r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Tidlegare tobakksbutikk freda

I dag er det kafeen Kaffelade som held til i den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. i Olav Kyrres gate 1 i Bergen. Fasaden er ikkje freda. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren 

Skriv

Den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. i Olav Kyrres gate 1 i Bergen har eit sjeldsynt butikkinteriør frå mellomkrigstida. No er interiøret freda av Riksantikvaren.

Butikklokalet til den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. ligg i Olav Kyrres gate 1, som er det søraustlege hjørnet av kvartalet som i dag utgjer kjøpesenteret Galleriet i sentrum av Bergen. Interiøret er frå 1920-talet og godt bevart, og er i dag eit svært sjeldsynt døme på butikkarkitektur frå denne perioden.

Sidan 2004 har lokalet vore i bruk som kafé, og har framleis mesteparten av den opphavlege innreiinga frå 1920-talet i behald.

Godt bevart forrretningsinteriør frå mellomkrigstida. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Tobakksbutikken Reimers & Søns eftf.

Reimers & Søns eftf. var ei tradisjonsrik verksemd, grunnlagt i 1847 og i drift heilt til 2003.

Bygningen vart teikna av arkitektane Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø og oppført i 1927 som del av gjenreisinga etter bybrannen i 1916. Den fem etasjar høge bygningen vart reist med ei samanhengande rekkje butikklokale på gateplanet. Butikken rett nord for hovudinngangen mot Olav Kyrres gate husa tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. frå bygningen var ny.

Fredingssaka er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune.