r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i april

Mektig og majestetisk

Heddal stavkyrkje. Foto: Hans Olav Stegarud, Riksantikvaren.

Skriv

Heddal stavkyrkje i Notodden kommune i Telemark har ein ruvande plass innanfor stavkyrkjefloraen.

Ikkje berre er det Noregs største stavkyrkje, 26 meter høg og 20 meter lang, men ho viser òg prinsippa til stavbygningskunsten på ein framifrå måte. Frå utsida er det eit storslått syn som møter ein: Tak over tak og mange spir, tårnhetter med kross på toppen og gavlspissar som er utsmykka med småe utskorne dragehovud. Ikkje ulikt dei ein finn i gotiske katedralar. Heile bygningen er sponkledd.

Svalgangen som omringar heile kyrkja har tre portalar skårne etter teikningar frå før den fyrste restaureringa på 1800-talet. Innanfor inn til sjølve kyrkja, finn ein fire portalar frå mellomalderen. Alle med rikt skurd som bølgjer med jamne sirkelslyng oppetter portalplankane. Også her går figurar fra dyreverda og mytiske dragehovud att som element på kapitela (øvste del av søylene, søylehovud).

Den rustikke tjærebreidde utsida står noko i kontrast til det fine fargesette interiøret på innsida. Veggane i skipet er gjennomdekorert med måla ranker og vekstornamentikk frå 1660-åra, i koret er apostlane måla i full kroppsstorleik og sjølve *stavane har imponerande dimensjonar. Ein bispestol med kraftfulle utskjeringar kronar det heile.

Stavkyrkja blir vanlegvis datert til 1200-talet og fungerar i dag som ei vanleg soknekyrkje.

Stavkyrkja innan kunsten

Heddal stavkyrkje vil for mange vere eit kroneksempel på korleis ei stavkyrkje «skal» sjå ut. Denne førestillinga om det arketypiske frå ei «svunnen» tid er kanskje difor ein av grunnane til at kyrkja har vore inspirasjonskjelde for kunstnarar. Til dømes Adolf Tidemand og hans bilete «Katekisasjon i en landsens kirke» fra 1847, eit bilete som i dag heng på Slottet. Kjende trekk frå Heddal stavkyrkje ser ein òg i stavkyrkja som er måla inn i landskapet i Tidemand og Gudes ikoniske bilete «Brudeferden i Hardanger».

Handverket

Dei siste åra har det vore eit omfattande istandsetjingsarbeid på Heddal stavkyrkje i samband med Riksantikvarens stavkyrkjeprogram. Handverkarane som bygde stavkyrkjene brukte få verkty, og fyrst og fremst øks. Sprett-teljing er ein teknikk som lagar eit jamnt, sirleg fiskebeinmønster etter øksehogga. I filmen «En god hånds verk – godt håndverk» kan ein sjå korleis handverkarane, som har arbeidd med stavkyrkja i dag, tek i bruk gamle teknikkar og verkty for å gjere resultatet av istandsetjinga mest mogleg autentisk.

Stavkyrkjene – bygningsarv frå mellomalderen

I tida då svartedauen herja her, på midten av 1300-talet, stod det omlag 1000 stavkyrkjer i Noreg. I dag er det berre 28 att her til lands. Dei fleste finn vi i den indre delen av Austlandet og i Sogn, ingen nord for Trondheim. Stavkyrkjene blir sett på som å vere av dei ypparste byggverka i tre som er skapt innanfor kulturområdet vårt. Dei er òg eineståande i europeisk samanheng.

Alle dei norske stavkyrkjene er freda, og Urnes stavkyrkje står på UNESCOs verdsarvliste. I 2001 starta Riksantikvaren eit systematisk arbeid med å setje i stand stavkyrkjene. Arbeidet blir ferdigstilt i 2015.

*Det er dei berande stavane i veggkonstruksjonen som har gjeve stavkyrkjene namnet. Stavane er plasserte i hjørna og ved andre viktige berande knutepunkt i bygningane.

Les meir om Heddal stavkyrkje på Kulturminnsøk

Litteratur med vidare tilvisingar:

Anker, L. & Havran J.: De norske stavkirkene (2005).
Anker, Peter: Stavkirkene, deres egenart og historie (1997)
Hohler, Erla B: Norwegian Stave Church Sculpture 1-2, (1999)