r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Sommar, sol og sjøbad

Sjøbadet på Hellesylt i Møre- og Romsdal er månadens kulturminne i juni. Foto: Linda Veiby, © Riksantikvaren

Skriv

Månadens kulturminne i juni er av det sommarlege slaget – nærmare bestemt eit sjøbad frå mellomkrigstida.

Sommaren er her, og kva fristar vel då meir enn å ta ein liten dukkert i fjorden? For innbyggjarar og turistar ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal ligg det godt til rette for å kjøle seg ned i fjorden på varme sommardagar – og på andre dagar dersom du er ein skikkeleg friskus.

Sjøbadet på Hellesylt har eit badehus med tolv omkledingsrom og ein om lag halvannan meter brei trepir. Piren fører frå stranda og ut til badehuset, og så vidare eit stykke ut i sjøen. Den ytterste delen av piren har tidlegare fungert som fundament for eit stupetårn. Stupetårnet er fjerna, men tidlegare har det nok blitt gjennomført mange flotte stup frå toppen av tårnet, som endte meir eller mindre elegant i det friske vatnet i Synnulvsfjorden.

Utanom stupetårnet er både eksteriør og interiør i hovudsak slik det var då det vart bygd i 1937, og sjøbadet på Hellesylt framstår i dag som eit av særs få autentiske sjøbad frå mellomkrigstida. At det vart oppført eit sjøbad like nordvest for ferjekaia inst i Sunnylvsfjorden i 1930-åra, var nok ikkje heilt tilfeldig. På denne tida var det eit sterkt fokus på god helse og fritid, og badehusa viser viktige sider ved både helse- og kulturhistorie frå mellomkrigstida i Noreg.

Les meir om sjøbadet på Hellesylt i Kulturminnesøk.

I Kulturminnesøk finn du ein oversikt over kulturminne i Noreg. Her kan du også registrere dine eigne kulturminne.

Kanskje det fristar med ein liten dukkert i fjorden? Foto: Linda Veiby © Riksantikvaren