r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Riksantikvaren har freda Sjøholt hotell

Sjøholt hotell. Foto: Jorun Elisabet Aresvik Hals, Riksantikvaren

Skriv

Sjøholt hotell i Ørskog kommune er eit godt bevart døme på eit turisthotell i sveitserstil, oppført i 1903-1904.

–Sjøholt hotell er eit viktig kulturminne frå tidleg 1900-tal, og eit typisk sveitserstilhotell. Slike trehotell var vanlege før, men no har vi ikkje mange att i Noreg, seier riksantikvar Jørn Holme.

Sidan det vart etablert veg over Ørskogfjellet i 1835, vart Sjøholt ei gjennomfartsåre og naturleg stoppestad for trafikken gjennom Møre og Romsdal. Frå 1850-åra gjorde turismen seg gjeldande i heile fylket, og det vart stadig større behov for overnatting langs vegane.

Sjøholt hotell vart reist på rekordtid av Andreas Rasmussen, etter at det førre hotellet hans på staden brann ned. Byggetida skal ikkje ha vore meir enn tre månader, og det kan vere tale om eit ferdighusprodukt. Det ser ein ikkje minst på interiøret, som har same detaljering i alle tre etasjane.

Turiststad

Mykje tyder på at Sjøholt hotell var eit hotell for dei kondisjonerte klasser. Til motsetting frå andre liknande hotell, opererte ein her berre med ein takst, rekna på turistar. Andre stader gjaldt ofte ein lågare takst for lokale, og ein høgare for turistar. Keisar Wilhelm skal ha budd her, på veg til Sunnmøre.

Hotelldrifta og turismen i Sjøholt ga også grunnlag for fleire verksemder i området, mellom anna skyss av turistar over fjellet til Molde. I1924 kjøpte hotellet sin eigen T-Ford, som gjekk i trafikk på Ørskogfjellet.

1830-åra til 1930-åra var storleikstida til Sjøholt hotell. Etter 1930 kom ein reduksjon i kundegrunnlaget, og frå 1965 var det heilt slutt. Da hotellet og inventaret skulle leggast ut på auksjon i 1989, oppstod eit stor engasjement i bygda for å behalde Sjøholt hotell som landemerke og turistattraksjon. Hotellet er per i dag ikkje i bruk, men er bevart slik det sto på byrjinga av 1900-talet.

Sjøholt hotell hadde ein hage med ei rekke ulike blomster og vekstar. Det er i dag lite att av den opphavelege hagen. Noverande eigar har i 2015 arbeidd for å finne att dei ulike plantene, og få tilbakeført noko av preget til hagen.

Fredinga

Fredinga omfattar hotellet, hagen og uthus med løe. Fredingssaka er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune.