Pressemelding

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne i 2017

Riksantikvaren har fordelt årets tilskot til istandsetting og vedlikehald av utvalde tekniske og industrielle anlegg.

Publisert: 24. februar 2017 | Endret: 19. desember 2019

Bilde av Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark. Foto: Birger Lindstad / Riksantikvaren
Atlungstad Brenneri Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark. Foto: Birger Lindstad / Riksantikvaren

15 anlegg får støtte gjennom ein fast post i statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.

– Med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne ønskjer vi å bevare utvalde historiske anlegg for framtida. Målet er at alle dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet skal ha eit normalt vedlikehaldsnivå innan 2020. Årets fordeling  er gjort med tanke på å nå dette målet, seier riksantikvar Jørn Holme.

I 2017 blir istandsettinga av Atlungstad Brenneri ferdigstilt, mens istandsettinga av Bredalsholmen verft, Rjukanbanen, Haldenkanalen og Odda smelteverk vidareførast.

I tillegg til dei 15 utvalde anlegga gir Riksantikvaren fagleg og økonomisk stønad til andre anlegg som dokumenterer norsk teknisk og industriell historie.

Riksantikvaren måtte gjere ei streng prioritering av kva for kulturminne og tiltak som får tilskot. For 2017 fekk vi inn søknader frå totalt 24 tekniske og industrielle kulturminne på til saman 143 millionar kroner. Riksantikvaren hadde rundt 56 millionar kroner til fordeling, som dekkjer om lag 40 % av den samla søknadssummen.

Oversikt tilskot, Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne, 2017:

MottakarBeløp
Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark4 758 919 kr
Bredalsholmen verft, Kristiansand, Vest-Agder3 521 946 kr
Fetsund lenser, Fet, Akershus4 181 260  kr
Folldal gruver, Folldal, Hedmark3 864 605 kr
Haldenkanalen, Halden, Aremark, Marker og Aurskog-Høland, i Østfold og Akershus3 471 896 kr
Kistefos træsliberi, Jevnaker, Oppland1 398 291 kr
Klevfos cellulose og papirfabrikk, Løten, Hedmark1 911 652 kr
Neptun sildoljefabrikk, Hadsel, Nordland3 187 218 kr
Næs jernverk, Tvedestrand, Aust-Agder1 739 394 kr
Odda smelteverk, Odda, Hordaland6 188 244 kr
Rjukanbanen, Tinn, Telemark9 206 520 kr
Salhus trikotagefabrik, Salhus, Bergen, Hordaland3 342 228 kr
Sjølingstad uldvarefabrik, Lindesnes, Vest-Agder3 558 137 kr
Spillum dampsag & høvleri, Namsos, Nord-Trøndelag2 564 379 kr
Tyssedal kraftstasjon, Odda, Hordaland329 932 kr

Tilskot til andre anlegg, 2017:

MottakarBeløp
Gamle Vossebanen, Bergen Hordaland500 000 kr
Gloster Gladiator 423, Kjeller, Skedsmo, Akershus321 400 kr
Kamykokeren ved Pettersons fabrikker, Moss, Østfold150 000 kr
Nes gardssag, Kvam, Hordaland100 000 kr
Sulitjelma gruver, Fauske, Nordland232 980 kr
Thamshavnbanen, Orkdal, Sør-Trøndelag200 000 kr

 

Eventuelle førehandstilsegn for 2018 kjem i tillegg.

Dato 24.02.2017 10:06 endret 24.02.2017 10:32