r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tilskot til fartøyvernsentra

Målet med tilskotssordninga er å medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra opprettheld sin funksjon som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av freda og verna fartøy.

Målgruppe

Målgruppa er dei tre utvalde fartøyvernsentra:

  • Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen i Troms
  • Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund i Hordaland
  • Bredalsholmen Dokk- og Fartøyvernsenter ved Kristiansand i Vest-Agder

 

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotet skal primært medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid som går ut over det som normalt inngår som ein del av det vanlege verftsarbeidet, i samband med istandsetting av fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til.

Stillingane kan også utføre andre oppgåver knytt til relevant forsking, dokumentasjon og fagleg rådgiving.

Noko av tilskotet kan nyttast til investeringar i anlegga.

Vilkår

Les meir om krava til innhaldet i søknaden, rapportering og rekneskapen her.

Kor skal søknaden sendast?

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. januar.