøkonvensjonane som sikrar både kultur- og naturarv. Verdsarvkomiteen forvaltar områda som står på verdsarvlista.

Noregs delegasjon er leidd av riksantikvar Jørn Holme og fagdirektør i Miljødirektoratet Berit Lein, og består av representantar for Klima- og miljødepartementet, Riksantikvaren, Miljødirektoratet og Noregs delegasjon til UNESCO. Sesjonen varar frå 24. juni til 4. juli.

Les meir i pressemeldinga frå Klima- og miljødepartementet.

Dato 25.06.2018 14:32 endret 27.06.2018 08:44