Føresegner og retningsliner til kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø

1Kommunedelplan for kulturminner, kulturmiljøer og kulturlandskap for Moss kommune (2017-2029)

Vedtatt i Moss bystyre 11 des. 2017

Forslag til generelle føresegner til kommuneplanen (jf. pbl § 11-9 pkt. 7). Retningsliner til kommunedelplan kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap 2017-2029.

Dei fleste større tiltak som vedkjem kulturminne er søknadspliktige. For tiltak som er fritatt for søknadsplikt i § 20-5 skal det leggast til grunn at tiltaket er i samsvar med gjeldande planer, inkludert kommunedelplan for kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap 2017-2029.

Ved all sakshandsaming etter plan- og bygningslova skal kommunedelplan for kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap med vedlegg leggast til grunn. For å ta greie på om eit tiltak vedkjem registrerte kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap, skal ein sjekke det digitale kartsystemet i kommunen med oppdatert datasett frå Askeladden. Sakshandsamar har ansvar for at naudsynt informasjon vert henta inn.

§ 1 Freda kulturminne: Alle tiltak som vedkjem automatisk freda og vedtaksfreda kulturminne og kulturmiljø, skal leggast fram for regional kulturmiljøforvalting (jf. kulturminnelova). Byantikvaren skal varslast om saka.

§ 2 Automatisk freda kulturminne inkludert kulturminne under vatn: Dersom det under gravearbeid, nydyrking eller anna anleggsverksemd vert funne automatisk freda kulturminne i tillegg til dei som er registrert, skal arbeidet stansast med ein gong, og regional kulturmiljøforvalting varslast. (jf. kulturminnelova § 8). Ved planlegging av nye tiltak plikter ein å undersøke om tiltaket vil verke inn på automatisk freda kulturminne (jf. kulturminnelova § 9).

§ 3 Område regulert til bevaring: Alle søknadspliktige tiltak som vedkjem område regulert til bevaring etter plan og bygningslova, skal handsamast i tråd med reguleringsføresegnene i vedkommande plan og i samråd med regional kulturmiljøforvalting. Byantikvaren skal varslast om saka.

Føresegner for omsynsone vern av kulturmiljø H570:

§ 4 Innanfor ei omsynsone vern av kulturmiljø skal strøket og bygningane sitt historiske preg takast vare på og førast vidare og vedlikehaldast etter antikvariske prinsipp. Dette gjeld element som fasadar, gater, vegar, belegg, gjerde, skilt, støyskjermar og viktig vegetasjon. Landskapstrekk og anlegg som vegfar, gjerde/steingjerde, allear m.m. som er vesentlege for å skjøna kulturmiljøet, skal takast vare på. Tiltak innanfor dei nære omgjevnadane/ sikringssona til kulturminnet, må ta omsyn til kulturminneverdiane. Søknad skal sendast byantikvaren til uttale.

§ 5 Bygningar/bygningsdelar innanfor omsynsona som ikkje har verneverdi, kan vurderast rive. Ved søknad om rivning av bygningar innanfor eit verneverdig kulturmiljø skal fotodokumentasjon og forsvarleg oppmåling av bygningen eller anlegget ligge føre. Dokumentasjonen skal godkjennast av kommunen før løyve kan gjevast. Søknad skal sendast byantikvaren til uttale.

§ 6 Ved alle søknadspliktige tiltak innanfor område eller på enkeltståande kulturminne i vernekategori 1, skal det hentast inn uttale frå regional kulturminnestyresmakt. Dette gjeld også alle bygningar frå før 1850 (jf. kulturminnelova § 25). Byantikvaren skal varslast om saka. Ved alle søknadspliktige tiltak innanfor område eller på enkeltståande kulturminne i vernekategori 2 skal det hentast inn uttale frå byantikvaren.

§ 7 Ved vedlikehald, reparasjon og utbetring av verneverdig busetnad innanfor vernekategori 1 og 2, skal eksteriør og konstruksjon takast vare på eller tilbakeførast. Opphavlege fasadeelement skal takast vare på i sin opphavlege samanheng. Ved naudsynt utskifting skal målestokk, materialval, utforming og farge oppretthaldast. Tilbakeføring skal gjerast med grunnlag i historisk dokumentasjon.

§ 8 Verneverdige kulturminne i vernekategori 1 og 2 skal ikkje tillatast reve eller endrast vesentleg.

§ 9 Alle nye tiltak, innanfor eit verneverdig kulturmiljø og på eigedomar med kulturminne, som er merka av som vernekategori 1 eller 2, skal gjevast ei plassering og utforming som samsvarar med historiske trekk i området og hjå dei eksisterande bygningane. Dette kan vere utforming, volum, materialbruk, fargesetting og plassering på tomta.

Spesifikt for vernekategori 1.

§ 10 Innanfor område av vernekategori 1 skal omsynet til kulturmiljøet vere førande for arealbruken. Det historiske preget til bygningane og kulturmiljøet skal takast vare på og førast vidare. Eventuelle tiltak skal underordnast det heilskaplege kulturmiljøet. Dette gjeld bygningsvolum, hageanlegg, allear, steingjerde, gateløp og stigar, tunstruktur og spor etter industriell verksemd. Dersom verneverdig busetnad innanfor eit kulturmiljø får uopprettelege skader, skal det oppførast busetnad med same dimensjonar, høgder og i harmoni med særpreg og byggeskikk. Søndre Jeløy landskapsvernområde har i tillegg eigne verneføresegner.

Spesifikt for vernekategori 2.

§ 11 Tilbygg på verneverdig busetnad blir ikkje tillate utan tilråding frå byantikvaren. På eigedomar med kulturminne av vernekategori 2 kan nybygg og tilbygg på ikkje-verneverdig busetnad, tillatast når dei blir underordna og tilpassa kulturminnet. Eventuelle innslag av moderne material og stilutrykk skal harmonere med historisk særpreg og tradisjonell byggeskikk på staden. Dersom verneverdig busetnad innanfor kulturmiljøet får uopprettelege skader, bør det oppførast godt tilpassa busetnad med same dimensjonar og høgder etter ei kulturminnefagleg vurdering.