Nyheter

Ny metode for å brannsikre gamle dører

Metoden til FRIC (Fire Research and Innovation Centre) i Trondheim, gjer at gamle dører kan sikrast betre mot brann.

Publisert: 18. januar 2023 | Endret: 29. januar 2024

Brannsikring Ny metode gjer at gamle dører kan sikrast betre mot brann. Foto: NIKU

Gamle tredører reknast ofte som eit svakt punkt når ein skal sikre eldre leilegheitsbygg mot brann. I fjor haust publiserte FRIC (Fire Research and Innovation Centre) ein ny rapport, som syner at gamle dører kan sikrast slik at dei kan motstå brann i rundt 30 minutt.

Rapporten er utarbeida av SINTEF, RISE Fire Research og NIKU (Norsk institutt for kulturminneforsking), i tett samarbeid med Trøndelag Brann- og redningsteneste.

Det er ulike klassifiseringar knytt til ytinga av ulike branndører. Kvar klassifisering omtaler ei yting ved røykmotstand, isolasjon og brannmotstand. Tala 30, 60, 90 og 120 er tidsomgrep som syner kor mange minutt døra kan utsetje verknaden av brannen før brannen trenger seg gjennom døra.

Ny metode

Metoden som vert presentert i rapporten kan nyttast av handverkarar som skal sikre gamle dører mot brann. Den syner korleis ein ved montering av blant anna glas, brannbeskytta plater, tettelister, m.m., på døra, kan oppnå ei brannsikringstid på rundt 30 minutt. Det vart totalt utført fire branntestar, med to små dørmodellar i kvar test.

– Rapporten kan brukast i tilfelle der ein ønskjer at gamle, verneverdige dører skal oppgraderast med omsyn til brann, seier Anne-Marit Haukø.

Haukø er forskar og seniorrådgjevar hjå SINTEF. Ho presiserer at ein brannrådgjevar alltid må vurdere den totale brannsikringa i bygget, og at ei oppgradering av trapperomsdører vil kunne vere ein del av det.

Brannsikring Med oppgraderingar kan gamle dører sikrast betre mot brann. Foto: Jømna

– Rapporten syner eksempelvis ulike løysingar for montering av brannglas, avhengig av kor god plass det er inni sjølve vindaugeramma. Målet er å kunne gjere oppgraderingar på leiligheitssida av døra, slik at ein kan halde på det arkitektoniske uttrykket ut mot trapperommet, seier Haukø.

Dører i gamle leilegheitsbygg er ofte opp mot 40-50 mm tjukke. Det er ofte glas i den øvre delen og eit tynnare trepanel i den nedre delen.

Brannsikring Her ser ein bilete frå branntesting av gamle dører hjå RISE Fire Research i Trondheim. Foto: RISE Fire Research

Testane konkluderte med at glaset må vere brannsikkert i minimum 30 minutt, og festast sikkert med stålrammar og -knektar. Trepanel oppgraderast med steinull og robuste 12,5 mm gipsplatar type R. Silikonpakningar og ekspanderande tettingslister må brukast mellom dør og karm. I tillegg må mellomrommet mellom vegg og karm sikrast med steinull og brannsikkert tettingsmiddel.

I rapporten presiserast det at denne metoden berre skal nyttast i situasjonar der det ikkje er ønskjeleg å byte ut dei gamle dørene med nye.

Brannsikring og antikvariske prinsipp

Bakgrunn for testinga er høvet mellom brannsikring og antikvariske prinsipp. Brannsikring og bevaring kan gå på tvers av kvarandre. Dersom ein bur i ei leilegheit der det er strenge krav om vern, så skal tiltak ofte vere reversible og føre til så lite inngrep som mogleg. Krav til god brannsikring kan på si side krevje at det nettopp må gjerast tiltak som ikkje er reversible, og som krev store inngrep. I mange tilfelle kan det bety at ein må byte ut heller enn å oppgradere bygningsdelar. Å byte ut ei gammal dør kan få konsekvensar for verneverdien, og er heller ikkje ei berekraftig utnytting av eksisterande bygningsdelar. Nye og betre metodar for brannsikring av eldre bygningsdelar er difor godt nytt for både kulturmiljøforvaltinga og brann- og redningstenestene.

Les rapporten her
Les meir om brannsikring her