r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i september

Ein krum bit av krafthistoria

Zakariasdammen er eit mektig syn. Foto: Vidar Iversen (CC BY-SA), via Wikimedia Commons

Skriv

Den 95 meter høge dammen ved Zakariasvatnet i Tafjord er månadens kulturminne.

For 50 år sidan, den 12. juli 1967, vart den første betongen slept ned i det som skulle bli Nord-Europas høgaste dam i sitt slag då han sto ferdig året etter. 

Kulturminne i populært turområde

Zakariasvatn er eitt av til saman 227 verneverdige anlegg med høg kulturminneverdi som er utvalgt av Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Zakariasdammen er i dag eit populært turmål i eit spektakulært landskap. Det går veg heilt opp til dammen, og det er mogeleg å gå over sjølve dammen, om ein ikkje er redd for høgder.

Landskapsvernområdet Tafjorden-Reindalen vart etablert i 2006, og ligg nordøst for Zakariasvatn. Ei av dei mest besøkte turisthyttene i området ligg på Reindalsseter, om lag tre kilometer øst for vatnet.

Ei hundreårig historie

Tafjord Kraftselskap vart etablert i 1917, av 13 kommunar i Sunnmøre og Romsdal. Det vart etter kvart bygd ut fleire kraftstasjonar for å utnytte dei store vasskraftressursane i Tafjord-vassdraget. Den eldste kraftstasjonen, Tafjord 1, er i dag kraftverkmuseum. Zakariasdammen er ein del av anlegget Tafjord 4.

Ein krevjande byggjeplass, her frå arbeidet i juni 1968. Foto: Paul A. Røstad/DEXTRA Photo (CC BY)

Ein krevjande konstruksjon

Området kring Tafjorden og Tafjordfjellet var krevjande å byggje ut for kraftproduksjon. Med bratte fjellsider og tronge dalar var det mange utfordringar knytta til transport og anleggsarbeid.

Dammen vart konstruert av den norske ingeniøren Chr. F. Grøner, og er ein bogedam i betong med dobbel krumming. Det vil seie at han er krum både i lengderetningen og i høgderetningen, slik at kreftene frå vatnet forplantar seg i fjellet på sidene og i botnen.

Anlegget fekk i 1976 æresprisen «Betongtavlen», som blir delt ut av Norske Arkitekters Landsforbund og Norsk Betongforening.

Fjellgardane måtte vike

I området innafor der dammen skulle byggjast var det fleire fjellgardar i liene ned mot vatnet. Desse måtte vike då dammen sto ferdig og vatnet steig. I filmopptak gjort før og under bygginga får vi eit glimt av desse bygningane, og i periodar med låg vasstand i det oppdemma vatnet er ein del av tuftene synlege.

Flyfoto som viser området rundt Zakariasvatn. Foto: Kartverket, www.norgeibilder.no

Kjelder og meir informasjon:

Zachariasvatn, NVEs utvalgte kulturminner

Historia om Tafjord kraftselskap, www.tafjord.no

«Se byggingen av Zakariasdammen» , Sunnmørsposten (filmklipp)

Meir om Zakariasvatn i Kulturminnesøk

Turisthytta Reindalseter på ut.no