r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Agatunet - gamle hus tett i tett

Agatunet, flott skue over flotte tak. Foto Kjell Andresen / Riksantikvaren

Skriv

Ved å gå i det freda klyngjetunet på Aga får ein kjennskap til den vestnorske byggjeskikken frå mellomalderen og fram til i dag. 

Agatunet i Hardanger er eitt av få bevarte klyngjetun i Noreg. Her finn ein både løer, våningshus, eldhus, stabbur, røykstove og utedo. Bygningane er både lafta og grindebygg, måla og umåla – og dei fleste har karakteristiske helletekte tak. Bygningane ligg tett i tett, og dei vitnar om en kollektiv samfundsform med eldgammelt fellesskap i arbeidsliv og fest (frå fredningvedtaket i 1937).

Tunet  ligg på vestsida av Sørfjorden, 150 meter frå sjøen, og rett nedanfor ein bratt fjellknaus som gjev ly mot ras. Her har det budd folk sidan bronsealderen og fram til i dag - og her har dei budd trygt og godt. Det unike med dette klyngjetunet er kontakten mellom tunet, innmarka og fjorden – og at husa står der som dei alltid har stått.  

Eit fargerikt tun. Foto Fredrik Eriksen / Riksantikvaren

Agatunet på 1940 talet. Foto Halvor Vreim / Riksantikvaren

Utskifting

I 1907 var det ni sjølveigarar og 16 husmenn på garden, og det var ei husklynge på om lag 60 hus. I 1930-åra var det utskifting i tunet og partane gjekk saman om å berge mest mogleg av tunet. Omkring 30 bygningar vart igjen, og Stiftinga Agatunet vart skipa for å ta hand om desse bygningane. 

Agatunet i 1936. Foto Halvor Vreim / Riksantikvaren

Stormannsgard i mellomalderen

Både skriftlege kjelderog bygningane på garden syner at Agatunet var ein stormannsgard i mellomalderen. Sigurd Brynjulvson (død kring 1303) budde i tunet, og var lagmann, riddar og riksråd. Noko av det mest særmerkte  på tunet er Lagmannstova, ei stor røykstove som står på ein høg kjellar.

Eit lite stavbygd kapell stod på den andre delen av muren fram til 1811. Då kapellet og andre flotte mellomalderhus i tunet vart rivne i 1811 brukte ein opp att det same tømmeret i dei nye husa. Men Lagmannstova står framleis på same plassen, like stødig som før. Stova er flott utvendig, men det er først når du går inn at du skjønar kva praktbygg dette er med enorme tømmerstokkar og sjel i veggane.

Lagmannstova, eit majestetisk bygg med ei vikig historie. Foto: Fredrik Eriksen / Riksantikvaren

Freda i 1924 og 1937

Lagmannstova vart freda i 1924, resten av tunet vart freda i 1937.

I høve fredinga i 1937 skriv mellom anna Riksantikvaren dette:

Men det er likevel som helhet tunet har sin største interesse. Det er et levende minne ikke bare om et lite kultursamfunds historie gjennom 600 år, men om en hel samfundsform som holder på å gå inn i historien, en kollektiv samfundsform med eldgammelt fellesskap i arbeidsliv og fest. Og dette tun er det eneste av denne type som det kan være håp om at våre efterkommere kan få opleve.

Og det kan dei heldigvis. Agatunet er ope for publikum om sommaren. Då kan dei sjølve vandre rundt i det historiske tunet, ta og kjenne på tømmeret, smake på morellene og kanskje til og med drikke sider i frå spann.

 

På Agatunet finn ein bygg frå ulike tidsperioder. Og lite har endra seg dei siste 80 åra. Her frå 1975. Foto Gullik Kollandsrud / Riksantikvaren

Tunet - ein fin stad å vandre i. Bilete er frå før 1957. Foto: Jac Brun [Public domain], via Wikimedia Commons

Kjelder

Hardanger og Voss Museum sine nettsider

Om Agatunet på Kulturminnesøk

Askeladden, Riksantikvarens database