Pressemelding

Ny viten om Gjellestadfunna

Resultatet av undersøkingane etter utgravinga på Gjellestad er no klare. Skipet kan daterast til vikingtid og det kjem etter alt å døme frå vestlandet.

Publisert: 17. januar 2020

Gjellestadskipet Utgraving sommer 2019. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

Funnet av skipet er ikkje alt arkeologane har funne i området. Gjellestadkomplekset kan vise seg å vere eit av dei best bevarte stormannsmiljøa frå vikingtid i Noreg.

Undersøkingar og prøvetaking

I løpet av to veker i august-september 2019 blei det utført forundersøkingar av ei skipsgrav på Gjellestad. Bakgrunnen for undersøkingane var ein dreneringssøknad, som initierte preliminære georadarundersøkingar utført av NIKU på oppdrag frå Østfold fylkeskommune. Østfold fylkeskommune og Kulturhistorisk museum i Oslo har stått for dei vidare undersøkingane. Dei blei gjennomført med minst mogleg inngrep i det sårbare fortidsminnet, og det vart i tillegg henta ut treprøvar av kjølen.

Frå vikingtid

Skipet er mest sannsynleg frå tidleg vikingtid. Det kan tidlegast ha blitt bygd i år 733 e.Kr. Prøvane syner at bevart treverk i skipet er angripen av sopp og det er difor under rask og gjennomgripande nedbryting. Dette skyldast senking av grunnvasspeilet, som tillet oksygen å trenge heilt ned til kjølen av skipet.

Dendrokronologi (årringdatering) av prøven har resultert i ein fastslått maksimumsalder for skipet. Årringsmønsteret i stykket svarar til vekstmønster for eik i perioden 603-724 e.Kr.

Tidlegaste moglege fellingsår for kjølen er 733 e. Kr., men det er sannsynleg at fleire årringar er hogd vekk då kjølen blei laga. Årringane i trestykket er i tillegg veldig tette. Skipet kan difor ha blitt bygd hundre år eller meir etter 733 e. Kr.

Gjellestadskipet Utgraving sommer 2019 og treprøve frå skipet. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

Bevaringstilstand

Skipets bevaringstilstand er dårleg. Kjølprøven har blitt undersøkt, bl.a. med elektronmikroskop, og har vist at treet først har blitt utsett for erosjonsbakteriar. Desse angrepa er «snille» og treet framstår som velbevart. I nyare tid er treet blitt ramma av sopp (soft rot). Desse angrep er kraftigare. Det gjer treet sårbart for trykk og handtering.

Med dagens klimautvikling er det usikkert kor lenge Gjellestadskipet kan bevarast utan ei utgraving.

Tidlegare funn av vikingskip

Gjellestad-skipet liknar på dei andre skipsgravene våre. Eit av dei viktigaste spørsmåla blir då om gravene vart reiste som del av det same politiske prosjektet, eller snarare i konkurranse med kvarandre? Det er tankevekkande at treprøva frå Gjellestad har stor likskap med prøvene frå Oseberg og frå ein av småbåtane frå Gokstad.

Gjellestadskipet vart neppe bygd lokalt, og stammer nok frå Vest- eller Sørvestlandet. Som skipsgrava i Borre er også Gjellestad plassert inn i eldre landskap med monumentale gravhaugar og store hallbygningar – og det finst sterke indikasjonar på at Gjellestad, slik som Gokstad, også omfatta ein viktig handelsplass, berre få hundre meter vekk frå skipsgrava. Er det framleis bevart spor etter den?

Slik sett kan Gjellestadkomplekset som heilskap ha potensial til å bli eit av dei best bevarte stormannsmiljø frå vikingtid i Noreg.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153