r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Baroniet i Rosendal

Karen Mowat (1630-1675) og Ludvig Rosenkrantz (1628-1685) fekk garden Hatteberg i Rosendal i Kvinnherad kommune, som bryllaupsgåve i 1658. I den praktfulle Hardangernaturen bygde dei det vakre steinslottet på godset som fekk namnet Rosendal. Bygningane på eigedomen med hager, park og kulturlandskap er no freda.

Slottet i haustdrakt. Foto: Ingrid Djupedal, Riksantikvaren

Rosenkrantz-familien

Karen Mowat var einearving til den enorme samlinga av jordegods. Karen og Ludvig Rosenkrantz fekk heile ni born. Baroniet gjekk i arv til sønene Holger, Kristian og Fredrik, etter alder. Yngste sonen Axel (1670–1723) døydde som den femte og siste baronen til Rosendal frå denne familien.

Rosencrone-familien

Edvard Londemann af Rosencrone (1680-1749) kjøpte godset Rosendal i 1745. Han vart adla i 1748. Like før han døydde gjorde han Rosendal om til stamhus. Dette gjekk i arv til sonen Marcus Gerhard Rosencrone (1738–1811), som fekk stamhuset Rosendal omgjort til baroni.

Etter han døydde gjekk Rosendal i arv til søstersonen Christian Henrik Hoff (1768–1837) som hadde tittelen lensbaron Hoff-Rosencrone. Då lensbaronen døydde var det uklart kven som skulle arve Rosendal. Men ettersom det var eit stamhus, var Marcus Gerhard Hoff-Rosencrone (1823-1896) nærmaste arving. Han eigde og budde på stamhuset Rosendal i nesten 60 år. Han var ein dyktig godseigar som fekk stor betydning for landbruket i Hardanger. Han var dessutan ein høgt kultivert mann som også dreiv privat skule på Rosendal.

Broren Hermann Reinhold Hoff-Rosencrone (1829–1900) arva deretter Rosendal. Han var siste mann i slekta, og stamhuset vart deretter arva av søsterborna frå slekta Weis.

Gåve til Universitetet i Oslo

Dei gav i 1927 «Baroniet i Rosendal med slottet, Rosendal Avlsgård & Fruehus og kulturlandskapet mellom fjord, fonn, fjell og fossefall samt bygseltomter, skog og utmark» i gåve til Universitetet i Oslo. UiO oppretta stiftinga "Den Weis-Rosenkroneske stiftelse" som i dag driv og forvaltar anlegget som museum, gjennom eit eige styre.

Slottet

Slottet er bygd av kalka gråsteinsmur i to etasjar. Dei tre fløyene er samanbundne med ein høg steinmur som dannar eit kvadratisk indre gardsrom. I denne steinmuren er den vakre portalen som fører inn til slottet.

Rosendal slott, indre gård. Foto: Louise Brunborg-Næss, Riksantikvaren

Interiør og inventar

Slottet på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar, og utforma av ulike eigarar gjennom 250 år. Slottet er framleis bevart som den heimen det var i 1927. Dei staslegaste romma på slottet er på ulikt vis døme på det beste som kunne framskaffast av kunst- og kulturgjenstandar frå Danmark, Noreg, og Frankrike som var stilidealet på 1600-talet.

Statthaldarkammeret er det einaste fullstendig bevarte rom i Noreg frå 1600-talet. Rommet er kledd med unike, franske tekstiltapet frå 1660-åra. Spisesalen har porselen frå Meissen i Tyskland og stråmønster frå Kongelig Dansk Porselen. Begge mellom dei eldste av dette slaget som fins i Noreg.

Den Raude Sal er dekorert med måleri av dei beste norske nasjonalromantiske landskapsmålarane. Den Gule Sal er møblert med noko av det mest verdfulle empiremøblementet i landet, laga i Bergen.

Andre bygningar

Karen og Ludvig Rosenkrantz og eigarane i åra etter, arbeidde iherdig for å skaffe nok pengar frå drifta av godset. Det vart naudsynt med bygningar som kunne huse alle dei ulike oppgåvene godset etter kvart hadde, til både folk og fe.

Bustadhus og driftsbygninga som høyrer til Avlsgarden er bygde på midten av 1800-talet og har opne enger på begge sidene av alléen som fører opp mot slottet.

Fruehuset. Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren

Fruehuset, er eit kvitmåla bustadhus frå ca 1860 vart bygd for ei presteenkje og døtrene hennar. Sør for parken og ned mot elva ligg husmannsplassen Treo som har stove og løe under same tak.

Husmannsplassen Treo. Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren 

Hagar og park

På vestsida av slottet, og på ein terrase ligg renessansehagen som er anlagt samstundes som hovedhuset vart bygd. Han er inndelt i parterrer, ei geometrisk inndeling av hagen i mindre bed innramma av lave hekkar eller steinmur med gruslagte gangar mellom beda. Nord for renessansehagen ligg kjøkken- og urtehagen som vart oppretta på 1800-talet, og tilbakeført i 1998.

Paviljongen Paddetårnet. Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren

Mot sør ligg ein romantisk landskapspark. Den er bygd i fleire etappar i andre halvdelen av 1800-talet, med åpne plenar, mørk skog, svingete stiar, dammar og den mura paviljongen Paddetårnet, forma som eit lite, nygotisk tårn.

Kulturlandskapet

Kulturlandskapet omkring Baroniet Rosendal strekkjer seg i sør-austleg retning innover eit utmarksområde i Muradalen. Dalen går vidare tre-fire kilometer innover fjellområda mot Folgefonna. Dalføra i Rosendal og Muradalen er omkransa av høge fjell. Berggrunnen i sjølve dalbotnen er for det meste dekt av eit tjukt morenedekke.

Kulturlandskap med Hattebergfossen. Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren

Den åpne dalbotn har dalsider kledde med skog. Vegetasjonen er i stor grad brukt som slått og beite. Slåttengene er av ein kulturmarkstype som krev skjøtsel gjennom tradisjonell slåttengdrift. I den sørvestvendte lisida finn ein rik edellauvskog med meir varmekjære og næringskrevjande artar.

Dei mange husmannsplassane som vart oppretta på Hatteberg på 1800-talet hadde mykje å seie for bruken av utmarksområda. Klimaet i området er karakterisert ved mykje årsnedbør, milde vintrar og relativt kjølege somrar.

Landsverneplan for Kunnskapsdepartementet

Fredinga er begrunna i Landsverneplanen for Kunnskapsdepartementet frå 2011, der departementet sjølv har funne fram til og valt ut statlege bygg og anlegg innafor sitt ansvarsområde som er av nasjonal verdi, og som skal vernast for ettertida ved fredning.

Kjelder:
Norsk biografisk leksikon. Oslo
Baroniet i Rosendal sine nettsider
Margunn Eik: Kulturlandskap i Rosendal. Telemark distriktshøgskole, 1994