r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til fartøy

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit utval fartøy.

Merk: Frå 2018 skal søknad om tilskot for fartøy i 2019 leverast digitalt, gjennom ein ny søknadsportal (Digisak). 

Klikk her for å søkje i DigiSak

Kontaktperson er Vemund Olstad: Vemund.Olstad@ra.no

Dette betyr at ein ikkje skal bruke det gamle søknadsskjemaet, men at ein nå vil registrere søknaden elektronisk. Den som søkjer vil foreta rapportering, anmodning om utbetaling, søknad om omdisponering osv. på same side. Dette vil mellom anna gje betre kunnskapsgrunnlag, betre beslutningar og auka likebehandling.

Søknadsfristen er forlenga til 15. november.

Målgruppe

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy som Riksantikvaren har gitt status som «verna skip».

Grunntilskotet til Norsk Forening for Fartøyvern blir gitt etter søknad frå foreininga.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til sikring, istandsetting og vedlikehald av fartøy.

Riksantikvaren kan også føreslå og prioritere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsområde.

Prioriteringar

  • freda fartøy
  • fartøy som det finst få av
  • tiltak som stansar ytterlegare forfall
  • viktige sikrings- og restaureringstiltak på fartøy som har allmenn interesse og offentleg tilgang
  • prosjekt med potensial for lokalt engasjement, og som har særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytt til fartøyet
  • prosjekt med økonomisk gjennomføringsvilje og -evne.

 

Vilkår

Før oppstart skal det utarbeidast ein plan for arbeidet med prioritering av tiltaka, slik at gjennomføringa blir så kostnadseffektiv som mogeleg.

Tiltaka skal utførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med andre retningslinjer frå Riksantikvaren.

Les meir om krava til innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Søknaden skal fyllast ut og sendast via DigiSak

Klikk her for å søkje i DigiSak

Søknadsfrist

Søknadsfristen er forlenga til 15. november.