r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Jugendhus i Bergen freda av Riksantikvaren

Kong Oscars gate 70 i Bergen. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Skriv

Kong Oscars gate 70 er eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på eit bygardsanlegg i jugendstil.

Kong Oscars gate 70 er ein liten bygard frå 1910 i ytterkanten av den tettbygde delen av Bergen sentrum. Arkitekten var Einar Oscar Schou. Eksteriøret er særs godt bevart, og hovudtrapperommet inne er òg lite endra. Etter ei omfattande rehabilitering er huset i god bygningsteknisk stand. Opphavleg romma huset to store bustader, i dag er det rehabilitert til seks bustader.

Jugendstil

Bygningen er eit markant verk i produksjonen til Einar Oscar Schou, ein av Noregs leiande arkitektar innanfor stilretninga jugendstil eller art nouveau. Jugendstilen var ein nyskapande retning innanfor arkitekturen i byrjinga av 1900-tallet, både i Noreg og internasjonalt.

Fredingssaka er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune.