Dispensasjon frå freding av fartøy

Denne rettleiaren tek føre seg dei handlingane og dokumenta som inngår i saksgangen ved dispensasjon frå vedtak om freding av fartøy. Freding av fartøy er heimla i Kulturminnelova § 14a (sjå einen rettleiar for freding av fartøy), medan dispensasjon frå freding av fartøy er heimla i § 15a.

1Lovgrunnlaget

Lovgrunnlaget for dispensasjon frå freding av fartøy er Kulturminnelova § 15a som lyder:

§ 15a. Dispensasjon.

Departementet kan i særlige tilfeller gjøre unntak fra vedtak om fredning og fredningsbestemmelser for tiltak som ikke medfører vesentlige inngrep i det fredete kulturminnet.

Blir det satt vilkår for dispensasjonen som fordyrer arbeidet, skal eier eller bruker få helt eller delvis vederlag for denne utgiftsøkningen.

1.1 Tolking av lova i fartøyvernet

Lova vert normalt tolka slik at

a)      det må vere eit særskilt tilfelle

b)      tiltaket må ikkje medføre vesentlege inngrep

Kva som kan kategoriserast som særskilde tilfelle og vesentlege inngrep vil vere noko annleis i fartøyvernet enn for faste kulturminne.

1.1.1 Særskilt tilfelle

Fartøy vert brukt på andre måtar enn bygg og faste kulturminne. Regimet kring eit fartøy består av andre offentlege instansar og eit anna teknisk regelverk , og det vert stilt heilt andre krav til eigar og dei som er til stades (mannskapet).

Kva som er særskilde tilfelle i fartøyvernet må difor vurderast på bakgrunn av dette. Det kan til dømes vere at det vert stilt krav om røykdetektorar eller sløkkjeutstyr som teknisk bytte for å unngå endringar av materialbruk, arrangement eller anna som ikkje tilfredsstiller regelverket i dag.

1.1.2 Vesentlege inngrep

Prinsippet om vern gjennom bruk føreset at fartøya tilfredsstiller tekniske minimumskrav til styrke og vasstett integritet. For fartøy med sertifikat er det Sjøfartsdirektoratet som avgjer om dette er oppfylt i samband med fornying av sertifikata. Det kan då vere naudsynt å gjere omfattande fornying av skrogplater, hudplank eller dekksplank. Sjølv om dette i omfang kan vere eit vesentleg inngrep, så er det like fullt både ein naudsynt og vanleg del av livet til eit operativt fartøy.

Dei fleste fartøy er bygde med tanke på å vare i 25-30 år. Utskiftingar av delar på grunn av slitasje og forfall kan bli naudsynte fleire gonger i løpet av eit fartøy sitt normale liv. Slike utskiftingar  er  ein føresetnad for å kunne ta vare på fartøyet som kulturminne i eit lengre perspektiv. I fartøyvernet må vi difor forstå vesentlege inngrep som inngrep som ikkje kan forsvarast som ein naturleg del av slike naudsynte periodiske fornyingar.

2Bakgrunn for saka

Det sentrale antikvariske prinsippet i fartøyvernet kan oppsummerast som å vere dokumentert prosessautentisk vern. Vern gjennom bruk medfører at nedbrytingsprosessar på grunn av slitasje og klimapåverknad vil halde fram, og at ein difor må vedlikehalde og reparere fartøya kontinuerleg for oppretthalde styrke, vasstett integritet og tekniske system. For at fartøya likevel ikkje skal endrast bort frå den situasjonen som er lagt til grunn for vernet, må prosessane med vedlikehald og reparasjonar vere underlagte antikvariske retningsliner.

I praksis betyr dette at alle tiltak ut over normalt vedlikehald må dokumenterast, slik at ettertida får grunnlag til å revurdere våre tiltak og ha informasjon nok til eventuelt å kunne reversere inngrepa. Krav og vilkår ved dispensasjon frå freding må sjåast i ein slik samanheng.

Kravet om dokumentasjon er særleg sterkt for freda fartøy, der alle former for inngrep ut over normalt vedlikehald skal skje etter prosedyrar og vilkår som er nedfelte i fredingsføresegnene som er ein del av vedtaket om freding.

Kulturminne kan berre fredast slik dei er ved tidspunktet for freding. Vi kan med andre ord berre frede det fartøyet vi har, og ikkje til dømes frede fartøyet slik det var for 50 år sidan eller slik det vil bli når restaureringa er ferdig ti år fram i tid.

Dette medfører at det også må søkjast dispensasjon for planlagde antikvariske tiltak som det vert opna for i fredingsføresegnene og/eller som er i tråd med intensjonen med fredinga. Dette inkluderer eventuelle tilbakeføringar til tidlegare utsjånad med utgangspunkt i tilstrekkeleg dokumentasjonsunderlag. Dette prinsippet skal sikre at alle endringar på freda fartøy vert dokumenterte på tilstrekkeleg vis ut frå krava til vitskapleg etterprøving av resultat. Dette prinsippet er grunnleggjande for det antikvariske fartøyvernet som fag, og alle dokument i dispensasjonssaka må difor utformast med tanke på slik etterprøving.

For fartøy gjeld ikkje same prinsipp som for bilar og luftfartøy, der ei typegodkjenning ikkje kan kallast attende og nye krav til konstruksjon om materialbruk ikkje får tilbakeverkande kraft. Dersom eit verna eller freda fartøy ikkje kan etterkome nye krav frå offentlege styresmakter, er hovudprinsippet at det skal finnast avbøtande tiltak som kan gje tilsvarande samla tryggleiksnivå. Dette kan vere reduksjon av passasjertalet, kva bølgjehøgd og årstid fartøyet kan opererast i eller krav knytt til mannskapet.

Ved freding av fartøy vert det alltid presisert at fredinga ikkje skal vere til hinder for vidare drift av fartøyet. Dersom det oppstår ein situasjon der det ikkje synest mogleg å drive fartøyet utan å gjere endringar, så må det difor likevel finnast ein forsvarleg veg vidare. Slike saker stiller difor krav til forvaltinga sin antikvariske og skipstekniske kompetanse.

3Søknad om dispensasjon

Eigar av eit freda fartøy skal sende søknad om dispensasjon frå fredinga for alt som ikkje inngår i vanleg vedlikehald av fartøya. Slike endringar vil som regel falle inn under ein av følgjande kategoriar:

1.      Normal forfall og slitasje

a.      Delar av fartøyet sin konstruksjon som må skiftast ut fordi dei ikkje lenger har naudsynt styrke eller vasstett integritet.

b.      Delar av fartøyet sitt framdriftsmaskineri eller tekniske system som må skiftast ut på grunn av slitasje eller teknisk havari. I sjeldne tilfelle gjeld dette heile maskina eller systemet. Slitedelar som skal bytast med faste intervall treng det ikkje søkjast om.

c.       Innreiing, utstyr og andre delar av fartøyet har forfalle til ein tilstand der normal funksjon eller utsjånad ikkje kan oppretthaldast.

2.      Antikvariske tiltak

a.      Endringar som inngår som del av tilbakeføring av fartøyet til ein tidlegare situasjon.

b.      Endringar som inngår som del av komplettering av fartøyet, der til dømes delar, utstyr eller reiskap skal tilbakeførast til fartøyet.

3.      Pålegg frå andre offentlege etatar

a.      Endring av utføring og/eller materialbruk som resultat av pålegg frå offentlege etatar, som til dømes Sjøfartsdirektoratet, Mattilsynet og DSB («El-tilsynet»).

b.      Installasjon av nye tekniske system eller utstyr som resultat av pålegg frå offentlege etatar , som til dømes Sjøfartsdirektoratet, Mattilsynet og DSB («El-tilsynet).

4.      Driftsrelaterte ynskje frå eigar

a.      Endringar som fartøyeigar ynskjer utført for å lette tekniske drift eller manøvrering av fartøyet

b.      Endringar som fartøyeigar ynskjer utført relatert til tilrettelegging for passasjerar, gods og liknande.

Dersom fartøyeigaren vert pålagt eller ynskjer å gjere endringar på fartøyet ut over normalt vedlikehald skal han sende søknad om dispensasjon frå fredinga til den rette offentlege styresmakta. Arbeid på fartøyet må ikkje ta til før det ligg føre skriftleg dispensasjon.

Ein søknad om dispensasjon frå fredinga skal innehalde følgjande punkt:

1.      Kva som ynskjast utført?

Skildring av tiltaket som det vert søkt om.

2.      Kvifor eigar ynskjer at tiltaket skal utførast?

Det må her gå klårt fram om tiltaket er initiert som følgje av pålegg frå andre offentlege etatar, og kopi av brev med pålegg skal då leggjast ved. Ved tiltak som eigar har initiert skal det skrivast ei grunngjeving for tiltaket. Det skal leggjast ved foto av området som søknaden om dispensasjon gjeld.

3.      Korleis utføringa av tiltaket er tenkt?

Tiltaket må her skildrast slik at dispensasjonsgjevar får eit godt inntrykk av omfang og utføring. Dispensasjonsinstansen kan krevje at det vert sendt inn teikning. Dersom eigar ikkje sjølv har kompetanse til å utforme dette for komplekse tiltak må han ta kontakt med kvalifiserte folk.

4.      Konsekvensar av tiltaket.

Dersom tiltaket har konsekvensar for stabilitet, branntryggleik, rømmingsvegar eller andre tilhøve som vedkjem Sjøfartsdirektoratet si godkjenning av fartøyet, skal dette framkome gjennom ein konsekvensanalyse.

4Handsaming av søknad om dispensasjon

Når søknaden om dispensasjon frå freding av fartøy er motteken, skal sakshandsamar hjå dispensasjonsinstansen setje seg inn i fartøyet si tekniske historie som bakgrunn for å kunne vurdere tiltaket.

Her følgjer eit oversyn over vurderingane sakshandsamar må gjere for kvart av punkta 1 til 4 nemnt under kapitel 3.

1.      Normal forfall og slitasje

a)      Delar av fartøyet sin konstruksjon som må skiftast ut fordi dei ikkje lenger har naudsynt styrke eller vasstett integritet.

Sakshandsamar skal kontrollere at dette er rett, til dømes ut frå ei vedlagt påleggsliste frå klasseinstitusjonen som skriv ut fartøyet sine sertifikat.

b)      Delar av fartøyet sitt framdriftsmaskineri eller tekniske system som må skiftast ut på grunn av slitasje eller teknisk havari. I sjeldne tilfelle gjeld dette heile maskina eller systemet.

Sakshandsamar skal kontrollere at dette er rett, til dømes ut frå skriftleg vurdering frå teknisk sakyndig/firma. Ein må likevel hugse på at ein hjå vanlege kommersielle verkstader har langt lågare terskel for å skifte ut og oppgradere komponentar enn det som er ynskjeleg ut frå omsynet til prinsippa i vernearbeidet.

Det må difor undersøkast om ei tilrådd utskifting i staden for reparasjon skuldast tekniske eller økonomiske omsyn. Dersom det syner seg mogleg å reparere originale delar til fortsett trygg drift vil dette vere det beste alternativet ut frå antikvariske omsyn.

Prinsippet skal elles nyttast med varsemd. Ein bør ikkje krevje kostbar reparasjon av ein masseprodusert maskindel når det er god tilgang på rimelegare nye identiske og delar.

Dette prinsippet gjeld ikkje slitedelar og komponentar med avgrensa levetid, som ofte skal skiftast etter visse intervall eller nivå av slitasje. Dette reknast som normalt vedlikehald og er ikkje søknadspliktig. Skifte av slikt vil også normalt bli notert i maskinloggen.

c)      Innreiing, utstyr og andre delar av fartøyet har forfalle til ein tilstand der normal funksjon eller utsjånad ikkje kan oppretthaldast.

Sakshandsamaren skal kontrollere at dette er rett. Vurderinga må i et visst mun byggje på skjøn, både når det gjeld det visuelle og funksjonen til dei delane av fartøyet som ikkje er omfatta av klåre reglar og krav. Dette stiller krav til sakshandsamar si innsikt i dei ulike kategoriane historiske fartøy, og krav til kunnskap om dei antikvariske utfordringane som må løysast.

2.      Antikvariske tiltak

a)      Endringar som inngår som del av tilbakeføring og/eller restaurering av fartøyet.

b)      Endringar som inngår som del av komplettering av fartøyet, der til dømes delar, utstyr eller reiskap skal tilbakeførast til fartøyet

Opning for endringar i form av tilbakeføring av (i regelen berre delar) av skipet kan vere teke med i fredingsføresegnene. Her kan det også vere lista opp kva delar av fartøyet dette gjeld og/eller kva periode i fartøyet sitt liv som er lagt til grunn for fredinga og det langsiktige vernearbeidet. Dersom det omsøkte tiltaket er i tråd med dette, kan det innvilgast dispensasjon frå fredinga.

3.      Pålegg frå andre offentlege etatar

a)      Endring av utføring og/eller materialbruk som resultat av pålegg frå offentlege etatar Til dømes Sjøfartsdirektoratet, Mattilsynet og DSB («El-tilsynet»)

Ved slike pålegg skal sakshandsamar sjå om regelverket opnar for å søkje om dispensasjon frå pålegget. Dersom dette er mogleg, men eigar ikkje har søkt, skal vidare handsaming av søknad om dispensasjon frå fredinga vente til eigar har søkt, og resultatet av søknad om dispensasjon frå pålegget ligg føre.

Dersom det ikkje vert gjeve dispensasjon frå pålegg skal sakshandsamar be eigar om å greie ut om det er andre måtar å etterkome pålegget på utan å endre utføring eller materialbruk, eventuelt om endringa kan gjerast mindre omfattande. Endringar som inkludere fjerning av, eller inngrep i, fartøyet sine konstruksjonar eller innreiing kan berre aksepterast som ein siste utveg dersom anna ikkje er mogleg.

Dersom eigar ikkje har kompetanse eller resursar til dette, bør forvaltinga tre støttande til, til dømes ved å ta kontakt med Riksantikvaren om bruk av ressursar hjå fartøyvernsentra eller for å ha ein dialog med andre direktorat. Sistnemnde er særleg viktig i saker av prinsipiell art, som til dømes avklaring av korleis reglar og forskrifter skal tolkast.

Ved saker av prinsipiell art, som til dømes avklaring av korleis reglar og forskrifter skal tolkast, eller der det av verneomsyn er ynskjeleg å få endra desse, skal det takast kontakt med Riksantikvaren.

b)      Installasjon av nye tekniske system eller utstyr som resultat av pålegg frå offentlege etatar, som til dømes Sjøfartsdirektoratet, Mattilsynet og DSB («El-tilsynet»)

Her gjeld same prinsipp som ved pålegg om endring av utføring og materialbruk, ved at eigar skal søkje om dispensasjon frå pålegget før søknaden om dispensasjon frå fredinga vert handsama.

4.      Driftsrelaterte ynskje frå eigar

a)      Endringar som fartøyeigar ynskjer utført for å lette teknisk drift eller manøvrering av fartøyet

Omsynet til antikvariske prinsipp i fartøyvernet tilseier at det må vere høg terskel for å imøtekome søknader om dispensasjon på dette grunnlaget. Mindre og reversible tilføyingar kan vurderast dersom nytten av desse er tilstrekkeleg stor og kan betre fartøyet si inntening til eige vedlikehald.

Endringar som inkluderer demontering/fjerning eller andre inngrep i fartøyet sine konstruksjonar eller innreiing, kan i regelen berre aksepterast som siste utveg ved pålegg frå andre offentlege styresmakter (sjå 2.3. punkt 3 a og b over).

b)      Endringar som fartøyeigar ynskjer utført relatert til tilrettelegging for passasjerar, gods og liknande.

Tilnærming og vurdering vert her som for punktet over.

5Dispansasjonsbrevet

Av omsyn til krava til vitskapleg etterprøving av resultat skal det av dispensasjonsbrevet klårt gå fram kva det vert gjeve dispensasjon til, kvifor dispensasjon vert gjeve, korleis tiltaket skal utførast og kva krav som elles vert stilte.

Dispensasjonsbrevet skal innehalde følgjande:

1.      Overskrift der fartøyet, lovgrunnlaget og kva saka gjeld kjem fram.

Til dømes:

LESB – M/S Rogaland – Restaurering av dekksareal 209 – kml § 15a, 3. ledd – vedtak om dispensasjon frå fredingsføresegnene

2.      Ansvarleg søkjar.

Dette vil i regelen vere den juridiske eigaren av fartøyet som står oppført i Skipsregisteret.

3.      Oversyn over omsøkte tiltak.

Dette oversynet kan med fordel presenterast i tabellform, til dømes slik:

4.      Heimel for fredinga og fredingsmynde.

Her vert det opplyst om dato og lovheimel for fredingsvedtaket.

5.      Vedtak frå dispensasjonsinstansen.

Vedtaket kan vere eit avslag eller ei dispensasjon på visse vilkår. Det vert som regel sett to typar vilkår: Dei spesielle, som er knytte til dei einskilde konkrete punkta som vert imøtekomne, og dei generelle, knytt til prinsipp for arbeid på freda skip. Dei generelle vilkåra kan vere som følgjer:

Dispensasjonen er gjeven på følgjande vilkår:

    • (dispensasjonsinstansen) skal umedelbart varslast dersom det kjem fram spor under arbeidet eller anna ny kunnskap som kan endre den oppfatninga av situasjonen i som er lagt til grunn for vedtaket i dette brevet.
    • Etter ferdigstilling av arbeida skal det sendast inn dokumentasjon i form av skriftleg framstilling  med foto til (dispensasjonsinstansen).
    • Dispensasjonen gjeld i 3 – tre – år frå vedtaket er motteke. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført innan tre år må det eventuelt sendast inn ny søknad.

Dersom vedtaket omfattar løyve til å demontere historisk utstyr eller delar, kan det stillast krav om sikker lagring av desse som vilkår for dispensasjonen.

6.      Grunngjeving for vedtaket.

Det skal skrivast ei grunngjeving som fortel kvifor søknaden om dispensasjon er avslegen eller innvilga. Sakshandsamaren skal argumentere med utgangspunkt i dei antikvariske prinsippa og retningslinene i fartøyvernet (sjå til dømes .) og utforme denne i tråd med omsynet til vitskapleg etterprøving av resultata.

7.      Høve til å klage.

Det skal opplysast om klagefrist, lovheimelen for klage, klageinstans og prosedyre.

6Handsaming av klager

I regelen vil ei innvilging vere noko annleis eller mindre omfattande enn det som går fram av søknaden, og det vil vere knytt vilkår til innvilginga. Det kan difor kome klage på både avslag og innvilging.

Klagen skal sendast til dispensasjonsinstansen som skal sjå om det er grunnlag for å gjere om vedtaket.

Dersom det ikkje er grunn til å gjere om vedtaket skal dispensasjonsinstansen sende klagen vidare til handsaming hjå klageinstansen saman med dispensasjonsinstansen si vurdering av saka. Brevet frå dispensasjonsinstansen sendast med kopi til klagar som skal ha høve til å kommentere framstillinga. Ein eventuell ny merknad frå klagar skal sendast til klageinstansen med kopi til dispensasjonsinstansen.