r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Reformasjonen 500 år

Reformasjonen og dei norske kyrkjebygga

Gimmestad gamle kyrkje i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane frå 1692 er eit godt eksempel på eit etter-reformatorisk kyrkjerom. Kyrkjerommet er lavlofta og gjennomlyst og har innelukka kyrkjebenkar med snikkararbeid, preikestol med full oversikt over kyrkjerommet, innsyn til kor og altar frå skipet, katekismetavle og malt dekor på veggar og himling. Foto: Oddbjørn Sørmoen

Skriv

I 2017 vert 500-årsjubileet for reformasjonen feira i land over heile verda. Reformasjonen førte til ei religiøs og politisk omvelting i Europa, som etter kvart også fekk konsekvensar for dei norske kyrkjebygga. 

31. oktober 1517 slo den tyske teologen Martin Luther opp 95 tesar om avlatshandelen på kyrkjedøra i byen Wittenberg. Denne hendinga blir ofte rekna som den utløysande årsaka til reformasjonen, som var eit oppgjer med den romersk-katolske kyrkja. Oppgjeret førte til at den kristne fellesskapen i vest blei splitta i to: i den romersk-katolske og den protestantiske.

Luther sine tankar

Luther ønskte ikkje å grunnleggje ei ny kyrkje, men å reformere den gamle. Han ville gi religionen tilbake til folket ved å gjere den meir open og tilgjengeleg. I gudstenesta skulle det bli lagt betre til rette for undervisning og forkynning gjennom salmesong, skriftlesing, konfirmasjon og preike, med Bibelen og Ordet i sentrum. Dette innebar ikkje berre ei endring av synet på trua og forholdet mellom presteskapet og lekfolk, men fekk også politiske konsekvensar.

Ulike retningar i ulike land

Reformasjonen spreidde seg til mange land, men gjekk i ulike retningar og skapte forskjellige kyrkjesamfunn i dei ulike landa. Medan det var den evangelisk-lutherske reformasjonen som blei innført i Norden, oppstod det reformerte kyrkjer som tok utgangspunkt i læra til franskmannen Jean Calvin i blant anna Skottland, Sveits, Nederlandene og Frankrike.

Bortsett frå i Bergen og i enkelte andre bymiljø fanst det ikkje folkelege reformasjonsrørsler i Noreg, slik ein hadde vore vitne til i andre europeiske land. Reformasjonen kom med andre ord ovanfrå, og vart på mange måtar innført som eit kupp av Christian 3. i Danmark-Noreg i 1536/37.

Dermed vart den katolske kyrkja, dei katolske biskopane og paven skyvd til side og erstatta med den evangelisk-lutherske lære, superintendentar (tilsynsmenn) og kongen som øvste leiar også her i landet. Dette bidrog til ei svekka politisk stilling for Noreg ettersom erkebiskopen og setet hans i Trondheim hadde representert ei motmakt mot Danmark og København, og ein rest av norsk sjølvstende, før reformasjonen.

Med innføringa av reformasjonen vart klostervesenet oppheva. Det førte til at klosterkyrkjene forfall og etter kvart vart ruinar, eller at dei vart omdefinerte til vanlege kyrkjer. Dette biletet viser ruinene til klosteranlegget på Hovedøya i Oslo. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Eit langsamt tradisjonsbrot

Reformasjonen førte likevel ikkje til eit raskt og markant brot i Noreg. I praksis levde tradisjonane frå katolsk tid vidare inn i etter-reformatorisk tid, før dei nye tradisjonane for alvor vann innpass på 1600-talet.

Dei gamle kyrkjene frå mellomalderen vart som regel brukte så lengje som mogleg. Ofte vart dei tilpassa noko til den nye tida, for eksempel ved at sidealtar og heilage skulpturar vart fjerna og preikestol og benkar innført. Det var også vanskeleg å få tak i evangeliske prestar. Mange stadar heldt derfor dei katolske prestane fram som før i den første tida etter at reformasjonen formelt sett var innført i Danmark-Noreg. 

Vekst i befolkning og kyrkjebygging

Dei fleste kyrkjene i Noreg frå den første tida etter reformasjonen er lafta tømmerkyrkjer med rektangulært skip og smalare kor, som for eksempel Gaupne gamle kyrkje i Luster kommune i Sogn og Fjordane frå midten av 1600-talet. Foto: Hans Olav Stegarud, Riksantikvaren

Det tok lang tid før Noreg kom på fote igjen etter å ha mista om lag halvparten av befolkninga i svartedauden og andre pestepidemiar på midten av 1300-talet og seinare. Ei lang rekkje kyrkjestadar vart også lagt ned i denne perioden. Veksten i befolkninga, og dermed også kyrkjebygginga, tok først fart på 1600-talet.

Utforminga av dei mange kyrkjene som no vart bygde over heile landet var prega av dei nye behova, der kyrkja i større grad enn tidlegare skulle vere eit rom for undervisning og forkynning.

Eit endra kyrkjerom

Med reformasjonen vart gudstenestene mykje lengre enn før. Nokre prestar kunne halde tilsynelatande endelause preiker som varte i fleire timar. Det var kanskje ikkje rart at det kunne bli uroleg i kyrkjene eller at mange sovna under preika. For å få ein slutt på problemet med taletrengde prestar, vart det innført eit påbod om at preika ikkje skulle vare i meir enn éin time. Heldt presten på lenger, kunne han få bot. På preikestolen skulle det vere eit timeglas slik at ein kunne kontrollere tida.

Preikestolen fekk ei sentral rolle i kyrkjerommet etter reformasjonen. Ofte var dei pryda med bibelord og evangelistar eller evangelistsymbol, anten som skulpturar eller måleri. Denne preikestolen er frå Kvikne kyrkje i Tynset kommune i Hedmark, og stod truleg klar da kyrkja vart innvigd i 1654. Foto: Iver Schonhowd, Riksantikvaren

Med dei lange gudstenestene kunne ikkje kyrkjelyden stå i kyrkjerommet, slik det hadde vore vanleg i mellomalderen. Det vart altså behov for sitjeplassar til alle, ikkje berre til dei som var gamle eller sjuke, og over heile landet vart kyrkjene fylte opp med benkar. Dette kravde plass i kyrkjerommet, og førte saman med befolkningsveksten til eit behov for større kyrkjer. For å få plass til fleire, fekk mange kyrkjer også galleri. 

Med reformasjonen vart preikestolen eit viktigare liturgisk «møbel» i kyrkjerommet enn altaret. Dei var ofte firkanta eller mangekanta, og løfta opp frå kyrkjegolvet slik at presten og kyrkjelyden skulle sjå og høyre betre. For at presten skulle kunne lese frå preikestolen og kyrkjelyden lese i salmeboka, vart det også behov for meir lys. Etter reformasjonen fekk derfor fleire kyrkjer større vindauge, noko som var særs kostbart.

På mange måtar vart det eit auka fokus på komfort i det nye kyrkjerommet, både med tanke på lys, lyd, varme og ikkje minst at heile kyrkjelyden fekk sitje. 

Nye grunnplanar

Utover på 1600-talet vart krosskyrkjene meir og meir vanlege. Ringebu stavkyrkje i Oppland vart bygd om til krosskyrkje på denne tida. Foto: Ingeborg Magerøy, Riksantikvaren

Nesten alle kyrkjene som vart bygde i starten av 1600-talet fekk den tradisjonelle forma med rektangulært skip og smalare kor. Den vanlegaste planforma frå mellomalderen, både når det gjeld stavkyrkjer og steinkyrkjer, vart altså ført vidare inn i den nye tida.

Utover på 1600-talet vart fleire og fleire kyrkjer bygde som krosskyrkjer. Mange kyrkjer vart også utvida og fekk krossplan. I tillegg kom to nye kyrkjetypar etter reformasjonen: åttekanta kyrkjer og Y-kyrkja. Medan det også vart bygd åttekantkyrkjer i ulike variantar i andre delar av Europa, er Y-kyrkja ein meir særnorsk variant. Talet på Y-kyrkjer og åttekantkyrkjer som vart bygde i Noreg er likevel veldig lågt samanlikna med andre kyrkjetypar.

Eksperimentering med grunnplanen til kyrkjene handla blant anna om behovet for at kyrkjerommet skulle romme fleire, innsynet til koret og forholdet mellom presten og kyrkjelyden.

Usemje om bruk av bilete frå katolsk tid

Sjølv om reformatorane var kritiske til den katolske bruken av bilete, var dei ikkje samde om kva dei skulle gjere med biletkunsten frå mellomalderen. Medan dei såkalla ikonoklastane meinte at ein måtte øydeleggje og kaste kunsten ut av kyrkjerommet, var Luther av ei anna meining. Bileta kunne vere til god hjelp for kyrkjelyden ved å gjere teksten enklare å forstå og hugse. Så sant bileta ikkje blei brukt på gale vis, for eksempel til avgudsdyrking, meinte Luther at det ikkje var nødvendig å øydeleggje dei.

Den eldste katekismetavla i Noreg vart laga i 1589, og står i Gaupne gamle kyrkje. Øvst på tavla er våpenskjoldet til kongen, som vart den øvste leiaren for kyrkja etter reformasjonen. Foto: Jiri Havran

Ein arv frå den kritiske haldninga til bileta finn vi i katekismetavlene frå slutten av 1500-talet. Dette er altartavler som berre har tekst og ingen bilete. Etter kvart vart det likevel vanleg med altartavler med ein kombinasjon av tekst og bilete, og det finst få eksempel på reine katekismetavler frå 1600-talet. 

Mykje av kyrkjekunsten frå mellomalderen vart også med inn i den nye tida. Kva som til slutt hende med biletkunsten, ser i mange tilfelle ut til å vere personavhengig. Situasjonen i eitt prestegjeld kunne vere ein heilt annan i eit anna. Som kunsthistorikar Sigrid Christie skriv i boka Den lutherske ikonografi i Norge inntil 1800, er det mogleg at det har vore eit for stort fokus på kva konsekvensar reformasjonen fekk for kyrkjekunsten:

«Det er et spørsmål om ikke den billedfiendtlighet som man har tillagt reformasjonstiden, mer bygger på enkelttilfeller enn på generelt grunnlag, og at den først gjorde seg gjeldende for alvor på et langt senere tidspunkt i vår kirkes historie».

Likevel peiker Christie også på at ei meir likegyldig haldning til bileta gjorde at reformasjonen på lang sikt vart skjebnesvanger for kyrkjekunsten frå mellomalderen. 

Dette altarskapet i Leka kyrkje i Nord-Trøndelag er ein del av den såkalla Lekagruppen, som er fem altarskap som truleg kom frå Utrecht i Nederland til Noreg tidleg på 1500-talet. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren

Det er i det heile tatt mange usikre moment når det gjeld kva direkte konsekvensar reformasjonen fekk for dei norske kyrkjene. Ettersom det ikkje var snakk om eit markant brot i 1536/37, må ein sjå endringane i eit lengre perspektiv der dei evangelisk-lutherske tradisjonane gradvis erstatta dei katolske. 

Artikkelen er skriven av Anja Heie, Riksantikvaren, og vart først publisert i Riksantikvarens magasin Alle tiders 2016.

Kjelder:

  • Christie, Håkon (1991). Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, årbok 1991. Oslo, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring 
  • Christie, Sigrid (1973). Den lutherske ikonografi i Norge inntil 1800. Norges kirker, bd. 1, utgitt av Riksantikvaren i serien Norske Minnesmerker. Oslo, Forlaget land og kirke
  • Kirkesøk
  • Kulturminnesøk
  • Reformasjonen 1517–2017. Reformasjonsbloggen til Universitetet i Oslo
  • Store norske leksikon
  • Storsletten, Ola (2008). Etter reformasjonen : 1600-tallet. I: Kirker i Norge, bd. 5. Oslo, ARFO
  • Sørmoen, Oddbjørn (2014). Norske kirker i 1814. I: De kom fra alle kanter – eidsvollsmennene og deres hus, Jørn Holme (red.). Oslo, Cappelen Damm