r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Krav til innhaldet i søknaden

Her finn du informasjon om kva søknaden om tilskot minimum må innehalde.

I. Opplysningar om søkjar:

  • namn, adresse, e-postadresse, eventuelt kontaktperson
  • telefonnummer
  • bankkontonummer 
  • eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret 
  • har søkjar ekstern revisor/rekneskapsførar
  • er søkjar mva-pliktig eller har han rett til mva-kompensasjon

II. Omtale av prosjektet/tiltaket:

  • namn eller adresse på kulturminnet ein søkjer tilskot til
  • tiltak som er planlagt utført
  • framdriftsplan 
  • beløp som det vert søkt om
  • korleis prosjektet/tiltaket er planlagt gjennomført, for eksempel bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats
  • referansar frå prosjektleiar og utførande handverkarar frå liknande oppdrag

III. Økonomisk omtale av prosjektet/tiltaket:

Utgifter spesifisert på:

  • løn inkludert feriepengar og arbeidsgjevaravgift
  • forbruksmateriell
  • reiser, transport, opphald
  • konsulenthjelp
  • andre utgifter (spesifisert)

Finansiering:

  • spesifiert oversikt over tilskot det er søkt om til prosjektet/tiltaket frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, kommunen, andre departement, direktorat, private tilskotsordningar eller andre finansieringskjelder
  • eigeninnsats

Det må vere samsvar mellom budsjettet og beløpet det blir søkt om. 

Søknaden må også gjere greie for om tiltaket, eller delar av tiltaket, kan gjennomførast ved eit mindre tilskot enn det er søkt om.

IV. Vedlegg til søknaden:

  • kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt og liknande
  • beskriving av tiltaket med teikningar og fotografi

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast særskilt.

Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må leiinga for organisasjonen/institusjonen fremje søknaden.

Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar eller liknande og ein organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.