Pressemelding

Satsinga på dei eldste kyrkjene held fram

Kyrkjene er i ei særstilling som kulturminne. No kjem det nye millionar til istandsetting og sikring av kyrkjebygg over heile landet.

Publisert: 3. juli 2020

Balke kyrkje
Balke kyrkje frå mellomalderen er ei av kyrkjene som har fått tilskot. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

For 2020 hadde Stortinget allereie løyvd 20 millionar kroner til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg over Barne- og familiedepartementet sitt budsjett. I tillegg er det no satt av ei ekstra tiltakspakke på 52 millionar kroner.

– Å ta vare på gamle kyrkjebygg er svært viktig. Dei er i ei særstilling som kulturminner i bygd og by over heile landet og blant dei mest dyrebare bygga når det gjeld arkitektur og kunst. Dei er soger over tru, kultur og handverk i 1000 år. Derfor er eg glad for at vi kan bidra til betre trygging av desse bygga, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Sjå òg nettsidene til Barne- og familiedepartementet

Tilskotet

Det er Riksantikvaren som forvaltar tilskotsordninga på vegne av Barne- og familiedepartementet. I første runde er det no delt ut over 27 millionar kroner. Resten av midlane fordelast utover hausten.

− Kyrkjebygg er kulturarv, historie og ein viktig del av vår identitet. Derfor er det så viktig å ta vare på dei for framtida. Mange kommunar strever med å vedlikehalde sine kyrkjebygg, så desse midlane veit vi vil kome godt med, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Utvalde kyrkjer

Ved årets tildeling av tilskot har Riksantikvaren i samråd med Barne- og familiedepartementet, Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder og Kyrkjerådet vald å prioritere kyrkjer som er oppført før 1800. Det dreier seg om mellomalderkyrkjer i stein, automatisk freda kyrkjer av tre frå perioden 1200-1649 og listeførte kyrkjer frå perioden 1650-1799.

40 kyrkjer frå Troms og Finnmark i nord til Agder i sør har fått støtte i denne omgangen.

Oversikt over tilskot

 KIRKE:OPPFØRTFYLKESIKRING OG ISTANDSETTING
ARNAFJORD kyrkjeTre 1645Vestland329 000
BALKE kirkeStein MiddelalderInnlandet900 000
BRANDVAL kirkeTre 1651Innlandet571 800
BRUNKEBERG kyrkjeTre 1790Vestfold og Telemark840 000
BRØTTUM kirkeTre 1790Innlandet900 000
DØNNES kirkeStein MiddelalderNordland900 000
FLAKSTAD kirkeTre 1780Nordland700 000
FLUBERG kirkeTre 1703Innlandet900 000
FÅVANG kirkeTre MiddelalderInnlandet86200
GAUPNE gamle kyrkjeTre 1647Vestland100 000
GJERDE kyrkje EtneTre 1676Vestland320 000
GJERDRUM kirkeTre 1686Viken1 688 000
GUDDAL kyrkjeTre 1686Vestland24 000
HAKADAL kirkeTre 1610Viken900 000
HEGGEN kirkeStein MiddelalderViken900 000
HESBY kyrkjeStein MiddelalderRogaland900 000
HOLDHUS gamle kyrkjeTre 1726Vestland100 000
HOVIN kirke SpydebergTre 1620Viken450 000
HOVIN kirke UllensakerTre 1695Viken900 000
HUSTAD kirkeStein MiddelalderTrøndelag100 000
JELSA kyrkjeTre 1647Rogaland900 000
LANGENES kirkeTre 1796Nordland870 000
LUNDE kirke Nordre LandTre 1769Innlandet900 000
NORDSINNI kirkeTre 1758Innlandet600 000
OLDEN gamle kyrkjeTre 1759Vestland900 000
RISØR kirkeTre 1647Agder900 000
SANNIDAL kirkeTre 1772Vestfold og Telemark182 850
SJERNARØY kyrkjeTre 1647Rogaland522 000
STANGE kirkeStein MiddelalderInnlandet900 000
STORDAL gamle kyrkjeTre 1789Møre og Romsdal150 000
SØDORP kyrkjeTre 1752Innlandet900 000
SØGNE gamle kirkeTre 1604Agder660 000
TOMTER kirkeTre 1600Viken600 000
TORSKEN kirkeTre 1784Troms og Finnmark405 000
TYDAL kirkeTre 1696Trøndelag900 000
UDENES kirkeTre 1708Viken900 000
VANGSKYRKJA VossStein MiddelalderVestland25 000
ØKSNES kirkeTre 1796Nordland900 000
ØYER kirkeTre 1725Innlandet900 000
ÅRDAL gamle kyrkjeTre 1619Rogaland1 680 000
SUM:27 203 850

Kontaktperson

Pressetelefon: 404 65 153