Nyheter

Røros – 40 år som verdsarvstad

I over tre hundre år (1644-1977) var det gruvedrift på Røros. Berre tre år etter at drifta tok slutt vart byen innskriven på lista over verda si viktigaste kultur- og naturarv. I år feirer Røros 40 år på UNESCO si verdsarvliste.

Publisert: 27. august 2020 | Endret: 29. januar 2024

Røros bergstad har vore på UNESCO si liste over verdsarv i 40 år. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

I år markerer Røros eit dobbelt jubileum. Det er 40 år siden Røros bergstad vart skriven inn på UNESCO si liste over verda si kultur- og naturarv. Det er også 10 år sidan det vart søkt om utviding av verdsarvområdet til å omfatte kulturminne og kulturlandskap også utanfor Røros. Dei nye områda, kalla Circumferensen, viser korleis bergstaden vart etablert, og korleis den har vore ei drivkraft for utviklinga av heile regionen.

Unik kulturarv

Byen utvikla seg gjennom gruvedrifta. Her vart lokale byggetradisjonar blanda saman med nye impulsar, som kom til byen som eit resultat av kobberverket si utvikling og drift.

Røros Parti frå sentrum med kyrkja i bakgrunnen. Foto: Halvor Vreim, Riksantikvaren

Byggeskikken i tre viser innbyggjarane sitt todelte livsgrunnlag som både bergverksarbeidarar og jordbrukarar. Kompakte gårdsanlegg er innpassa i eit urbant planmønster. Ein kan framleis tydeleg sjå den gamle strukturen i gateløpa, og for mange er dette eit kjend fotomotiv.

Bergstaden er i front i Norge når det gjeld ivaretaking av detaljar i bygningsmiljøet – her er det god kvalitet!

Her finn ein gruvelandskapet, hagalandskapet etter byjordbruket, transportsystem, det øvrige jordbruks- og seterlandskapet og samisk brukshistorie. Handverksmiljøet er blant dei fremste i landet innan bygningsvern, og har brei kompetanse på både vern og forvaltning av kulturminner, kulturlandskap og natur, bygningsvern og bygningshandverk.

Verdas viktigaste miljøavtale

Verdsarvkonvensjonen frå 1972 er verda si viktigaste miljøavtale for vern av det fremste og viktigaste av natur- og kulturarven vår. Noreg ratifiserte konvensjonen i 1977.

Konvensjonen er den første som ser kultur og natur som delar av det heilskapelege miljøet, og ikkje som to separate delar. Den erkjenner at vi alle har ein felles arv som er umisteleg for heile menneskeheita.

Røros Oversiktsteikning av Røros sentrum. Foto: Ola Hektoen Øverås, Riksantikvaren

Verdsarvområdene er vitnemål på, og representanter for, nettopp denne felles og umistelege arven. Områda vert identifisert og definert gjennom eit sett kriterier og krav, som til saman gjev dei såkalla framstående universell verdi.

Røros bergstad og Circumferensen
Foto: Lisen Roll, Riksantikvaren
Røros bergstad og Circumferensen
Foto: Einar E. Brean, Riksantikvaren
Røros bergstad og Circumferensen
Foto: Halvor Vreim, Riksantikvaren
Røros bergstad og Circumferensen
Foto: Halvor Vreim, Riksantikvaren

Røros er heilt unik når det gjeld kulturmiljø i Noreg. Her ser ein kulturminnene både som heilskap, i samanheng og i enkeltdetaljane.