r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2017?

Det var Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager som fekk Riksantikvarens kulturminnepris i 2016. Heilt sidan 1960-talet har dei brukt både tid og pengar på å sikre jernbanehistorisk materiell for ettertida. Foto: Bjørn Gunnar Kværne

Skriv

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2017.

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 25 000 kroner.

Nominasjonsfristen er 30. juni 2017.

Her finn du meir informasjon om prisen og nominasjonsskjema.

Tidlegare vinnarar

2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager

2015: Else «Sprossa» Rønnevig

2014: Hjerleid skole og håndverkssenter

2013: Johannes Rørtveit

2012: Geirr Vetti