Fartøy

Det statlege ansvaret og engasjementet for fartøyvernet er først og fremst å ta vare på eit utval fartøy som er representative for den norske, maritime kulturarven.

Båten Ekar ved kai. Foto: Riksantikvaren
«Ekar» vart teken hand om i siste liten av nokre ivrige fartøysentusiastar, og skuta er ein fin representant for desse arbeidshestane som det var svært mange av langsetter norskekysten for berre nokre tiår sidan. Foto: Eivind Lande©Riksantikvaren.

Det blir særleg lagt vekt på den kronologiske, tekniske og funksjonelle breidda i utvalet. Dessutan skal fartøy frå heile kysten vere representerte.

Riksantikvaren gir økonomiske tilskot til antikvarisk istandsettjing og vedlikehald av verneverdige fartøy.  Riksantikvaren kan òg frede fartøy eller gi fartøy ein formell status som «verna skip».

Det er omlag 230 eldre fartøy som har vernestatus gjennom frivillige avtalar med Riksantikvaren. Seks fartøy er freda, og fire er varsla freda. Båtar som er eldre enn 50 år kan ikkje førast ut av landet utan løyve frå Riksantikvaren.

Fartøyvernet blir halde oppe av ein omfattande frivilleg innsats. Den frivillege verksemda er i stor grad retta mot drift og vedlikehald av fartøy som er i aktiv bruk.

Fartøyvernsentra

Det er viktig å sikre handverkskompetanse for å ta vare på fartøya. Dette blir mellom anna gjort frå tre nasjonale senter for fartøyvern: Hardanger fartøyvernsenter og Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum i Gratangen for bevaringsoppgåver knytt til fartøy av tre, og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand for arbeid med stålskip.

Sentra har som hovudoppgåve å utføre større oppdrag knytt til dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy, og å dokumentere og føre vidare viktige tradisjonar knytt til sjølve handverket.

Søknadsskjema - fartøyvern

For å søke om tilskot og/eller status som «verneverdig skip», må vedlagte skjema utfyllast.

Søknadsfristen for tilskot i 2012 var 15. januar
Last ned skjema - nynorsk (pdf)

Last ned skjema - bokmål (pdf)

 

Desse krava må vere oppfylde:

 

- Fartøyet må oppfylle Riksantikvaren sine vilkår for autentisitet og vere verneverdig

 

- Fartøyet skal vurderast opp mot kravet for representativitet

 

- Fartøyet skal ha ei lokal forankring og vere offentleg tilgjengeleg

 

- Fartøyet skal ha allmenn interesse

 

- Fartøyet skal ha ein bærekraftig organisasjon rundt seg, (lag, forening etc.)

 

- Fartøyet skal ha ei realistisk økonomisk muligheit til å bli istandsett

 Les meir om vernestatus her.

Faktaark

Fartøyvernsentrenes Fellesråd utarbeider faktaark som omhandler vedlikehold av eldre båter og fartøy. Disse er gjort tilgjengelige i www.delebanken.no 

Last ned faktaarkene her