Pressemelding

Tilskot til istandsetjing av freda bygg i 2017

Riksantikvaren har fordelt over 140 millionar kroner til fylkeskommunane. Pengane skal gå til istandsetjing av freda bygningar i privat eige.

Publisert: 15. februar 2017 | Endret: 19. desember 2019

Bilde av Kongegården. Foto: Leif Anker, Riksantikvaren
Kongegården Kongegården har blant anna store setningsskadar. Omfattande tiltak må til for å redde den freda bygningen frå 1820. Foto: Leif Anker, Riksantikvaren

─ Dei freda husa i Noreg er ein viktig del av kulturarven vår og eigarar av freda bygningar gjer eit viktig arbeid for å ta vare på vår felles historie, seier riksantikvar Jørn Holme som òg oppmodar fylkeskommunane til å gje tilskot til freda bygg på sine eigne budsjett.

Samanlikna med fjoråret har Riksantikvaren i år 25 millionar kroner meir til eigarane av freda hus. Dette skuldast ein auke i midlar over statsbudsjettet.

Budsjettvinnarar

I år er det Oppland, Telemark, Hordaland og Østfold som får dei største summane. Lengst i sør får Vest-Agder og Aust-Agder ein betydeleg auke i tilskot samanlikna med i fjor. Det er fylkeskommunane som vel ut og prioriterer dei eigedomane som får tilskot. Men Riksantikvaren kan òg gje føringar for bruken av midlane, og har gjort det i nokre tilfelle. I Østfold skal ni millionar kroner gå til vidare arbeid med istandsetjinga av Kongegården i Halden. Kongegården fekk tilsvarande beløp i fjor, og det er ei stor oppgåve å setje i stand dette monumentale bygget.

Bilde av Ormelid. Ormelid er ein høgdegard i Luster i Sogn og Fjordane. Garden ligg omlag 450 meter over havet. Arkeologiske funn syner spor etter jordbruk på Ormelid 4000 år attende i tid. Foto: Siri Wolland, Riksantikvaren
Ormelid Ormelid er ein høgdegard i Luster i Sogn og Fjordane. Garden ligg omlag 450 meter over havet. Arkeologiske funn syner spor etter jordbruk på Ormelid 4000 år attende i tid. Foto: Siri Wolland, Riksantikvaren

Det er òg ei rekkje andre spanande istandsetjingsprosjekt. I Vestfold vart det sjeldne løkkeanlegget Solhaug, frå 1800-talet, freda i 2015. Riksantikvaren vil no setje av pengar til å sikre bygningane her. I Akershus skal det brukast inntil 3,5 millionar på istandsetjing av det vakre interiøret på skrivargarden Hovin. I Sogn og Fjordane held arbeida på fjellgarden Ormelid fram og i Sør-Trøndelag er det særleg sjøbodene i Trondheim som det skal satsast på i løpet av året.

Ein del av pengane skal gå til dei freda kulturmiljøa i Noreg, blant anna Sør-Gjæslingan i Nord-Trøndelag og Sogndalstrand og Skudeneshavn i Rogaland.

Oversikt over tilskot 2017:

Tilskuddsmottakar Tildeling post 71, 2017, inkl. tilsagnsfullmakt
Østfold 12 000 000
Akershus 11 000 000
Oslo 2 000 000
Hedmark 5 500 000
Oppland 15 000 000
Buskerud 9 500 000
Vestfold 6 500 000
Telemark 11 500 000
Aust-Agder 4 000 000
Vest-Agder 5 000 000
Rogaland 3 000 000
Hordaland 13 000 000
Sogn og Fjordane 7 500 000
Møre og Romsdal 6 500 000
Sør-Trøndelag 7 000 000
Nord-Trøndelag 5 500 000
Nordland 6 500 000
Troms 4 500 000
Finnmark 3 000 000
Sametinget 2 200 000
Sum fylka 140 700 000

Dato 15.02.2017 14:15 endret 15.02.2017 14:49

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153