r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne i 2017

Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark. Foto: Birger Lindstad / Riksantikvaren

Skriv

Riksantikvaren har fordelt årets tilskot til istandsetting og vedlikehald av utvalde tekniske og industrielle anlegg.

15 anlegg får støtte gjennom ein fast post i statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.

- Med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne ønskjer vi å bevare utvalde historiske anlegg for framtida. Målet er at alle dei 15 anlegga i bevaringsprogrammet skal ha eit normalt vedlikehaldsnivå innan 2020. Årets fordeling  er gjort med tanke på å nå dette målet, seier riksantikvar Jørn Holme.

I 2017 blir istandsettinga av Atlungstad Brenneri ferdigstilt, mens istandsettinga av Bredalsholmen verft, Rjukanbanen, Haldenkanalen og Odda smelteverk vidareførast.

I tillegg til dei 15 utvalde anlegga gir Riksantikvaren fagleg og økonomisk stønad til andre anlegg som dokumenterer norsk teknisk og industriell historie.

Riksantikvaren måtte gjere ei streng prioritering av kva for kulturminne og tiltak som får tilskot. For 2017 fekk vi inn søknader frå totalt 24 tekniske og industrielle kulturminne på til saman 143 millionar kroner. Riksantikvaren hadde rundt 56 millionar kroner til fordeling, som dekkjer om lag 40 % av den samla søknadssummen.

Les meir om bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne her

Oversikt tilskot, Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne, 2017:

Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark                 
4 758 919 kr

Bredalsholmen verft, Kristiansand, Vest-Agder             
3 521 946 kr

Fetsund lenser, Fet, Akershus                      
4 181 260  kr

Folldal gruver, Folldal, Hedmark                   
3 864 605 kr

Haldenkanalen, Halden, Aremark, Marker og Aurskog-Høland, i Østfold og Akershus                            
3 471 896 kr

Kistefos træsliberi, Jevnaker, Oppland                    
1 398 291 kr

Klevfos cellulose og papirfabrikk, Løten, Hedmark            
1 911 652 kr

Neptun sildoljefabrikk, Hadsel, Nordland                
3 187 218 kr

Næs jernverk, Tvedestrand, Aust-Agder                
1 739 394 kr

Odda smelteverk, Odda, Hordaland                    
6 188 244 kr
                
Rjukanbanen, Tinn, Telemark                        
9 206 520 kr

Salhus trikotagefabrik, Salhus, Bergen, Hordaland            
3 342 228 kr

Sjølingstad uldvarefabrik, Lindesnes, Vest-Agder            
3 558 137 kr

Spillum dampsag & høvleri, Namsos, Nord-Trøndelag            
2 564 379 kr

Tyssedal kraftstasjon, Odda, Hordaland                  
329 932 kr

Tilskot til andre anlegg, 2017:

Gamle Vossebanen, Bergen Hordaland                    
500 000 kr

Gloster Gladiator 423, Kjeller, Skedsmo, Akershus            
321 400 kr

Kamykokeren ved Pettersons fabrikker, Moss, Østfold            
150 000 kr

Nes gardssag, Kvam, Hordaland                    
100 000 kr

Sulitjelma gruver, Fauske, Nordland                    
232 980 kr

Thamshavnbanen, Orkdal, Sør-Trøndelag                
200 000 kr

Eventuelle førehandstilsegn for 2018 kjem i tillegg.